Mange går ein økonomisk utfordrande vinter i møte.
Mat, straum og utgifter til bustad er alt blitt dyrare. Også for studentane.
Eit reknestykke utført av dosent Asgeir Solstad ved Nord Universitet, viser at studentane går i direkte minus økonomisk dersom dei ikkje jobbar i tillegg.
Er det mogleg å vere fulltidsstudent i dag?
– Teoretisk sett ja, i praksis nei, seier student Adrian Hanssen.
Stipendet må opp
Han studerer internasjonal marknadsføring på andre året ved Nord Universitet. Første sommar som student var intens som følge av mykje jobbing for å ha nok pengar å bruke.
At studentar må jobbe om sommaren, og i varierande grad ha deltidsjobb, er ei kjent sak.
Problemet er eit anna, ifølge Hanssen:
Stipendet aukar ikkje i takt med prisstiginga elles i samfunnet.
Difor meiner han at stipendet må opp. At Hanssen har mykje oppsparte midlar og deltidsjobb er sjølve årsaka til at han får endane til å møtast i dag.
Førre gong Studentane si helse- og trivselsundersøking blei gjennomført svarte 16.800 studentar at dei ikkje ville klart å betale ei uventa utgift på 5000 kroner i dag. Talet er rekordlågt.
– Når du gir folk 36 timar kvar veke med arbeid, så må du faktisk kunne finansiere det.
Slik stipendordninga er i dag, har Hanssen mindre kjøpekraft enn studentar før i rekka.
Eit minstekrav ifølge han er at ein fulltidsstudent har råd til å dekke absolutt nødvendige utgifter.
– Det kan ein ikkje nødvendigvis seie i dag.
Studentane går i minus
Fleire brukar såpass mykje tid på å jobbe at dei ikkje lenger har tid til å vere studentar.
Dosent ved Nord Universitet, Asgeir Solstad, er ikkje i tvil om at studentane treng auka økonomisk støtte.
Han har nyleg utført eit reknestykke som konstaterer at ein fulltidsstudent utan deltidsjobb vil gå i minus med 1178 kroner per månad.
I reknestykket inngår ikkje studiemateriell, som vil koste studentane mellom 4000 og 8000 kroner i året. I tillegg er ei husleige på 5000 kroner sjeldan vare i dag.
– Det vil vere mykje høgare for dei aller fleste, seier Solstad.
– Kor solid er dette reknestykket?
– Ein usikker variabel er at kostnader til hushald blir sett til 8800 kroner. Truleg vil mange studentar klare seg med eit lågare beløp der. Likevel er det ganske nøkternt.
– Studentar har også utgifter knytt til uteliv og sosiale aktivitetar som skal vere ein viktig del av livet deira.
Studentar i klem mellom jobb og studie
Han meiner behovet for ei auka studiestøtte har gått opp samanlikna med tidlegare og viser til at situasjonen der studentar kjem i klem mellom jobb og studie blir stadig verre.
– Er det så urimeleg at studentane må jobbe ved sidan av studiane for å få endane til å møtast?
– Ikkje generelt. Men når studiestøtta er så låg som i dag, så tvingar det elevane til å jobbe mykje meir enn det som er gunstig for deira studie.
– Eg meiner desse tala viser at det er heilt nødvendig å jobbe for at studentane skal ha god levestandard. Det krev enormt mykje å klare seg på dei låge inntektene som er dokumentert her.
Statssekretær: – Rimeleg
Statssekretær for Senterpartiet i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel, viser til at studentane har jobb og inntekter som utsikt ved enda studieløp.
– Når det er sagt, så er vi veldig klare over at det er trongt å vere student. Vi har sjølvsagt forståing for at det er veldig knapt å klare seg på eit studielån. Då skal ein verkeleg knipe på utgiftene.
– Skal studentane godta at dei må jobbe ved sidan av studiane sjølv om dei går glipp av verdifull undervisning?
– Ja, det synest eg. Innanfor rimelege grenser som er opp til ti timar i veka. Det er ein måte å få verdifull arbeidserfaring. Av dei studentane som jobbar, melder halvparten at dei får erfaring som er relevant for studiane.
Om eit par veker legg Støre-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjettet for 2023.
– Kan studentane håpe på ein auke på stipendet i statsbudsjettet?
– Vi må vente og sjå på at budsjettet kjem. Det er mykje folk ønsker ut av det budsjettet. Presset på norsk økonomi gjer at det blir eit trongt statsbudsjett. Det må alle innstille seg på generelt, så får vi sjå kva det betyr for akkurat dette feltet.
– Vi har hovudfokus på å bygge fleire studentbustader no når det gjeld studentøkonomi, seier Hoel.
Tilbake i Bodø er student Adrian Hanssen ferdig med skuledagen. Han synest studiestøtta er for låg og kunne gjerne tenkt seg meir tid til å fokusere på studiane.
For problemet, ifølge Hanssen, er ikkje eine og åleine pengane. Det er tida som går vekk frå studiar og over til jobb, som får konsekvensar for kompetansen han vil tileigne seg.
– Det hadde vore veldig fint å tenke at du kan fokusere på det du ønsker, og i tillegg ha ei ordentleg fritid.