– Eg er veldig glad i nøtter. Eg synest det er godt, og et det som ein snack når eg ser på film eller gamar, seier Teodor Nordnes Borge (15).
– Har du merkt at prisen har gått opp?
Teodor Nordnes Borge (16) kjøper ikkje like mykje nøtter som før fordi prisen på nøttene han et har gått opp.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Det har eg merkt. Prisen har gått veldig opp. Når det blir litt dyrare, kjøper eg litt mindre. No kjøper eg det ikkje kvar helg.
Det er nemleg kraftig prisvekst på dei fleste nøtter.
Ifølge SSB hadde prisen gått på nøtter gått opp 7,6 prosent mellom august i år og i fjor.
Den gjennomsnittlege prisveksten på same tid var 3,5 prosent.
Og 16-åringen er ikkje den einaste som har merkt at nøtter er i vinden:
– Eg et mykje nøtter, særleg peanøtter som er min favoritt. Men eg har ikkje merkt at dei har blitt så mykje dyrare, seier Arlene Abrahamsen.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Eg er litt glad i det, men eg et ikkje så mykje av det. Eg vel heller godteri som snack. Men eg kan sjå føre meg at prisen har gått opp, seier Trygve Kibsgaard.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Eg et ein del nøtter, særleg valnøtter på ost til frukost. Men eg har ikkje merkt at prisen har gått opp, for det er pappa som kjøper dei til meg.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK
Men er det verkeleg «nøtt» til å vere så dyrt?
Nesten 900 kr for ein pose nøtter
Når fleire vil ete nøtter, blir det òg ein større marknad. Det merker butikkane.
Maria Edvardsen står i Sunkost-butikken ho driv på Hunstad i Bodø og sorterer i nøttedisken.
– Dei siste åra har vi sett at folk berre vil ha meir og meir nøtter, seier ho.
Det er nemleg også «nøttig» å ete nøtter.
– Det inneheld mykje sunne gode stoff som jern, sink, jod og mineral. Du får rett og slett ein naturleg vitaminpille med mykje fiber i nøtter.
– Vi ser at fleire og fleire folk vi ha rein mat. Difor er nøtter noko av det det går mykje av, seier Maria Edvardsen, dagleg leiar av Sunkost Hunstad.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKLive Kjenner, som er marknadsdirektør i Sunkost, fortel at kjeda hittil i år sel over 30 prosent meir nøtter.
– Dette stadfester at nøtter har ein sterkare posisjon både blant eksisterande og nye kundar. Etterspurnaden har auka jamt i både butikk og nettbutikk, fortel Kjenner.
Men når fleire vel den sunne snacksen, merker kjeda også at fleire nøttetypar har blitt dyrare å kjøpe inn.
Sunkost sel ikkje lenger paranøtter i posar på 1 kg grunna den ekstreme prisauken. Posten kosta nemleg nesten 900 kr
Fordi folk ha fått augo opp for matvara, har Sunkost kunne lansere mange nye eigne produkt som til dømes nøttesmør.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Men vi jobbar aktivt med å sikre stabile leveransar og konkurransedyktige prisar, seier Kjenner.
Også i den vesle butikken på Hunstad har Edvardsen justert på prislappane.
– Korleis reagerer kundane dine på at prisane på nøtter har gått opp?
– Nokon sjekkar kanskje prisane litt ekstra, men dei veit at det er det dei må betale for eit godt produkt. Sjølv synest eg det er ei god investering i helsa.
På nett finn ein framleis posten med paranøtter, men Sunkost opplyser at den har utgått og berre er på restlager i eit par butikkar.
Foto: Skjermdump / Sunkost– Gjer dei litt stive prisane noko med etterspurnaden, eller har nøttetrenden kome for å bli?
– Eg trur det er ein trend som har kome for å bli, fordi nøtter er så sundt og inneheld mykje av næringa du treng kvar dag.
På butikken i Hunstad sel dei fleire nøtter, sjølv om prisane har gått opp.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKEr det ein nøtt at prisen aukar?
Det er mange grunner til at prisen på nøtter har gått i taket.
Foodman er ein stor importør av nøtter i Noreg. Dei fortel at for å knekke nøtta om den høge prisen må ein sjå mange stader:
- Klimaendringar og ekstremvêr
- Auka priser på energi og frakt
- Vekst i global etterspurnad
- Handelspolitiske faktorar
– Grunnlaget for aukinga i prisen ligg i eit redusert tilbod frå sentrale produsentland, seier dagleg leiar i Foodman, Petter Grunnan.
Det skuldast i hovudsak ekstremvêr og klimaendringar. Langvarig tørke er kritisk for produksjonen av mandel og pistasj i California. Sein frost har ramma produksjonen av hasselnøtter i Tyrkia.
Paranøtter er nokon av nøttene som har blitt mykje dyrare. Det er fordi dei ikkje blir dyrka kommersielt og berre veks i regnskogen i Sør-Amerika.
Foto: CHAIDEER MAHYUDDIN / AFP / NTBHeile verdsproduksjonen er difor basert på innsamling av nøtter frå ville trær i jungelen.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKMen prisen på peanøtter har falle kraftig det siste året.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKSjølv om endringar i prisen kan vere eit problem for forbrukar eller kjøpmann, får det òg store konsekvensar for bonden eller sankaren.
Foto: Gowtham AGM / UnsplashDei får ein betydeleg risiko med tanke på eigen inntekt.
Foto: Pasquale Farro / Unsplash
I tillegg gjer auka priser på energi at det blir dyrare å til dømes riste eller tørke nøttene, og global logistikk har blitt dyrare og mindre føreseieleg, fortel Grunnan.
– Prisane på frakt kan også endre seg raskt og med store utslag. I Argentina har dei ofte problem med å få konteinarar med på skipet dei ønsker fordi fraktselskapa endrar kor dei går i land til der det er mest lønnsamt og dei kan hente ut størst mogeleg gevinst.
Importerer likevel meir nøtter
Også importøren merkar at forbrukarar stadig etterspør sunnare alternativ til snack. Der er ofte nøtter ein sentral ingrediens.
Sjølv om prisen på nøtter har auka, meiner Sunkost at deira kundar held fram med å kjøpe nøtter, og at dei i tillegg kjøper meir enn før.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRKVegetar- og veganarkosthald har òg ført til ein ny stabil etterspurnad etter nøtter som ein industriell råvare. Sjølv om det er dyrare å importere, importerer Foodman difor meir nøtter enn før.
– Disse trendane kjem med sosiale medier, og prisane kan då stige veldig raskt, seier Grunnan og viser til mellom anna Dubai-sjokolade som inneheld pistasjnøtter.
Men også tollsatsar og internasjonal handelsuro speler inn og kan føre til plutselege prishopp på spesifikke nøttetypar frå visse regionar. Om USA vel å sette ned tollen på varar frå Vietnam, vil det påverke prisen på kasjunøtter.
Produksjonen av hasselnøtt blei i år ramma av sein frost i Tyrkia. Det har verka inn på prisen på nøttene.
Foto: Reidar Gregersen / NRK– Samla sett skaper disse faktorane betydeleg prispress frå fleire kantar samtidig.
Det gjer ifølge Grunnan at dei i Foodman må vere på tå hev.
– Store prisaukingar påverkar etterspørsel og det er på ingen måte positivt for oss. Tvert i mot. Samtidig motverkar de store trendskifta ein del.