Hopp til innhold

Fleire titals vart smitta på konsert: – Kor er risikosport

– Det seier seg sjølv at når ein syng i kor brukar ein mykje meir volum og det vert meir dropesmitte, seier kommuneoverlege. Likevel har han ikkje mandat til å stanse koraktivitetar.

Under denne konserten vart eit titals menneske smitta. Kommuneoverlegen meiner korsongen spreidde smitta effektivt.

Bodø Domkirke var fylt til randa av musikarar og koristar.

Arktisk Filharmoni var der. Det var også domkoret og eit gutekor med koristar frå heile landet.

Det var duka til høgtidsstemning. Men blant songarane var det smitte.

Det førte til at fleire titals vart smitta ifølge kommuneoverlegen i Bodø.

Dei neste dagane og vekene skal kor over heile landet synge jula inn.

– Kor er risikosport

Kommuneoverlege Tor Claudi i Bodø fortel at både musikarar i filharmonien, koristar og også nokre publikummarar vart smitta.

– Kor er risikosport. Det seier seg sjølv at når ein syng i kor brukar ein mykje meir volum enn ein brukar til vanleg. Då vert det og mykje meir dropesmitte, seier Claudi.

Ida Maria Pinnerød og Tor Claudi

Kommuneoverlege Tor Claudi meiner kor er risikosport.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Det er ikkje ukjent at korsong eir ein aktivitet som effektivt spreier smitte.

Men med det nye TISK-regimet har ikkje smittevernlegar og kommunar lenger mandat til å stanse aktivitetar med til dømes kor.

– Vi kan ikkje forby korkonsertar, berre gjere arrangørane merksame på at det er større risiko ved korsong enn andre aktivitetar.

Tidlegare var det smittevernoverlege og kommune som hadde ansvar for smittesporing. No er det opp til kvar og ein av oss. Og til arrangørane, som lagar store samkome av menneske.

Men kommuneoverlegen fortel at det har vore arrangert ein del arrangement der det ikkje har blitt smitte.

Mellom anna vart det arrangert ein diger idrettsturnering i Nordlandshallen i Bodø same helg som konserten.

Korkje der eller på dei store utekampane til Bodø/Glimt på Aspmyra har det blitt oppdaga noko særleg smitte ifølge kommuneoverlegen.

NRK forklarer

Kvifor er korsang så farleg i koronapandemien?

Kvifor er korsang så farleg i koronapandemien?

Korleis spreiar korona seg?

Eit host eller eit nys lager ein slags ballong i lufta med ein blanding av spytt, slim og snørr.

Viss blandingen har virus i seg, havmer fleire hundre millionar viruspartiklar i lufta. Berre når vi pratar, spreiar vi tusenvis av små dråpar.

Dråpane er så små at vi ikkje kan sjå dei, og dei veg så lite at dei kan bli hengande i lufta i timesvis før de fell til bakken

Kvifor er korsang så farleg i koronapandemien?

Men kvifor er kor så mykje meir farleg enn prating?

Samanlikna med prating, skjer det ganske mykje meir når vi syng. Lyden kjem konstant, ofte med sterkare trykk, høgare frekvens, dypare pust og ikkje minst, tydelegare artikulerte konsonantar.

Særleg det å synge konsonantar slepp fri mange store dråper. Bokstavene B og P stikk seg ut som dei største spreiarane.

Kvifor er korsang så farleg i koronapandemien?

Korleis veit vi dette?

Svenske forskarar frå Lunds Universitet gjorde eit forsøk der dei målte dråpane i lufta då ein rekke songarar sang. Det blei målt ved hjelp av sterke lampar, eit hurtigkamera og eit instrument som kan måle veldig små partiklar.

Kvifor er korsang så farleg i koronapandemien?

Men betyr det at vi ikkje kan synge i kor meir?

Dei svenske forskarane meiner at viss vi forstår risikoen i samanhengar der mange syng samen, kan vi også synge på ein tryggare måte.

Vi kan altså synge om vi held god avstand, har god hygiene og god ventilasjon.

Munnbeskyttarar ser også ut til å gjere ein forskjell.

 

Kjelde: https://forskning.no/musikk-sykdommer/korona-hvor-farlig-er-det-a-synge/1735351

For enkelt å skulde på kor

I byrjinga av pandemien undersøkte Sintef og FHI om å synge i kor og spele instrument var ein kjelde til dropesmitte.

Ernst Kristian Rødland, overlege og doktor i immunologi i FHI seier at ein no snakkar annleis om dropesmitte.

– Før snakka vi om dropesmitte, luftsmitte og kontaktsmitte. No snakkar vi om innåndingssmitte. Det vi veit no er at dei mindre dropane speler ein større rolle enn vi trudde før.

Overlege i Folkehelseinstituttet Ernst Kristian Rødland.

Ernst Kristian Rødland, overlege og doktor i immunologi i FHI seier det er for enkelt å berre skulde på korsongen.

Foto: Maria Gran / NRK

Likevel meiner han at det vert for enkelt å peike ut korsong som syndar.

– Det handlar også om storleiken til lokala, temperaturane og ventilasjon mellom anna. Framleis er kontakt mellom menneske og kor lenge dei er i nær kontakt med kvarandre det som aukar risikoen. Det er ein kombinasjon av mange faktorar som speler saman.

– Om ein syng og skråler i ein tett pub er det verre enn å synge i ein stor hall. Det er ikkje mogleg å seie at den aktiviteten i seg sjølv er risikabel.

Assisterende helsedirekør, Espen Nakstad, forteller om smitterisiko forbundet med avstand til hverandre. Folk ved UiO blir spurt hva de tenker er en meters avstand.

I starten av pandemien fortalde assisterande helsedirektør, Espen Nakstad, om smitterisiko forbunde med avstand. Ein veit no meir om dropesmitte, men lite om den nye omikronvarianten av viruset. Difor er avstand framleis viktig.

Konsertarrangøranes foreining

Generalsekretær i Noregs Korforbund, Marianne Bremnes, seier at dei ber alle deira kor om å følge med på restriksjonane i sine kommunar, men dei rår ingen om å avlyse konsertane enno.

– Spørsmålet er om det var arrangementet eller korsongen som gjorde at det vart smitte i Bodø, seier ho.

Når til og med Nakstad seier at det er greitt å gå på julebord, meiner ho at det ikkje bør vere noko problem å gå på korkonsert.

Om publikum bruker munnbind, konserten er gjort utan pause og arrangørane følger publikum inn og ut av lokala meiner ho mange konsertar kan verte heldt likevel.

Bodø domkirke

Konserten med fleire kor og orkester vert heldt for fullsett sal i Domkyrkja i Bodø.

Foto: Benjamin Fredriksen / Ola Helness / NRK

– Det er mange kor som har konsertar no i helga og neste helg. Eg håper verkeleg at vi får lov å synge jula inn i år. Men kvart kor og kvar arrangør må kjenne på det sjølv.

Men smitta i domkyrkjekonserten har allereie hatt ringverknadar.

Stormen konserthus skulle eigentleg hatt allsongkonsert denne veka. Den har dei avlyst.

No står både den tradisjonelle Luciakonserten og «Vi syng jula inn»-konserten for tur i Domkyrkja i Bodø.

Tradisjonell konsert i ein tynn tråd

Alice Sivertsen er dagleg leder for Bodø domkyrkje. Før den svært populære Luciakonserten vil det vere ein gudsteneste for Forsvaret, der det òg vert korsong.

Ho seier at dei er førebudd på at både den og Luciakonserten kan bli avlyst, men at det er opp til fagfolket.

Korkonsert i dokyrkja første til at fleire titals vart smitta

I konserten i domkyrkja for to veker sidan blei fleire titals smitta. Om den tradisjonelle Luciakonserten vert heldt vil avstand vere viktig.

Foto: Charlotte Gjertsen

– Dersom kommuneoverlegen seier det er greitt, held vi konsertane, men med modifikasjonar.

På Luciakonserten går koristane vanlegvis rundt i kyrkjerommet, men det blir uaktuelt denne gongen, om konserten vert heldt.. Det vil også vere hurtigtestar av alle sangerne i følge Sivertsen.

– Det er veldig vanskeleg dette her. Det er så mange som gleder seg til disse konsertane, men det trumfar sjølvsagt ikkje smittevernet. Dersom kommuneoverlegen seier at det ikkje er forsvarleg å halde disse konsertane, så må vi avlyse, seier Sivertsen.