Hopp til innhold

Celina (27) har hatt laus mage i ni år – så endra ho kosthaldet

Celina Jakobsen har slite med irritabel tarmsyndrom sidan ho var 19 år. I fortvilinga over magetrøbbel, tok ho drastiske grep.

Celina Jakobsen (27) har hatt irritabel tarmsyndrom i mange år, no har ho lagt om kosthaldet og fått ein ny kvardag.

NYTT KOSTHALD: Celina Jakobsen har endra matvanane sine og kvitta seg med laus mage. Spesielt to ting har fungert.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Hadde nokon fortalt meg dette, hadde eg aldri trudd på dei, seier Celina Jakobsen (27).

I mange år hadde ho høyrt at ho skulle ete lite og ofte.

I fortvilinga over magetrøbbel kunne ho vere oppe i alt mellom fem til åtte mindre måltid om dagen.

For magen kunne vrenge seg ganske akutt, og gi mykje smerter.

I dag et ho eitt til to måltid om dagen.

Ein fargefest av eit måltid hos Celina Jakobsen i Svolvær

Jakobsen et ikkje salat kvar dag. Kosthaldet består av vanlege ting, som potet, grønsaker, kjøtt og fisk – men mindre ultraprosessert mat.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Sidan 2018 har ho hatt laus mage og irritabel tarm, ofte akkompagnert med irritabelt humør.

Det var vanskeleg å vite når ho måtte på do. Ho visste derimot godt at det var kritisk å vite kvar næraste toalettet var.

– Eg har eit heilt nytt liv. Vekta har også vore stabil, fortel ho, men det er meir ein bonus.

Tenkte få måltid var urealistisk

Jakobsen bur i Lofoten med sambuaren og deira felles hund. Ho finn fram nokre av hovudingrediensane for neste måltid.

Den fyldige salaten klokka 17 blir dagens andre måltid.

Jakobsen passar på at ho får i seg både feitt, protein og karbohydrat.

– Helsedirektoratet har ingen generelle råd om å ete mykje og sjeldan. Kan du forstå at folk synest det høyrest ekstremt ut å ete to måltid om dagen?

Celina Jakobsen inntar middagen åleine når sambuaren er vekkreist på jobb.

Når sambuaren er bortreist på jobb, lagar Jakobsen middag til seg sjølv. Han et som regel det ho lagar, men er ikkje like opptatt av fasting.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Ja, det synest eg sjølv også då eg fekk det anbefalt. Eg kjente på den konstante svolten og eg tenkte det var urealistisk at eg skulle gå så lenge utan å ete.

Jakobsen trur at mange fleire kunne hatt det fint med å kutte ned fleire måltid.

– Men det fungerer ikkje for alle. Ein må tilpasse etter eigen kropp.

Svolvær havn/kai om vinteren, mars 2023.

RÅVARER: Jakobsen forklarar at det er overraskande vanskeleg å få tak i mykje råvarer i Lofoten, som er kjent for fiske. Det er litt som å røpe kvar ein får tak i moltene om sommaren.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Ein vanleg diagnose

Ifølge Helsenorge er irritabel tarmsyndrom (IBS) ganske vanleg. Det er rundt 15 av 100 personar i befolkninga med tilstanden.

Det førekjem hos begge kjønn og i alle aldrar, men førekomsten er høgare hos kvinner og hos unge.

I sine råd for måltidsmønster forklarar Helsedirektoratet at det passar dei fleste å ete regelmessige måltid med tre til fire timars mellomrom, og presiserer at det kan vere individuelt.

Vidare står det at gode måltidsrytmar som passar for mange er enten tre hovudmåltid med eitt til to mellommåltid per dag, eller fire hovudmåltid med eit lite mellommåltid.

Altså rundt fem måltid om dagen.

Kutt mellommåltid og et råvarer

Celina Jakobsen jobbar som psykolog og fann løysinga på problemet via ein kollega.

– Ein lege tipsa meg om boka til Marit Kolby. Eg begynte å lese meg opp på fasting, og det å ete godt når ein et. Og det å kutte ut ultraprosessert mat.

I boka «Hva og når skal vi spise?» skriv ernæringsbiolog Marit Kolby om det ho meiner er fordelane ved fasting. Boka låg høgt på bestseljarlista sidan ho kom ut i 2022.

Hva og når skal vi spise? av Marit Kolby

Hva og når skal vi spise? av Marit Kolby

Foto: FRISK

I 2023 ligg ho framleis på topp hos fleire av dei store bokhandlarane.

Kolby sine to hovudpoeng:

  • Et to-tre større måltid og kutt ut mellommåltid. Sørg for eksempel for at nattfasta blir lang nok.
  • Et mest mogleg heile råvarer, og minst mogleg ultraprosessert mat, som for eksempel posesupper og energibarar.

Nokre har også vore kritiske fordi det kan gi uheldige signal til barn og folk med ulike sjukdomar.

Leiar for Nasjonalt råd for ernæring, Jøran Hjelmesæth, har tidlegare sagt til NRK at han er kritisk til at folk hoppar på diettar i «hytt og vær». Han rår ifrå barn, unge, gravide og gamle om å prøve seg på tidsavgrensa eting.

Har plagar i fleire år

Kolby får mange meldingar frå personar som har slite med IBS eller liknande plagar, ofte i mange år, utan at dei har klart å finne årsaka.

Marit Kolby er forfatter og høyskolelektor.

Marit Kolby er forfattar og høgskulelektor.

Foto: Oslo Nye Høyskole

– Det som går igjen, er at det å redusere tal måltid, kan vere svært hjelpsamt.

Ifølge Kolby er det mange som rapporterer at dei ikkje lenger har plagar frå fordøyingssystemet.

Mange opplever betring i ledd- og muskelsmerter, og mindre hovudverk.

Les også Barn som spiste ultraprosessert mat, hadde dårligere fysisk form

Pølse og brus.

– Finst det tilstrekkeleg med forsking som underbygger gevinst ved eit slikt kosthald?

– Det finst mykje forsking som støttar at råvarebasert kosthald er mykje betre for oss enn eit kosthald dominert av ultraprossesert mat, og at forlengande periodar med faste kan vere nyttig.

Kolby medgir at det dessverre er inga forsking som har undersøkt korleis det å kombinere dei to strategiane, auka kvalitet på maten og redusert frekvens på måltida, vil påverke plagar frå IBS.

Les også Hulda (57) levde et dobbeltliv - gjemte mat og spiste hele natta

Hulda Thorirsdottir

Å gi magen ro

To som kan mykje om tarmane er Jørgen Valeur og Heidi Villmones.

Valeur, som er spesialist i indremedisin og fordøyingssjukdomar, synest det er interessant å høyre om Jakobsen sine erfaringar.

Valeur har ingen innvendingar på kor mange måltid ein bør ete og ikkje, men meiner det kan ligge noko i dette med å gi magen ro.

Jørgen Valeur

Jørgen Valeur jobbar som overlege og leiar av Unger-Vetlesens Institutt ved Lovisenberg Diakonale sjukehus.

Foto: Christin.no

– Men for å gi veldokumenterte råd er det viktig å følge opp med forsking.

Og nettopp forsking finst det lite av, verken for det eine eller det andre, seier han.

– Lurt å la tynntarmen kvile

Heidi Cecilie Villmones er overlege ved sjukehuset i Vestfold på mikrobiologisk avdeling, og har skrive doktorgrad om tynntarmen.

Ho synest det er i overkant ekstremt å ete eitt måltid om dagen. Likevel er tanken om færre måltid fornuftig, meiner ho.

Heidi Cecilie Villmones

– Dei anbefalingane som er i dag begynner å gå ut på dato, det er det ingen som er i tvil om. Så vil det å få i gang studiar som kan finne ut av dette på ein ordentleg måte, ta mykje tid og pengar, seier Villmones.

Foto: Torbjørn Endal / Sykehuset i Vestfold

– Eg meiner det er lurt å la tynntarmen kvile. Men kor lenge kan variere.

Ho forklarar at nokre:

  • Har langsam passasje i tynntarmen, og kan bruke seks timar på å få krungla ned maten.
  • Har rask passasje i tynntarmen, og kan bruke ein halvtime på prosessen. Desse vil for eksempel ikkje ha behov for eit like langt vindauge med fasting.

I avhandlinga hennar kom ho fram til at det mellom måltid ikkje skal vere bakteriar i tynntarmen. Det å ete ofte, og sende spytt ned dit, kan trigge immunforsvaret.

Villmones seier at dei offentlege råda openbert ikkje hjelper alle, og er basert på ei tid der vi var meir fysisk aktive.

Kvar er næraste toalett?

Både Valleur og Villmones seier at det er mange atterhald å ta om kosthald. For eksempel vil barn og personar med eteforstyrringar eller andre mangelsjukdomar, ha heilt andre behov.

Med endringane i matvanane har Celina Jakobsen det langt betre.

Nøttene gir sundt feitt til måltidet, hos Celina Jakobsen i Svolvær

Jakobsen brukar ofte nøtter som kjelde til sunt feitt.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Det har verkeleg vore natt og dag. Den største forskjellen er at eg ikkje lenger har laus mage og må akutt på do. Eg tenker også mindre på mat.

27-åringen et framleis mange av dei same varene, som kjøtt, fisk, og poteter.

Normale ting.

– Men eg er meir bevisst når eg går på butikken, og unngår gjerne ferdigvariantar.