Hopp til innhold

Anneli (23) er budeie utan seter. No kan seterdrifta verte sett på kulturarv-liste

99 prosent av setrene i Noreg har vorte lagt ned. Men no vil eldsjeler få setra inn på Unesco-liste.

Anneli Rystad Aune og geitene på garden i Misvær

Anneli er budeie med flokken med geiter som ho gjeter er for stor til å få plass på setra.

Å, eg veit ei seter, med så mange geiter, har du kanskje sunge ein gong?

Eller kanskje du har lese dei tre bukkane bruse som gjekk til seters for å ete seg feite?

Kulturhistoria vår har røter djupt ned i seterkulturen.

Men kanskje er det på tide å skrive seterdrifta inn i historiebøkene for godt?

Den siste budeia

Anneli Rystad Aune skodar opp dei bratte skråningane i Misvær.

Nett her, mellom bratte skrentar og 250 geiter, bruker Oslo-jenta sommaren.

– Eg er veldig fascinert av landbruk og jordbruk, men eg kjem frå byen. Difor har eg ikkje så mykje erfaring med korkje dyr, grønsaker eller jordbruk, seier Anneli Rystad Aune.

Til vanleg studerer ho på Universitetet i Ås. Men i år har ho ei ganske annleis, og tradisjonsrik sommarjobb.

Ho er budeie.

Anneli Rystad Aune leiar geitene til beitet kvar morgon.

Anneli Rystad Aune leiar geitene til beitet kvar morgon.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Eg har veldig lyst til å starte mitt eiget småbruk ein gong. Difor treng eg meir erfaring med dyr og gardsdrift, seier 23-åringen.

Grytidleg kvar morgon klatrar ho opp den stupbratte skråninga og kallar på geitene. Så mjølkar ho dei og passar på at dei og killingane har det bra på beitet.

Eigentleg ville Aune vere budeie på seter. Men det vart ikkje så lett. Det er nemleg nesten ikkje setrer igjen i Noreg.

Garden som Anneli jobbar på var del av ein fellesseter fram til for 3 år sidan.

Men no er bonden den største geitebonden i Saltdal. Det er ikkje plass til geitene hans på setra lenger.

Difor går geitene på beitet rundt garden i staden.

Geit på gard i Misvær i Nordland

Mange norske plantar og insekt som er raudlista finst i kulturlandskapet ved setra. Når geiter andre dyr som beiter der held dei anna vegetasjon vekk og vernar dei unike økosystema.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen

Garden går inn i det mange meiner ein sørgeleg statistikk for norsk bruk av utmarksbeite.

For hundre år sidan var det nemleg rundt 100.000 setrar i bruk i Noreg. Det er berre tre generasjonar sidan.

No er det mindre enn 800. Altså er færre enn 1 prosent av disse setrene framleis i drift.

Og Nordland fylke er aller dårlegast stilt. Der er det berre 9 setrar igjen.

Setra på Unesco

Men no kan kanskje setra få ein plass i verdsarvlista til Unesco for immateriell kulturarv.

– Seterkulturen er viktig. Det er ein mange hundre år gamal tradisjon, og no er han i ferd med å forsvinne, seier Hege Hovd.

Ho er seniorrågjevar i Rådhuset Vingelen og er leiar prosjektet med å få norsk seterdrift inn på verdsarvlista.

Hege Hovd er leiar prosjektet med å få Norsk Seterdrift inn på lita til Unesco om immateriell kulturarv.

Hege Hovd er leiar prosjektet med å få Norsk Seterdrift inn på lita til Unesco om immateriell kulturarv.

Viss vi kjem inn på lista er det ei anerkjenning av at det er ein kultur og ein kulturarv det er verdt å ta vare på, seier Hovd.

Det er organisasjonen Norsk Seterdrift som sett i gang prosjektet.

– Viss Noreg får seterkultur inn på lista vert vi forplikta til å ta vare på han. Då kan vi ikkje berre ha museums-setrar. Det må vere ei næring i drift, seier Hovd

Meir berekraftig med seter

For å ta vare på setra som næring er det snakk om både økonomi og landbrukspolitikk.

Geiter på gard i Misvær i Nordland

Geiter på garden i Misvær.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kari Stensgaard, forskar i Nibio, forklarar at seterdrifta historisk sett er ein måte å nytte ressursane fullt ut.

– Det var setrer over alt før. Dei var ikkje berre på fjellet, men i skogen og på øyer.

Ho trur at situasjonen kunne ha sett annleis ut for setra om kraftfôr hadde vore dyrare.

– Dei økonomiske forholda endrar seg. Det vert gitt mykje stønad for å drive seter, men for mange monnar det ikkje når utgifta vert så store, seier Stensgaard.

Hege Hovd i Rådhuset Vingelen fortel at seterdrift i stor grad er tilpassa mindre og mellomstore bruk. Når gardsbruka i Noreg vert større, treng ein meir areal til å dyrke gras som ein haustar til fôr på vinteren.

Dei 250 geitene som Anneli gjeter held kulturlandskapet ope i beitet rundt garden, men ikkje oppe på setra.

Dei 250 geitene som Anneli gjeter held kulturlandskapet ope i beitet rundt garden, men ikkje oppe på setra.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Då vert det meir resurskrevjande for bonden å bruke utmarka.

I staden bruker mange meir silo og kraftfôr.

Samstundes seier ho at Noreg gror igjen. Men seterdrifta nyttar utmarka.

– Det er ein ressurs vi ikkje elles kunne ha brukt fordi det ikkje er mogleg å dyrke mat der, seier prosjektleiaren.

Men dyra kan beite der. Og ifølge Hovd smaker kjøt og mjølk frå dyr som beiter i utmarka betre og er sunnare.

– Ein skal ikkje nødvendigvis slutte med kraftfôr, men ein kan redusere bruken av det, meiner Hovd.

Anneli mjølkar geitene på garden. Historisk sett vart dei mjølka på setra der ein óg kinna seterrømme og ysta smør.

Anneli mjølkar geitene på garden. Historisk sett vart dei mjølka på setra der ein óg kinna seterrømme og ysta smør.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Ho fortel at dei som driv med seter seier det må vere mogleg å gjere investeringar i seterdrifta for at ho skal overleve.

Mange gamle setrer treng oppussing og modernisering.

I tillegg er det vanleg at det berre er ein bonde på garden. Før var heile familien med. No er det vanskelegare å vere både på setra og på garden.

Søta bror er verre stilt

Men det er eit nålauge å få seterdrifta inn på Unesco-lista. Det er mange prosjekt som konkurrerer, sjølv i Noreg.

Løysinga kan vere å samarbeide med søta bror.

– Seterkulturen i Sverige har forsvunne i enno større grad enn i Noreg, seier Hovd.

Difor tenkjer Norsk Seterkultur å sende ein multinasjonal søknad, felles for både Noreg og Sverige. Kanskje også saman med Sveits.

– Det vert meir utfordrande å skrive søknad om dei er fleire land med, men då jobbar søknadane med kvarandre, og den norske søknaden vil ikkje konkurrere med dei andre.

Norsk Seterkultur satsar på å levere søknaden i januar 2023.

– Det er eit generasjonsskifte på gang i landbruket. Det er mange som kjem til å slutte om få år om det ikkje vert lagt til rette for at dei kan fortsette med seter.

Viktig for å vere sjølvforsynt

Og ei av dei som drøymer seg inn i jordbruket er Anneli Rystad Aune frå Oslo.

– Eg synest vi skal nytte dei ressursane vi har på ein mest mogleg berekraftig måte, seier Aune.

Anneli Aune Rystad skodar opp mot setra som ho ikkje får jobbe på i sommar.

Anneli Aune Rystad skodar opp mot setra som ho ikkje får jobbe på i sommar.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

På garden i Misvær kan ho skode opp mot setra som ho ikkje får jobbe på i sommar.

I staden er ho og geitene nede i dalen, fortel ho.

– Det er viktig med norskprodusert mat om vi skal vere mest mogleg sjølvforsynte og ha mest mogleg suverenitet, men også med tanke på å halde kulturlandskapet ved like og verne om det biologiske mangfaldet, seier Aune.

– Då er det viktig at vi nyttar dei beiteområda vi allereie har i dag.