Hopp til innhold

Rachel og Martin har prøvd alt for å få sonen til å sove

Småbarnsforeldra har sjølv kjent på frustrasjonen i havet av motstridande råd. Forsking viser at foreldre ofte kan misforstå lett søvn med at barnet er vakent.

Foreldreparet Rachel Tømmervåg og Martin Lukassen

SØVNKODEN: Den åtte månader gamlesonen er aktiv når det nærmar seg leggetid. Det har foreldre slite med lenge, men no har dei knekt koden.

Foto: Sofie Olaissen / NRK

Ein ekspert seier du skal dulle litt mindre med barnet før leggetid.

Ein annan seier det kan gå utover barnet si tilknytingsevne.

Er det nødvendig å gå inn igjen? Har barnet det fint trass i grimasar og lydar?

Foreldre står overfor ei rekke problemstillingar, og med lite søvn er det lett å gå seg vill.

Foreldreparet Rachel Tømmervåg og Martin Lukassen har prøvd det meste for å få sonen på åtte månader i søvn.

Knekt koden – i alle fall litt

Foreldra har for eksempel prøvd barnevogn, bilstol, og å la guten sovne på brystet deira.

– No har vi knekt koden litt. Det beste er å hjelpe han å sove, og gå inn og ut av soverommet, seier Tømmervåg og legg til:

– Vi plukkar han opp kvar gong han klagar litt. Då blir han fornøgd. Det er i alle fall det som fungerer best for oss.

Barnet ligg på golvet og leiker

TAR TID: – Det er mykje arbeid, og det tar lang tid. Men det har gått mykje betre, seier mor, Rachel Tømmervåg.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

No får sonen til å sove litt i eiga seng.

– Det er ein siger, seier far Marin Lukassen.

– Har de prøvd å berre la han skrike?

– Vi har ikkje lyst til at han skal skrike seg sjølv til søvn. Vi har lese at det ikkje er så bra, og så får vi vondt av han. Vi har rett og slett ikkje hjarte til det, seier Tømmervåg.

Som for småbarnsforeldre flest, er normalen for familien fire timar sporadisk søvn om nettene.

– Det er utruleg kva ein overlever. Det går greitt, men nokre dagar er ein ekstra sliten.

Paret er ikkje åleine med å ha fått mange råd til korleis dei skal få ungen til å sove.

Les også Nybakte mødre oversvømmes av ammeråd – her avlives mytene

KÅL OG KULLSYRE: Camilla Løften Amundsen i Ammehjelpen holder opp to ting som folk tror kan påvirke ammingen.

Botnlaus fortviling med utrøystelege barn

– Det er blitt ein vanskeleg debatt der ute når det kjem til søvn.

Det bekreftar psykolog Turid Skjerve Leksbø. Ho er spesialrådgivar ved Regionsenter for barn og unge si psykiske helse Aust og Sør (RBUP).

Turid Skjerve Leksbø

TO SIDER: – På eine sida har du det at foreldra held litt avstand, er føreseielege og ikkje er så involvert. Så har du på den andre sida det å vere ein sensitiv vaksen på dagtid. Der får du vite at den beste måten å møte barnet ditt på er å vere «på».

Foto: Privat

– Eg har kjent på den botnlause fortvilinga som vi foreldre møter med utrøystelege barn.

I havet av råd og meiningar, dannar det seg to ulike leirar:

På den eine sida står dei som forskar på dette og fortel oss kva forskinga viser.

På den andre sida er dei som fryktar at forskinga ikkje tar med seg alt.

– Det har dessverre ført til ein del motstridande råd. Der folk og fagfolk kan uttale seg på ein måte som skremmer foreldre frå å ta i bruk evidensbaserte metodar på søvn.

Les også Stor suksess med å la elevane sove ein time lenger

Tilde Breivik Kaspersen (15)

Her ligg også skremselspropagandaen. Kor mykje skal til før det går utover tilknytingsevna?

Dette er det gjort forsking på, fortel Leksbø.

– Studiane viser at barn som fekk evidensbasert metode for søvntrening, altså ein føreseieleg ein, ikkje hadde forskjell på tilknyting verken før eller etter desse metodane, seier ho.

Den føreseielege metoden inneber å gjere ting likt, og forsøke å vente litt før ein går inn til ungen som lagar lydar.

Det viktigaste er å prøve å hjelpe ungen med å sove. Du kan lese meir om korleis lengre nede i saka.

Ny app skal hjelpe foreldre

Dei siste åra har Leksbø vore med å utvikle ein ny app som skal hjelpe småbarnsforeldre med legging og søvn.

Appen Sov godt skal vere klar til bruk våren 2023.

Appen skal hjelpe foreldre med å få ein betre og meir lettvint oppfølging, og sikre gode rutinar og råd for legging av småbarn som har passert seks månader.

Sov godt appen

Om prosjektet Sov godt

Sov godt kom i stand i ein kartlegging av over 2 800 leiarar og tilsette som jobba med dei minste barna.

Resultata viste at eit stort fleirtal av dei vurderte nettbaserte tiltak for søvn som nyttig.

Prosjektet er basert på at søvn er viktig for utviklinga til små barn. Samtidig får ein god del barn for lite søvn ut ifrå kor mykje søvn barn normalt treng.

Sov godt er støtta av Stiftelsen Dam og Rådet for psykisk helse. Prosjektet samarbeider med Helse Bergen, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Youwell. I tillegg består prosjektgruppa av sju ulike brukarar og organisasjonar som representerer målgruppene for prosjektet.

Appen blir eit verktøy som hjelper foreldre å kartlegge behovet sjølve, og diskutere dette med helsepersonell som står bak både appen og råda som følger med.

Metoden skal bli tilpassa foreldre og den aktuelle familien, understrekar ho.

Det finst ikkje ein enkelt fasit, og bekymringane som foreldre har er ofte velmeinte.

– Ein er trøytt sjølv og lurer på kva som er det rette å gjere for barnet sitt, seier Leksbø.

Les også Bruken av sovehormon har mer enn tredoblet seg

En pakke med melatonin

Lett å misforstå barnet

Dette blir forsterka nettopp fordi spedbarn ikkje kan uttrykke seg med ord.

Dei kan rynke på panna, lage lydar og vifte med hendene.

Inger Pauline Landsem Førsteamanuensis sykepleierutdanningen campus Tromsø

UTVIKLING: – Vi bør få i gang eit utviklingsarbeid i Noreg der foreldre som har stort engasjement for tematikken får jobbe saman med det tverrfaglege profesjonelle korpset som møter familiane.

Foto: Privat

På den måten er det enkelt å misforstå barnet, seier Inger Pauline Landsem.

Ho er førsteamanuensis på sjukepleiarutdanninga for UiT.

– Ein kan lett misforstå barna og tru at dei er vakne, men kanskje er dei berre på veg inn i ein ny søvnsyklus.

Og det er veldig bra for dei, forsikrar Landsem.

Ho har forska på foreldrekompetanse og meistring i spedbarnsalder.

Foreldre har stort behov for rettleiing

Spesielt ein ting har mange foreldre til felles i denne fasen.

– Foreldre har veldig behov for å vere i partnarskap med hjelparane sine.

Landsem har nyleg, saman med ein kollega, gjort ein kartleggingsstudie som bekreftar jordmødrer og helsesjukepleiarar sine erfaringar.

Behovet for hjelp blant foreldre er stort, og då spesielt med tanke på samkøyrde råd frå helsepersonell.

Les også Forskarar meiner å ha funne den perfekte lyden å vakne til

Ung kvinne med sovemaske.

Nokre sentrale funn var:

  • Spedbarn søv allereie i fosterlivet. Dette bekreftar at tidlege, individuelle søvnmønster er til stades og blir utvikla vidare etter fødsel.
  • Foreldre kan fremje spedbarn sin søvnregularitet. Under lett søvn er det lett å mistolke barnet som vakent.
  • Gode berøringar, såkalla babymassasje, som del av ein leggerutine er godt dokumentert og har positiv effekt.
  • Spedbarnssøvn er lite tematisert. Det står i stor kontrast til behovet for kunnskap og rettleiing som foreldre beskriv.

– Dersom ein skal praktisere samsoving, bør ein gjer det innanfor dei retningslinjene som er skisserte, og der er vi heldige fordi Helse Noreg har vore tydelege, seier Landsem.

Foreldreparet Tømmervåg og Lukassen er på si side i flytsona når det gjeld å få sin son til å sove.

– Søvntreninga er vanskeleg, men ein skal ta vare på seg sjølv også, avsluttar Lukassen.

Hei!

Takk for at du kom heilt ned hit. Har du tips etter å ha lese denne saka? Då kan du kontakte meg her: