Hopp til innhold

MC-klubben Twin Heads lokka barnefamiliar til open dag med gratis is

Politiet åtvara barnefamiliar mot å delta på arrangementet på laurdag. Det er MC-klubbekspert kritisk til.

Twin Heads lokaler i Brønnøysund

Slik ser lokala til Twin Heads ut i Brønnøysund.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

MC-klubben Twin Heads i Brønnøysund arrangerte laurdag 1. juni open dag på klubbhuset sitt.

Politiet er kjent med dette, og har åtvara barnefamiliar.

Dei meiner nemleg deltaking på open dag mos MC-klubben er ein velbrukt strategi av klubber i dei kriminelle miljøa.

Dei ønsker å framstille seg sjølve som snille, ufarlege og joviale, seier politistasjonssjef i Brønnøysund, Roger Stangnes i ei pressemelding.

NRK har tatt kontakt med Twin Heads MC. Dei vil ikkje kommentere saka, men seier at dei ikkje såg nokon grunn til å avlyse arrangementet.

Les også Festen hos MC-klubben var avlyst – likevel aksjonerte politiet med fem patruljer

Politiet patruljerer forbi Twin Heads lokaler

Lokkar barnefamiliar med gratis is

Politiet i Nordland seier MC-klubbane støttar veldige formål, stiller som vaktar på festivalar, jobbar dugnad, arrangerer loppemarknad og slik som no – arrangere open familiedag på klubbhuset sitt.

Alt i eit forsøk på å fordekte kva dei som klubb i det kriminelle MC miljøet eigentleg står for og kva verdiar dei støttar, seier Stangnes i pressemeldinga.

Dei hevdar at klubben i Brønnøysund prøver å lokke til seg barnefamiliar og barn med tilbod om gratis is og få sitte på ein Harley Davidsons MC mens dei blir tatt bilde av.

Twin Heads MC

Twin Heads MC er medlem av Norgesmodellen og Region Nord som blei starta og blir organisert av Hells Angels MC, ifølge politiet i Nordland.

Foto: Ole-Christian / NRK

Stangnes seier at Twin Heads MC har hatt «ruteren» på sine MC vestar med talet 81 i mange år.

Ruteren er raud, som er fargen til Hells Angels, og har talet 81. Politiet hevdar det står for bokstavane 8 og 1 i alfabetet, som er H og A, altså Hells Angels.

Twin Heads MC har i mange år vore og er ei direkte støtte og supporterklubb av Hells Angels, seier Stangnes.

Nordland politidistrikt seier dei jobbar aktivt for å avdekke og nedkjempe organisert kriminalitet og kriminelle nettverk i fylket.

Les også Omstridt MC-klubb har fått fotfeste i Nord-Norge – fant sprengladning med splinter

Outlaws Norway

MC-ekspert: Kritisk til at politiet åtvarar

Petter Gottschalk er professor ved Handelshøgskulen BI, og er internasjonalt anerkjent som forskar på økonomisk kriminalitet og organisert kriminalitet.

Han har òg skrive fleire bøker om dei kriminelle MC-miljøa.

– Er det drygt at politiet kjem med ei slik åtvaring?

– Politiet skal vere forsiktige med å karakterisere eit miljø. Sjølv om det generelt er dekning for at klubbene er kriminelt belasta, seier han.

Petter Gottschalk

Petter Gottschalk, professor ved Handelshøgskulen BI på økonomisk- og organisert kriminalitet seier at det er mykje rekruttering til MC-klubbane frå folk i politiet og tollvesenet som er informantar.

Foto: Handelshøyskolen BI

Årsaka er at haldninga i Noreg er at tvilen skal kome mistenkte til gode.

I tillegg er rolla til politiet å etterforske, ikkje å døme, legg professoren til.

– Dei må altså ha dekning i at noverande medlemmar av klubben er straffedømte. Det trur eg ikkje dei har, seier han.

Sidan den berømte politietterforskaren Eirik Jensen for om lag 20 år sida innførte «dialogpolitiet», har domfelte i miljøa nemleg gått kraftig ned. Dette har Gottschalk saman med Kripos gjort ein analyse på.

Satudarah MC

MC-eksperten seier at for mange handlar MC-miljøa om å ha ein stad å høyre til. Nyleg med klubben Satudarah etablert i Noreg. Det er den første MC-klubben for folk som ikkje er lyse i huda. Dei har tidlegare falla utanfor miljøet, ifølge Gottschalk.

Foto: Skjermdump / Privat

Men MC-miljøeksperten er ikkje imot at det kjem ein åtvaring.

– Åtvaringa er rett, men det burde ikkje kome frå politiet.

I staden meiner han at kommunen burde ha kome på banen.

Men verken ordførar eller kommunedirektør har åtvara om arrangementet.

  • I serien «Den sorte svane» som no går på NRK prøver ein dansk journalist å avdekke det kriminelle miljøet mellom anna i fleire MC-klubbar:
Amiras møte med en forretningsmann i Ålborg tar en høyst uventet vending. Plutselig havner hun i søkelyset for det samme som hun vil avsløre.

I Brennpunkt-dokumentaren Den sorte svane er advokaten Amira muldvarp i MC-miljøet. Plutseleg hamnar ho i søkelyset for det same som ho vil avsløre.

Ordførar: kjenner familiefolk i klubben

Siv Aglen, ordførar i Brønnøy, seier at ho eigentleg aldri tenkte på å åtvare mot den opne dagen til MC-klubben.

Likevel er ho uroa for at den lokale MC-klubben er støtteklubb for Hells Angels.

– Det er ikkje grillfesten til Twin Heads som er problemet mitt. Eg kjenner folk som er med der. Det er fine familiefolk, seier ho til NRK.

Siv Aglen (Ap) ny ordfører i Brønnøy

Siv Aglen, ordførar i Brønnøy seier håper at dei som har vore på den opne dagen til MC-klubben Twin Heads har tatt opp med medlemmene at dei er støtteklubb til Hells Angels.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Aglen meiner det er viktig å føre ein open dialog med klubben om dei framleis vil vere knytt til Hells Angels.

– Det er viktig at ein verken demoniserer nokon eller går i ein skyttargrav slik at ein ikkje snakkar saman, seier ordføraren.

– Eg meiner medlemmane i Twin Heads sjølv burde diskutere om dei vil vere ein støtteklubb.

Les også MC-klubb krever unnskyldning fra politiet

MC-klubben Turnout på Fauske

Ofte meir kriminalitet i støtteklubbar

Gottschalk, professoren frå BI, seier at det ikkje er noko nytt at slike klubbar prøver å pynte på fasaden.

Før jul i år arrangerte mellom anna Hells Angels i Oslo julegløgg for barn, fortel han.

Hefte om MC-klubber

Politiet følger nøye med på MC-klubbane, men det er færre som blir straffedømt no enn før «dialogpolitiet» blei innført for om lag tjue år sidan.

Foto: Marianne Jakobsen / NRK

– Kvifor gjer dei det?

– Politiet trengoppslutning frå befolkninga for å kunne overvinne kriminalitet, seier professoren.

– Viss klubben klarer å framstille seg som kule gutar på motorsykkel med vanlege familiar og vanlege jobbar, så mister ordensmakkane krafta.

Det er likevel liten tvil om at desse klubbane er med i eit kriminelt nettverk, ifølge han.

Faktisk blir det utført fleire kriminelle handlingar av støtteklubbane enn hovudklubbane; Hells Angels, Bandidos og Outlaws, ifølge Gottschalk.

Motorsykler
Kallestad Gorm / SCANPIX

Kva slags lovbrot gjer MC-klubbane?

Ifølge Petter Gottschalk, professor ved Handelshøgskulen BI på økonomisk- og organisert kriminalitet er ikkje kriminaliteten like tung som i større MC-klubbar i Europa. Dei norske klubbane driv mest med omsetjing av narkotika, tormedovirksomheit og utpressing.

MCklubb i Stavanger

Kva slags kliminalitet driv dei ikkje med?

Gottschalk seier at dei generelt ikkje driv med tyveri, skatteunndraging, underslag eller anna vinningskriminalitet.

Bodø MCklubb
Bodø MC Klubb

Er klubbane voldlege?

Dei er som regel ikkje voldlege mot vanlege folk, men det er ein del rivalisering klubbane imellom. Det er ofte voldleg. Den mest voldlege klubben er Hells Angeles-klubben i Noreg ligg i Tromsø.

– Støtteklubbane må ofte gjere dritjobbane. Det inkluderer ofte lovbrot.

– Eg fryktar at trass i at politiet har åtvara har mange dukka opp og blitt fascinert.

No er det elleve aktive Hells Angeles-klubbar i Noreg.

Ifølge MC-klubbeksperten er det vanskeleg å seie om fleire søker seg til MC-klubbane no enn før, men han seier fleire unge er freista til å søke fellesskap i kriminelle grupper generelt.

Les også Ungdom på 13 år rekrutteres inn i kriminelt miljø – ble etablert under pandemien

Gruppe med ungdommer (illustrasjon)