Hopp til innhold

Bodø kommune frir til skatteflyktningane – vil ha rike utflyttarar heim

Politikarane i Bodø vil sjå på skattekutt på opp mot 75 prosent til næringsliv. Partiet Raudt meiner Høgre er meir opptatt av venene sine enn kommuneøkonomien.

Bodø

– Vi ønsker jo både at dei som har dratt til Sveits og rømt landet, at dei skal kome heim igjen, seier ordførar for Høgre i Bodø kommune, Odd Emil Ingebrigtsen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Vi har jo berre ein enkelt skattytar som har rømt landet og reist til Sveits, og det kostar Bodø kommune ein til 2 millionar i månaden i mindre inntekter åleine.

Det seier Bodø-ordførar, Odd Emil Ingebrigtsen i Høgre.

I dag vedtok bystyret å sjå på moglegheita for kutt i formuesskatten som rammar lokalt eigd næringsliv.

Dersom utgreiinga gir tommel opp, vil skatten bli redusert med 25 til 75 prosent.

Det gjeld for eksempel maskinar og næringseigedom som eigarane må betale skatt av sjølv om bedrifta skulle gå med underskot.

– Eg er veldig glad for at eit såpass breitt fleirtal i bystyret gjorde dette vedtaket i dag. Så er det også eit innlegg i den nasjonale diskusjonen om korleis vi har innretta skattesystemet vårt, seier han til NRK.

Odd Emil Ingebrigtsen

Odd Emil Ingebrigtsen seier bystyret tar skeia i eiga hand.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

– Noko av det aller viktigaste vi gjer i Bodø, men også nasjonalt, er at vi må ta vare på norske bedriftseigarar og stimulere til norsk eigarskap og ikkje det motsette.

Det er ikkje første gong ein Høgre-ordførar i Nordland lokkar med «gunstigare» formuesskatt:

I 2019 blei Bø kommune kjent som Noregs Monacco etter å ha vedtatt å kutte formuesskatten til 0,2 prosent, som første kommune i landet.

Dei har også tilbydd gratis barnehage og fødetilbod. Like før jul foreslo kommunedirektøren ei rekke kutt for å få endene til å møtast.

Les også Ordfører vil gjøre hjemkommunen til Norges svar på Monaco

Bø i Vesterålen, kledt i snø, en gul og rosa himmel i bakgrunnen.

Frir til skatteflyktningane

Ingebrigtsen legg ikkje skjul på at det er eit signal til skatteflyktningane om at dei er ønska heim igjen.

– Vi ønsker jo både at dei som har dratt til Sveits og rømt landet, at dei skal kome heim igjen. Og så ikkje minst er det framleis veldig mange norske bedriftseigarar som blir ramma av denne skatten som vi ikkje ønsker at skal dra.

Ingebrigtsen meiner at den nasjonale skattepolitikken straffar norsk eigarskap, og at dette også går utover Bodø kommune sin økonomi.

– Er ikkje Bodø kommune avhengig av desse skatteinntektene?

– Det er jo det vi ønsker å få utgreiia. Kor stor innverknad vil ein slik reduksjon ha på kommunen sin økonomi.

Odd Emil Ingebrigtsen

– Og så ikkje minst er det framleis veldig mange norske bedriftseigarar som blir ramma av denne skatten som vi ikkje ønsker at skal dra, seier Ingebrigtsen.

Foto: Sondre Skjelvik

Han er også open for at det kan vere andre tiltak som kan tiltrekke Bodø kommune folk og bedrifter som ønsker å investere.

– Så vi tar eigentleg skeia i eiga hand her og ser på om det er noko vi kan gjere her i Bodø for å motivere fleire til å flytte hit og investere og eige bedrift her.

Les også Direktøren sier kommunen må spare – ordføreren kontrer med gratis barnehage til alle

Bø i Vesterålen

Ap: – Ikkje lurt

Det var berre Arbeidarpartiet, SV og Raudt som stemte imot forslaget.

Fredric Persson i Bodø Arbeidarparti meiner at dette er eit statleg oppgåve.

– Vi tenker at kreative måtar å sjå på formuesskatten som dette, ikkje er noko lurt. Det er berre å sjå til Bø. Det var ikkje akkurat ein eineståande suksess.

Fylkesråd Fredric Persson

Fredric Persson i Arbeidarpartiet trur ikkje det er eit lurt grep.

Foto: Nordland fylkeskommune

Persson understrekar at Arbeidarpartiet er opne for å diskutere formuesskatt, men at denne typen diskusjonar ikkje høyrer heime i ein bystyresal, men på Stortinget.

– Korleis trur du inntektene i Bodø kommune blir påverka?

– Det vil påverke kommuneøkonomien negativt. Høgre vil påstå at dette vil føre til ei rekke nyetableringar, men vi er ikkje så sikre på det. Det vil kanskje ei utgreiing vise.

Les også Har blitt rik på millionærer som har flyttet til kommunen – må gi bort nesten alt

Vesterålen torskeslakteri i Bø

NHO: – Blant dei viktigaste tiltaka

NHO Nordland applauderer Bodø kommune sine ambisjonar om kutt i eigarskatten.

– Vi må gjere alt vi kan for å styrke det private og lokale norske eigarskapet, seier regiondirektør Hans Christian Hansson i ei pressemelding.

Han forklarar at dagens høge skatt på såkalla arbeidande kapital er utfordrande for bedriftene fordi det direkte reduserer deira evne til å investere, utvikle og omstille seg.

Hans Christian Hansson leder i NHO Nordland.

Hans Christian Hansson, regiondirektør i NHO Nordland.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Det gjeld heile breidda av norske bedrifter, frå små familieeigde bedrifter til dei store, seier Hansson.

– Eit lågare skattetrykk er blant dei viktigaste tiltaka dei små og mellomstore medlemsbedriftene våre ber om.

– Meir oppteken av økonomien til venene

Andreas Tymi i Bodø Rødt er klar i talen på at dette ikkje er vegen å gå.

– Myten til Høgre er at formuesskatten er skadeleg for norske eigarskap, arbeidsplassar og næringslivet. Men sanninga er at skatten bidrar til infrastruktur og til fellesskapet.

Forslaget til Høgre er ikkje riktig veg å gå, meiner han.

– Trur du Høgre undervurderer kva desse inntektene betyr for økonomien til Bodø kommune?

– Nei, eg trur dei veit det. Dei er meir opptatte av økonomien til venene sine i næringslivet enn økonomien til Bodø kommune.

Andreas Tymi i Rødt Bodø.

Andreas Tymi i Rødt Bodø.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Tymi meiner dette vil ha noko å seie for bemanninga i helse og omsorg og folk si kjensle av rettferd.

– Viss du får beskjed om at det blir kutta i ei teneste som du treng, så hjelper det i alle fall ikkje å høyre at Høgre gir gåvepakkar til sine vener i næringslivet.

– Dei vil tape på dette både på kort og lengre sikt, avsluttar Tymi.

Ordførar Ingebrigtsen meiner på si side at skattepolitikken i dag allereie påverkar kommuneøkonomien negativt.

– Det einaste eg veit er at det har fått negative konsekvensar allereie for kommuneøkonomien og det er eg bekymra for. Mitt og bystyret sitt oppdrag er å legge til rette for vekst og utvikling her i Bodø, derfor ønsker vi å få utgreiia akkurat dette spørsmålet.