Hopp til innhold

Turistar sparkar laus tusenårige kulturminne – no skal hundrevis av vardar fjernast

På Saltfjellet blir kulturminne øydelagde fordi turistane bygger vardar på spreng. No vil senterleiaren for Polarsirkelsenteret stenge området og rive vardane.

Vardar rundt Polarsirkelsenteret

VARDEBYGGING: – Området med vardar blir berre større og større, seier sekretariatsleiar i Midtre Nordland nasjonalparkstyre. Turistar starta med å bygge vardar for 10 til 15 år sidan.

Foto: Frank Nygård / NRK

Fleire typar hærverk på gamle kulturminne har vekt bekymring blant ekspertane denne sommaren.

I Lofoten har det blitt avdekka hærverk og innrissingar i opp til 16 fjell. Fylkeskommunen har meldt fleire tilfelle av såkalla miljøkriminalitet til politiet.

Polarsirkelsenteret på Saltfjellet i Nordland har opp mot 200.000 besøkande kvar sommar.

Senteret ligg 680 meter over havet tett inntil E6, og er eit av Nord-Noregs mest populære turistattraksjonar.

Mange av turistane ferdast også i området rundt og vil legge igjen spor etter seg, sjølv om store delar av Saltfjellet er verna som nasjonalpark.

Området som har vore populært å varde i, blir større og større ifølge senterleiar for Polarsirkelsenteret, Fredrik Vollan.

– Dette er eit kjempeproblem for senteret, området og nasjonalparken. Det er allereie øydelagd ein del av kulturhistoria. Vi ser at det spreier seg meir ut i nasjonalparken og utvidar seg for kvar dag som går, seier han.

Fredrik Vollan, senterleiar Polarsirkelområdet

– Vi samarbeider med nasjonalparkstyret og har ambisjonar om å få fjerna alt her oppe, seier Fredrik Vollan.

Foto: Frank Nygård / NRK

Vollan meiner skadane frå turistane er blitt så alvorlege at han vil stenge av området for fri ferdsel.

Dette spesifikke området er eit landskapsvernområde.

– Det håpar vi verkeleg, så det får lov til å gro opp igjen slik at det kan bli den vakre, grøne nasjonalparken som vi er så glade i, seier Vollan.

Om du står på Saltfjellet, er der vardar så langt auga rekk.

Varder rundt Polarsirkelsenteret

SPOR: Det som før var grøn vegetasjon, er no stein og sand.

Foto: Frank Nygård / NRK

Uopprettelege skadar

Problemet er ikkje berre at turistane stablar steinar. Dei har også med seg plakkar som dei borrar og limar fast til steinane i området.

Borrar plakkar i steinar

BORRAR FAST: Folk tar med seg utstyr for å borre fast plakkar i steinar som ikkje høyrer til terrenget.

Foto: Frank Nygård / NRK

Inge Sollund Ingvaldsen, sekretariatsleiar i Midtre Nordland nasjonalparkstyre fortel at dei jobbar målretta med å få bukt på problemet.

– Dette er steinar som blir flytta rundt på. Kva er problemet?

– Det er to problem. Det eine er slitasjen på landskapet med tekst, og svært omfattande nedtrakking av terreng.

Bokstavar i steinar, Saltfjellet verna område

– Folk brukar steinane til å skrive namn, fredsteikn og alt mogleg rart, seier Vollan.

Foto: Frank Nygård / NRK

Saltfjellet har eit samisk kulturmiljø som gjennom fleire tusen år har lag på lag med kulturminne. Området reknast som det eldste og viktigaste området for samisk kulturarv sør for Finnmark.

– Den største negative konsekvensen er at fleire samiske kulturminne har gått tapt. Gamle samiske eldstader, såkalla Árran, har blitt sparka laus og bygd vardar av. Det er ein uoppretteleg skade, seier Sollund Ingvaldsen.

Fleire tusen år med kulturminne

I dei mest intense områda for vardebygging er det berre sand og stein igjen, og ingen vegetasjon.

I første omgang området ryddast for å gjere terrenget meir jomfrueleg, slik at det får moglegheit til å vegetere seg på nytt og kome tilbake til sin naturlege tilstand.

Mogleg ferdselsforbod

Om turistane ikkje gir seg er neste skritt eit mogleg ferdselstilbod, ifølge Sollund Ingvaldsen.

– Det er ikkje noko vi i nasjonalparkstyret har myndigheit til å bestemme. Men det kan gå så langt at eit ferdselsforbod blir nødvendig for å få bukt med dette aukande problemet, seier Sollund Ingvaldsen.

– Det er skilta i området, men dei står på feil plassar. Det håpar vi å få gjort noko med no, seier Sollund.

Polarsirkelsenteret

Området som har vore populært å varde i, blir større og større ifølge senterleiar for Polarsirkelsenteret, Fredrik Vollan.

Foto: Frank Nygård / NRK

Les også Visste ikke om gamle kulturminner på eiendommen – må rive og restaurere

Bilde av grunnmur ved Lovisenberg skole i Hamar kommune

Les også Lumsk larve er i ferd med å spise opp fredet kloster-allé

Horder med larver av askebladveps, Tomostethus nigritus, i Rissa, Indre Fosen