Hopp til innhold

Sende videoar av narkotika på Snapchat – så banka politiet på

To personar frå Nordland er blant dei sju tiltalte i ei stor narkosak som startar i Östersund tingrett på måndag.

Skjermdumper fra Snapchat som viser narkotika

UFORSIKTIG: Den sikta mannen frå Nordland senda videoar på Snapchat av narkotikaen han ifølgje tiltalen skulle ta med frå Sverige til Noreg.

Foto: Svensk politi

– At hotellpersonalet fann desse tablettane hadde mykje å seie for saka, fortel aktor Lisa Forsberg til Sveriges Radio.

Måndag startar ei stor rettssak i Östersund tingrett. Sju personar, og tre nordmenn, står tiltalt for grove narkotikaregelbrot.

Avgjerande for saka er ei kvinne og ein mann frå Helgeland. Ifølgje tiltalen skal dei ha drege til Östersund for å henta eit stort parti med narkotika i haust.

Etter planane skulle dei ta med seg narkotikaen tilbake til Noreg, men så langt kom dei ikkje.

Beteninga på eit hotell paret budde på oppdaga narkotikaen og melde frå til politiet.

Dei dukka opp på hotellrommet og fann mellom anna over 5.000 tablettar med stoffet Alprazolam, nesten eit kilo amfetamin og nærare 200 gram cannabis.

Dei fann også ei veske med 30.000 svenske kroner i kontantar.

Det norske paret vart vidare arresterte og varetektsfengsla.

En mann og en kvinne fra Nordland er blant de syv tiltalte i en stor narkosak som starter i Östersund tingrett på mandag. Her viser bilde av narkotika og en gul sekk.

Det er funne 5.000 tablettar med stoffet Alprazolam, nesten eit kilo amfetamin og nærare 200 gram cannabis.

Foto: Svensk politi / NRK

Fann fleire videoar på Snapchat

Då politiet gjekk gjennom mobiltelefonen til den nordnorske mannen, fann dei også fleire videoar på Snapchat.

Videoane viste narkotikaen som han hadde sendt til fleire andre.

Etter beslaget og arrestasjonen av det nordnorske paret, byrja politiet å nøsta opp i den store saka.

– Vi klarte å knyte kjøparar til seljarar, og vidare kven som hadde sørga for kontakt mellom kjøparar og seljarar, seier aktor Forsberg.

Ifølgje tiltalen skal den nordnorske mannen ha erkjent straffskuld i avhøyr. Kvinna skal ha erkjent delvis straffskuld.

NRK har ikkje lykkast å kome i kontakt med forsvararane til dei tiltalte.

Her viser bilde av sprøyter og piller på et mørkt bord.

Politiet fann 5.000 tablettar med stoffet Alprazolam og sprøyter på hotellrommet.

Foto: Svensk politi

Hadde større planar

Ein svensk mann hadde saman med den tiltalte mannen frå Nordland tankar om å halda fram smuglarverksemda frå Sverige til Noreg.

Det seier Forsberg til Sveriges Radio.

Det vart funne meldingar mellom dei to som stadfesta at dei skulle halda fram viss det første forsøket gjekk bra.

Dette gjekk ikkje som dei tiltalte skulle ønskja seg. Forsøket vart som kjent oppdaga av hotelltilsette og stoppa av politiet.

Les også Vil la politiet ta spyttprøver og beslaglegge mobil ved mistanke om rus

Linda Helen Haukland, førstekandidat Nordland KrF

Seksjonssjef på Svinesund tollstasjon, Wenke Fredriksen seier det er viktig å få stansa narkotikaen som kjem over grensa.

– Sånn at han ikkje kjem inn i landet og i omløp. Det er samfunnsoppdraget vårt, og alt som blir teke før det kjem inn til landet er veldig viktig.

Ifølge seksjonssjefen kjem det store mengder narkotika inn til Noreg.

– Vi tek fleire hundre kilo av ulike sortar narkotika. I år har det vore mest kokain, men også store mengder av både kannabis, heroin og amfetamin, seier Fredriksen.