Det går så det grin for norske lakseoppdrettarar.
Denne veka kom nye eksporttal som viser at sjømateksporten aldri før har hatt ein så sterk juli månad.
Samstundes la to av Noregs største oppdrettsselskap fram svært gode tal for i fjor.
Selskapet Nova Sea bokførte eit overskot på 1,1 milliard.
Eigarane fekk med seg heim eit utbytte på 700 millionar kroner. 80 millionar blei delt ut i bonus til dei tilsette. I gjennomsnitt vil det seie om lag 231.000 på kvar.
Også selskapet Nordlaks leverte eit overskot på litt over ein milliard i fjor.
Til saman gjekk altså dei to største norskeigde selskapa i Nordland med over 2 milliardar i resultatoverskot.
– Det viser at vi hadde rett heile vegen. Den skremselspropagandaen som kom frå næringa stemmer ikkje. No går det så det ljomer, seier Torgeir Knag Fylkesnes i SV.
Nova Sea: – Tilsette er ekstremt viktige
Oppdrettsselskapet Nova Sea, i Lurøy i Nordland, har vore ein av dei største kritikarane for innføringa av den nye lakseskatten.
Selskapet trekte mellom anna eit kjøp frå staten og la milliardinvesteringar i slakteri og settefiskanlegg på vent då skatten låg på diskusjonsbordet.
Kommunikasjonsansvarleg i Nova Sea, Trud Berg, ønsker ikkje å svare på kritikken frå SV, men seier dette om bakgrunnen for det store overskotet:
– Årsaka til at vi har auka overskotet så mykje i 2022 handlar om høge priser på laks og svak krone.
Likevel ser ikkje Berg berre lyst på framtida.
Midtvegs i 2023 er dei framleis ikkje sikre på korleis grunnrenta vil slå ut, sidan delar av ordninga framleis er på høyring.
– Men er det ikkje ein god del pengar å gå på i overskotet på 1,1 milliardar som kan bli sett av til lakseskatten?
– Vi har heile tida sagt at vi er villige til å betale meir i skatt, men utfordringa for oss er innretninga på skatten og føreseielegheit, seier ho og legg til:
– Vi veit enno ikkje kva slags inntekter vi skal skatte på for 2023.
– Er det aktuelt å kutte i bonusordninga for tilsette for å hente inn litt til grunnrenteskatten?
– Bonusordninga har alltid bygd på overskotet. Når det går meir pengar til skatt, vil det i framtida også gå noko mindre til bonus til dei tilsette som ein direkte konsekvens, seier ho og legg til:
– Vi har denne bonusordninga fordi dei tilsette er ekstremt viktige. Det er deira kompetanse og kunnskap som gjer at vi kan levere så gode resultat som vi faktisk har.
SV: – Skremselspropaganda
Men nestleiar i næringskomiteen på Stortinget, Torgeir Knag Fylkesnes (SV), trur derimot ikkje at den økonomiske framtida til oppdrettsnæringa er så mørk.
Han meiner dei store utbetalingane i oppdrettsselskapa tydar på at dei kan takle grunnrenteskatten når han blir innført.
– Det viser at selskapa har enorme innteningar og sjølvsagt musklar til både å betale skatt og gjere nye investeringar.
SV-politikaren meiner heller ikkje oppdrettarane har nokon grunn til å meine at den nye skatten er uføreseielegheit.
– Det er ein ganske låg grunnrenteskatt som berre siktar seg inn på såkalla «superprofitt», altså skatt på profitt som strekkjer seg langt ut over vanleg inntening.
– Årsaka til at det går godt no er høge priser på laks og ei svak krone. Korleis kan oppdrettsnæringa vere trygg på at det held fram?
– Dette er næring som har gått utruleg bra sidan 2000-talet. Det å tru at det plutseleg blir veldig vanskelege tilstandar i marknaden er vanskeleg å førestille seg, seier Fylkesnes.
– Ingen næringar i Noreg går så bra som oppdrettsnæringa har gjort, hevdar han.
NRK har presentert kritikken frå SV til Nova Sea som ikkje ønsker å kommentere på det.
– Bonus skaper motivasjon
Linda Nøstbakke var medlem av Havbruksskatteutvalget, som i sin tid foreslo den nye skatten.
Ho har forståing for at selskapa betaler ut bonus til sine tilsette, sjølv om det kan virke meir fornuftig å spare overskotet i usikre lakseskattetider.
– Det gjer dei mellom anna for å skape motivasjon og engasjement hos dei tilsette.
Selskapet Nova Sea ligg også på den vesle øya Lovund. Det trur Nøstbakken speler inn for at selskapet vel å bruke overskotet på dei tilsette.
– Kanskje har denne typen tilbod ekstra stor verdi for selskap i distriktet.
Likevel meiner ho at det som vore lønsame investeringar vil forbli det.
– Eg og mange andre samfunnsøkonomar har sagt at ein nøytralt forma ut grunnrenteskatt ikkje skal endre investeringane, seier samfunnsøkonomen, og legg til:
– Men det er kanskje litt tidleg å overtale skeptikarane enno.