– Du vil jo vere meir fokusert når du startar skuledagen litt seinare.
Det seier tiandeklassingen Tilde Breivik Kaspersen (15) ved Hunstad ungdomsskule i Bodø. Ho er glad for at ho ikkje må starte skuledagen like tidleg som hennar naboar på Vestlandet.
NRK har tidlegare fortald om at elevar på Vestlandet slit med å stå opp og er trøytte om morgonen.
Difor meiner Tone Elise Gjøtterud Henriksen, som er spesialist i psykiatri og overlege, at ungdom på Vestlandet bør starte skuledagen seinare.
Ho meiner at det blir urettferdig når ungdom på Vestlandet er trøyttare i første timen enn ungdom på Austlandet.
Elev: – Fokuserer betre
I Bodø har fleire ungdomsskular hatt ei slik ordning på plass i mange år allereie.
Elevane på Hunstad ungdomsskule startar dagen knappe fem minuttar på ni. Fleire av dei tar buss, og må opp tidlegare for å komme seg tidsnok til første timen.
– Om vi skulle ha starta enno tidlegare hadde det gått ut over læringa, seier Breivik Kaspersen.
– Eg synest det er positivt, for då er du meir vaken og klarar å fokusere betre på det du skal gjere, seier Tilde Breivik Kaspersen.
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRKRektor: – Ungdom kjem godt opplagde
Ungdomsskulen har ingen intensjon om å gå tilbake til tidlegare skulestart.
NØGD: Ungdomsskulen vil ikkje gå tilbake til tidlegare skulestart, ifølge rektor Randi Solvær.
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRKGevinstane ved ordninga i dag er store, fortel rektor Randi Solvær:
– Det fungerer veldig bra. Ungdomen kjem godt opplagde, har hatt tid på morgonen til å ete frukost og å stå opp på ordentleg vis. Vi er godt nøgde med det.
Søvnprofessor: – Noko alle kan ha godt av
Elisabeth Flo-Groeneboom er ikkje einig i at det utelukkande er elevar på Vestlandet som bør få seinare skulestart.
Ho er psykolog og professor ved institutt for klinisk psykologi, med søvn og søvnsjukdomar som kompetansefelt.
– Eg trur alle unge i heile landet ville hatt utbyte av å begynne klokka ni i staden for tidlegare. Slik dei fleste unge er, heller dei mot å vere kveldsmenneske, seier Flo-Groeneboom.
– Ein burde hatt ein del andre tiltak som til dømes betre belysning på skulane. Då får dei nok lys som hjelper dei med å regulere døgnrytmen når dei først kjem på skulen, seier Elisabeth Flo-Groeneboom.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKStoda i dag er at mange ungdomsskular i landet startar tidlegare på skulen enn Hunstad ungdomsskule. Ei av motførestillingane til å starte seinare er at ungdomane toler å starte tidlegare.
– Sjølv om elevane er robuste, så betyr ikkje det at vi ikkje har rom til forbetring, seier Flo-Groeneboom.
Ho understrekar at det er fleire ting som måtte bli gjort ved ei slik endring.
– Vi måtte følgt opp og sett at det faktisk gir gevinst.
For ei reell problemstilling ved ei slik endring er om ungdom faktisk får meir søvn, eller om dei dyttar nattaktivitetane endå lenger fram.
– Då gjer ein enorme tilpassingar utan resultat, seier søvnforskaren.
Tiandeklassingen Breivik Kaspersen kunne ikkje førestilt seg å starte seinare.
– Men utset du leggetida når du har den halvtimen til overs?
– Eg vil ikkje seie at eg utset leggetida. Det spørst jo litt kor trøytt ein er den dagen.
Søvn er ikkje nok
Men seinare skulestart er ikkje berre positivt, skal vi tru søvnforskaren.
For det finst ein smerteterskel med tanke på resten av samfunnsrytmen, meiner Flo-Groeneboom.
Samstundes er det uhyre viktig at desse unge får moglegheit til å sove nok når det skjer så mykje utvikling i hjernen, og mykje læring skal skje, meiner ho.
Og det er ikkje berre å «ta seg saman» for ungdomane.
– Dei som er kveldsmenneske må jobbe meir for det, enn ein person med anlegg for å vere morgonmenneske. Det er vanskelegare for ein som er kveldsmenneske å skulle snu på døgnrytmen.