Hopp til innhold

Trur folk kjøper dødsdop utan å vite det: – Ein tablett kan vere livsfarleg

Stoffet er allereie knytt til fleire dødsfall i Noreg. I Vesterålen fryktar politiet at rusmiddelet er i omløp i heile regionen.

Politiet har beslaglagt det farlige narkotiske stoffet Metonitazin i vesterålen.

Politiet har beslaglagt det farlege narkotiske stoffet Metonitazin i Vesterålen i Nordland. Dei er redd fleire kjøper stoffet utan å vere klar over det.

Foto: Nordland politidistrikt

Politiet fryktar at rusmiddel med verkestoffet Metonitazen som finst i Nitazenar er i omløp i Vesterålen og heile regionen.

I fjor blei det gjort 14 beslag av Nitazenar i Noreg i 2023. Året før gjorde dei fire beslag av stoffet. Det var første gong stoffet blei beslaglagt i Noreg.

Nyleg blei det funne i eit beslag i Vesterålen i Nordland.

No åtvarar både politiet og Kripos om at mange kan vere i fare for å få i seg stoffet utan å vere klar over det.

– Ein må vere merksam på at det ein tar kan innehalde noko anna enn det ein trur ein har kjøpt, seier politikontakt i Vesterålen.

1000 gongar meir potent enn morfin

Nitazenar har eksistert i andre marknad i Europe ein god stund.

No ser politiet her heime fleire tilfelle av at desse svært farlege stoffa kalla Nitazenar kjem inn til Noreg.

Det er Kripos som har analysert tablettane som blei tatt i beslag i Vesterålen. Analysane deira har avdekka at tablettane inneheldt verkestoffet Metonitazen.

Det er eit syntetisk opioid som liknar morfin men er mykje sterkare.

Bruken av stoff er allereie knytt til fleire dødsfall i Noreg. Alvorleg effekt kan oppstå allereie ved låge dosar.

Kari Solvik, leder for seksjon for narkotikaanalyse i Kripos

Kari Solvik, leiar for seksjon for narkotikaanalyse i Kripos, seier styrken av stoffa kan variere mykje. I verste fall er det 1000 gongar sterkare enn morfin.

Foto: NRK

– Dei er frå 10 til tusen gongar meir potent enn morfin, seier Kari Solvik, leiar for seksjon for narkotikaanalyse i Kripos.

Politiet åtvarar om at det ved bruk er stor fare for livstruande forgifting, pustestans overdose og død.

Politiet i Vesterålen seier det er sannsynleg at dei som tar dette stoffet ikkje veit kva dei tar.

Finst i augedrope og nasesprayflaske

– Om ein kjøpar tablettar på den illegale marknaden er det nemleg nesten ikkje mogleg å vite kva type stoff ein tar.

Det seier politikontakt Vibeke Johansen Ingebrigtsen, politikontakt ved Seksjon for etterforsking, førebygging og etterretning i Vesterålen.

Politiet har beslaglagt farlig narkotisk stoff i vesterålen; Metonitazin

Årleg gjer politiet om lag 16.000 narkotikabeslag. Men av dei 14 beslaga som er gjort av Nitazenar er fleire knytt til overdosedødsfall.

Foto: Nordland politidistrikt

– Ein må verke merksam på at det dei tar kan innehalde noko anna enn det de trur de har kjøpt.

Rusmiddelet blir tatt i form av piller, væske, røyk, injeksjon og sniffing.

– Verkestoffa er funne blant anna i tablett, kapsel, pulverform og augedrope- og nasesprayflaskar, fortel senioringeniør Elisabeth Drange i Kripos.

I Kripost blir det farlege narkotikumet oppbevart i avtrekksskap som må bli haldt lukka. - Dette er veldig potente stoff, som vi også handterer på ein måte, som beskytter våre medarbeidarar, seier Kari Solvik, leiar for seksjonen for narkotika-analyse i Kripos.

I Kripos blir det farlege narkotikumet oppbevart i eit eige skap som må bli haldt lukka. – Dette er veldig potente stoff, som vi også handterer på ein måte, som beskyttar våre medarbeidarar, seier Kari Solvik, leiar for seksjonen for narkotika-analyse i Kripos.

Foto: NRK

Dei kan ikkje seie at nokon av formane er meir vanlege enn andre.

Ein stor del av beslaga gjort i Noreg er gjort i posten.

I Vesterålen fryktar politiet at rusmiddelet er i omløp i heile regionen.

Les også Økende kokainbruk hos unge voksne: – Kanskje noen føler seg presset?

Portrettbilde av tre elever fra Bodø videregående skole oppstilt i kantinen.

– Dødsfall kan skje kjempefort

Mari Tosterud, avdelingsdirektør på giftinformasjonen ved FHI seier at ein kan samanlikne nitazenar som fentanylar. Det er som morfin, men mykje sterkare.

Likevel er det vanskeleg å seie nett kor giftig det er. Det kjem nemleg an på.

– Kor mykje det er i kvar tablett, eller kvar dusj med nasespray er vanskeleg å seie, seier ho og legg til:

– Det kan vere så mykje at berre ein tablett er livsfarleg.

Årsaka er at tablettane ikkje blir laga på same strenge måten som legemiddel. Difor kan det variere frå tablett til tablett.

Mari Tosterud, avdelingsdirektør på giftinformasjonen ved FHI har brunt kort hår, blå øyne, kvit skjorte og blå strikkagenser. Ho smiler til kamera foran ein gråblå vegg. Bak ho er ein lampe, eit spegl og ein grøn plante.

– Det viktigaste er å vere klar over at det finst talbrettet på marknaden som det er farleg å ta sjølv i ein liten mengd, seier Mari Tosterud, avdelingsdirektør på giftinformasjonen ved FHI.

Foto: Mari Tosterud / Privat

I tillegg er det vanskeleg å seie kor fort effekten slår inn.

Om ein får i seg ein stor dose kan farlege symptom og dødsfall skje kjempefort, fortel Tosterud i FHI.

Det kjem også an på om ein får i seg stoffet som nasespray, tablett eller pulver.

Les også Sende videoar av narkotika på Snapchat – så banka politiet på

Skjermdumper fra Snapchat som viser narkotika

– Tar ein sjanse om ein rusar seg

Difor oppfordrar ho folk i rusmiljø til å passe på kvarandre. Om ein får ein sterkare effekt enn forventa, er det viktig at andre i miljøet ikkje tar dei same tablettane, pulveret eller dropane.

En bonde høster inn opium i Nangarhar-provinsen i mai i år.

Solvik i Kripos, fortel at det finst naturlege opioid som kjem frå opiumsvalmuen. Opium, heroin, morfin kan bli laga av dette. Syntetisk opioid som blir framstilt kjemisk er mykje sterkare.

Foto: NOORULLAH SHIRZADA / NOORULLAH SHIRZADA

– Er vi i ferd med å få ein slik epidemi som ein har sett i USA?

– Førebels har vi sett at det har vore fleire tilfelle av slike stoff enn tidlegare, men enno er det ikkje snakk om ein epidemi, seier ho.

Det viktigaste, meiner ho, er å vere klar over at det finst talbrettet på marknaden som er farleg å ta sjølv ein liten mengd.

– Ein tar ein sjanse når ein rusar seg, for ein veit ikkje kva ein får.

Ina Roll Spinnanger, Dagleg leder foreininga tryggare ruspolitikk har grå strikke ull-lue og et ullskjerf i grått, blått og brunt. Hun har brunt langt hår og blå øyne og ser til venstre for kamera. Bak henne er en fergekai.

Ina Roll Spinnanger, dagleg leiar foreininga tryggare ruspolitikk, meiner regjeringa må legge til rette for at folk kan sjekke det dei har kjøpt av narkotiske stoff.

Foto: NRK

Ina Roll Spinnanger, dagleg leiar i foreininga tryggare ruspolitikk, meiner det er viktig at styresmakta ser på kva førebyggande tiltak ein kan sette i verk.

– Eg tenkjer det er veldig viktig å gi folk moglegheita til å få sjekka innhaldet i det dei har kjøpt, seier ho.

Det meiner Spinnanger gjer at folk kan ta forholdsreglar. Ho trur og det kan førebygge skadar og dødsfall.

I fjor blei Nitazenar ført opp på narkotikalista.

Kripos håpar det kan bidra til at det blir mindre attraktivt å bruke stoffa, og føre stoffa inn i landet.

Les også Produserte kokain for Escobar - så kropps­deler flyte ned elva

Nærbilde av Charry Mauricio Cauache. Han ser alvorlig mot siden.

Les også Avslørt av hotellansatte – dømt til flere år i fengsel

En mann og en kvinne fra Nordland er blant de syv tiltalte i en stor narkosak som starter i Östersund tingrett på mandag. Her viser bilde av narkotika og en gul sekk.