Hopp til innhold

Maria og Marcus gifter seg på valentinsdagen: – Orkar ikkje stresset

Drop-in bryllaup blir stadig meir populært. Dei siste åra har over 60 par gifta seg slik. I år er Maria og Marcus eit av para.

Maria Bingen og Marcus Furubråten er eit av para som har drop-in bryllaup på Valentinsdagen.

FEIRA KJÆRLEIKEN OG SLAPP STRESS: 26 år gamle Maria og Marcus bestemte seg for å ha drop-in bryllaup: – Då slepp vi å brødfø menneske vi kanskje ser eit par gonger i året, og vi slepp planlegging, fortel dei.

Foto: Rasmus Bell Andreassen / Den norske kirke

Drop-in legetime, drop-in dekkskift, eller drop-in frisørtime?

Det finst allereie ein heil masse drop-in-tilbod.

Men drop-in bryllaup – det er kanskje ikkje like kjent for alle.

– Vi orkar ikkje alt stresset, difor fungerer det godt for oss, seier Maria Bingen og Marcus Furubråten som er eit av para som har drop-in bryllaup på Valentinsdagen.

Og stadig fleire tenker som dei. Dei siste to åra har 64 personar gifta seg i nettopp drop-in bryllaup ifølge den norske kyrkje.

Maria Bingen og Marcus Furubråten er eit av para som har drop-in bryllaup på Valentinsdagen.

For Maria Bingen og Marcus Furubråten vart drop-in bryllaup på Valentinsdagen ein perfekt måte å bli ektepar på.

Foto: Rasmus Bell Andreassen / Den norske kirke

– Orkar ikkje alt stresset

Onsdag 14. februar er ein heilt vanleg dag for dei aller fleste.

Det er det òg for Maria Inez Alvarez Bingen og Marcus Furubråten i Romerike.

– Eg skal ein tur til legen på morgonen. Marcus skal på jobb som bilmekanikar, før han drar heim og tar på seg dress, fortel Maria.

Men etter det blir det alt anna enn ein vanleg dag. Det er bryllaupsdagen deira.

Maria Bingen og Marcus Furubråten er eit av para som har drop-in bryllaup på Valentinsdagen.

SENDE SMS: Dei to har ikkje brukt ein tanke på bordkort eller invitasjonskort, fortel Marcus. Dei sende ganske enkelt ut ein SMS til dei som dei trudde kunne ha lyst til å kome i kyrkja.

Foto: Rasmus Bell Andreassen / Den norske kirke

26-åringane fortel at dei eigentleg tenkte å gifte seg i rådhuset.

Men då dei kom over tilbodet om drop-in-bryllaup i kyrkja passa det perfekt.

– Ingen av oss er interessert i å bruke så mykje pengar på eit bryllaup, seier Maria.

Pynt til bryllup

Alt styret som kjem med eit vanleg bryllaup var hovudårsaka til at Maria og Marcus eigentleg ikkje hadde tenkt til å gifte seg i kyrkja. Men då dei kom over drop-in tilbodet fall valet på kyrkja likevel.

Foto: Hanne Høyland

– Det er som å booke time hos tannlegen eller på verkstad. I tillegg er det rimelegare og folk kan berre slenge seg med, seier Marcus.

Men sjølv om drop-in har noko trivielt over seg, trur Marcus at han vil kjenne alvoret.

– Eg trur ikkje nervane kjem før eg køyrer opp bakken til kyrkja på onsdag.

Les også Etter 54 dager i koronakoma bestemte Stephen seg – i dag ble drømmen virkelighet

Stephen

Den norske kyrkje

Og paret frå Nes er ikkje dei einaste som nyttar seg av drop-in-tilbodet til den norske kyrkje.

Jan Kristian Kielland, avdelingsdirektør i Kirkerådet, fortel at slike bryllaup har blitt meir populært dei siste åra.

– Vårt inntrykk er at mange opplever dette som eit fint lågterskel alternativ til å gjere noko ein har tenkt på ein stund, seier han.

Portrett av Jan Christian Kielland. Avdelingsdirektør, avdeling for kirkefag og økumenikk. Kielland har brunt halvlangt hårm skjegg og bart og blå øyne. Han har briller, grå dress og blå skjorte og står foran en blå vegg.

– Kyrkja har alltid vore open for å gjennomføre seremonien enkelt med få til stades. Det ligg nok meir i kulturen at ein forblindar kyrkjebryllaup med store staselege bryllaup, seier Jan Kristian Kielland, avdelingsdirektør i Kirkerådet.

Foto: DEN NORSKE KIRKE

Fleire fortel dei at det er frigjerande å sleppe store kostnadar og mykje planlegging.

Ingen veit heilt kven som kom på ideen med drop-in bryllaup først, fortel Kielland.

– Men det er ikkje eit initiativ frå toppen. Det er litt kyrkjeleg innovasjon frå grasrota, kan du seie.

Første gong dei talte opp, i 2022, gifta 30 par seg på denne måten. Året etter var det 34 par. I år blir det arrangert i 14 kyrkjer.

Bryllup dekor

Ifølge Kielland treng ikkje kyrkjebryllup vere overdådige. – At kyrkja er fleksibel og sett ein dato der ein kan kome utan så mykje planlegging, gjer kyrkja meir tilgjengeleg. Det er noko kyrkja ønsker å vere, seier Jan Kristian Kielland.

Foto: Bilde frå GLENNE Luxury Weddings & Events

Men det er ikkje den einaste datoen folk kan gifte seg drop-in i år. Det er 10 andre arrangement utover året.

Om du synest spesielle datoar er artig, blir du sikkert ikkje overraska over å høyre at dei mest populære drop-in-datoane er 24.04.24 og 24.02.24.

Kunne du ha gifta deg på sparket?

I tillegg skal fleire gifte seg på skotårsdagen, 29.02.24.

59 år gamle Steinar Fredriksen og 69 år gamle Ole Johan Larsen frå Sørfold i Nordland er to av dei.

Les også Korona ødela for bryllupet i Australia – da giftet de seg i Lofoten i stedet

Luvia Liang og Neil Caga, bryllup i Lofoten

– Når aldri gullbryllaup eller sølvbryllaup

– Det er kjempepraktisk, for ein treng berre å hugse på dagen kvart fjerde år.

Det seier Steinar Fredriksen. Han og kjærasten, Ole Johan har vore saman i 13 år. Det skal dei ferie den siste dagen i februar.

– Vi når nok aldri verken gullbryllaup eller sølvbryllaup. Men kvart fjerde år skal vi feire ordentleg, seier han.

Det er ikkje berre datoen som er spesiell med bryllaupet til Steinar og Ole Johan.

Bryllaupet blir nemleg historisk. Det er det første likekjønna bryllaupet i Sørfold i kommune.

59 år gamle Steinar Fredriksen og 69 år gamle Ole Johan Lasen frå Sørfold i Nordland har på seg turtøy og står på toppen av eit tåkefult fjell. Dei har begge brillar og gråleg bart.

Dei to kjærastane Steinar Fredriksen og Ole Johan Larsen hadde snakka om bryllaup ein god stund. Rådhuset var nemleg aldri eit alternativ. Difor passa drop-in bryllaup godt.

Foto: Ole Johan Lasen / privat

Ole Johan og Steinar dei er ikkje dei einaste. Heile sju par skal gifte seg den dagen.

– Det blir litt samleband, men det trur eg blir veldig greitt, seier Fredriksen.

I motsetnad til paret på Nes, gjer Ole Johan og Steinar litt meir ut av dagen. Festen som eigentleg skulle vore liten, blir no til ein feiring med 30 gjestar.

Steinar har fri frå jobben som helsesjukepleiar både før og etter.

Straumen Sørfold

Sjølv om det bur i underkant av 2000 innbyggarar i kommunen, er 85 prosent er medlem av kyrkja. 14 av dei giftar seg 29. februar i år.

Foto: Ola Helness / NRK

– Det er litt større konsekvensar enn å kleppe håret, sjølv om det er drop-in, seier sokneprest i Sørfold, Lisbeth Torsvik Giselmann.

I fjor hadde dei drop-in dåp i kyrkja, fordi det var mange barn født under pandemien som ikkje var blitt døypt.

– Det var så vellykka at vi tenkte at vi kunne ha bryllaup òg, seier kyrkjetenar Beate Breivik.

Tre bårebiler på rekke utenfor Røsvik kirke

Det har vore mykje sorg knytt til Sørfold kyrkje etter at tre personar var funne drepne i starten av januar. Soknepresten og kyrkjetenaren seier det difor har vore godt å jobbe fram mot drop-in bryllaupa.

Foto: Petter Strøm / NRK

Men namnet bedrar litt. Sjølv om det er drop-in er det ikkje berre å kome for å gifte seg på dagen.

Først må ein melde frå til skatteetaten og få ein prøvingsattest.

Soknepresten fortel at nokre av para som kjem for å gifte seg i år har vore sambuarar i 40 år.

– Her kan dei gifte seg utan blautkakekjole og stor feiring. Det blir ei ramme rundt som er noko anna rundt enn i rådhuset, seier Giselmann.

Les også Anita og Benny sa ja på toppen av Norges nasjonalfjell

På fredag giftet Anita Husveg og Benny Almli seg på toppen av Stetinden.

Les også Anja og Björn gjekk «all in» på bryllaupet – det er det ikkje alle som gjer

Bryllaupet til Anja Helen og Björn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland, i det nordnorske havgapet.