Hopp til innhold

Ser klar trend: Aksel (23) fekk sommarjobb allereie i januar

Om du skal ha jobb i sommar kan det begynne å haste. Fleire ekspertar seier at utlysingane kjem tidlegare og tidlegare.

Aksel Egge

TIDLEG UTE: Aksel Egge søkte på sommarjobb allereie i januar og er godt kjend med at sommarjobbar blir utlyst i desember.

Foto: Thomas Alstad / NRK

Det er særleg éin type jobb mange er på jakt etter allereie i januar, viser tal frå Finn jobb.

Nemleg sommarjobb.

Det er søkeordet som tronar på toppen av lista på Finn jobb.

Over 16.000 stillingar til ulike sommarjobbar ligg ute over heile Noreg på marknadsplassen.

Aksel Egge var ein av dei som fekk jobb allereie i januar, i nyheitsbyrået NTB. Han studerer siste året på journalistutdanninga ved Nord universitet.

– Eg synest eigentleg det er ganske greitt. For med ein gong eg innstilte meg på kor eg skulle vere i sommar, så kunne eg allereie i midten av desember gå inn og sjå kven som leitar.

Aksel Egge

Aksel Egge er fornøgd med å ha fått seg sommarjobb hos nyheitsbyrået NTB, og det lenge før snøen har forsvunnen frå bakken.

Foto: Thomas Alstad / NRK

I dag er det 16.014 stillingar til sommarjobb fordelt på 1993 ulike annonsar på Finn.

Halvparten av desse låg ute allereie i midten av januar.

– Det er faktisk slik at mange bedrifter startar å førebu seg på sommaren allereie. Derfor er det smart å legge inn eit søk på aktuelle jobbar på nyåret, seier Christopher Ringvold, jobbanalytikar og leiar i FINN jobb.

Christopher Ringvold

Christopher Ringvold er leiar i Finn jobb. Han oppfordrar til å starte jakta på sommarjobb tidleg.

Foto: Finn

– Vanskelegare å få tak i folk

Det som tidlegare har vore januar og februar har no for mange blitt november og desember.

Det seier Gard Michalsen om dei tidlege utlysingane. Han er dagleg leiar og rådgjevar i rekrutteringsbyrået Heia Nord-Norge.

– Det er vanskelegare å få tak i folk. Også til sommarjobbar. Så det kan vere ein god idé å vere tidlegare ute i jakta på dei beste folka, seier han.

Han meiner dette er eit godt bilde på kampen om kompetanse.

– Ein må vere tidlegare ute, seier Michalsen.

Gard Michalsen ved havet
Foto: Øyvind Arvola

7 av 10 unge har sommarjobb

Ifølge SSB er det fleire unge som hadde sommarjobb i 2022 enn tidlegare. Dette året hadde 7 av 10 unge mellom 15 og 24 år jobb i løpet av sommarmånadane.

Desse er dei vanlegaste yrka ifølge SSB:

  • Salsyrket: Butikk, gatekjøkken og kafé
  • Pleie og omsorgsarbeidarar i pleie, skule eller barnehage
  • Yrke innan personleg tenesteyting, hovudsakleg servitørar

Nav: – Kjem allereie i desember

Ser du på Arbeidsplassen.no finn du at det ligg ute 9.141 stillingar på 830 ulike annonsar i dag.

Nettopp derfor Nav oppfordrar allereie ved nyttårsskiftet om å søke sommarjobb.

– Nettopp fordi vi har sett den same trenden at allereie i desember begynner sommarjobbane å kome, seier Karoline Linderud i Nav Jobblyst.

Karoline Linderud i Nav

– Det er berre tidlegare og tidlegare at arbeidsgivarane ønsker å fylle opp stillingane sine, og jo enklare er det å planlegge sommaren også, seier Linderud.

Foto: Nav

Ho seier det er både fordelar og ulemper med at søknadsprosessen startar så tidleg.

  • Fordel: Du har betre tid og kan søke på fleire jobbar undervegs i prosessen.
  • Ulempe: At mange ikkje har begynt å tenke på sommarjobb endå, fordi dei har nok med å tenke på julejobb.

– Eg trur at i perioden januar til mars, så vil det berre auke endå meir i februar, seier Linderud, som legg til:

– Her må vi prøve å vere litt tidleg ute med informasjon. Det er jo fordi det er viktig, dersom ein skal ha sommarjobb, å starte prosessen tidleg viss ein skal få jobben ein ønsker.

Les også Tatt på rumpa og kalt dum: – Man må nesten bare tåle det

Anette

Tips til korleis du får jobb

Linderud i Nav har klare råd dersom du vil sørge for at du får deg ein sommarjobb, også om du ikkje har så mykje erfaring frå før.

– Det er ikkje nødvendig å ha arbeidserfaring fordi det å ha sommarjobb er ofte den første jobben du har.

  1. Tenk litt større og grav i kva du har gjort. Alt frå småjobbar eller erfaring frå russetida kan hjelpe på CV-en.
  2. Bruk dine personlege eigenskapar eller annan erfaring via fritidsaktivitetar, skule, verv eller utdanning.
  3. Start tidleg med prosessen. Då unngår du at moglegheitene går frå deg.

Les også Dayo blir kasta ut om han ikkje får seg rett jobb

Dayo

Meiner marknaden har snudd

Gard Michalsen forklarar at mens det tidlegare var arbeidsgivars marknad, har det no blitt arbeidstakars marknad.

Dei «flinke folka» kan altså shoppe meir rundt og velje jobbar.

– Tidlegare var det ein kamp om å få jobb i det heile tatt.

Dette gjeld særleg i distrikta og i Nord-Noreg.

Unntaka er dei store byane som Oslo, Bergen og Trondheim. Her er det mange folk som framleis kjempar om dei same jobbane.

Akkurat som for Egge. Sjølv om det var heldig for han, forstår han også at det er litt tidlegaste laget for mange.

– Eg kan jo forstå at det kan vere litt tidleg for folk med tanke på at ein kanskje ikkje er heilt sikker på kor ein har lyst til å vere. Det kan hende eg berre var heldig i år med at eg var sikker, om du skjønar.

Les også Henrik får 10.000 kroner ekstra for å jobbe heile sommaren

Henrik Sjåmo