Hopp til innhold

Anja og Björn gjekk «all in» på bryllaupet – det er det ikkje alle som gjer

Fleire legg opp til store bryllaup, gjerne i utlandet. Samtidig er det mange som held det enkelt, og som sparar fleire titusen.

Bryllaupet til Anja Helen og Björn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland, i det nordnorske havgapet.

GIFTA SEG: Lite var gjort på slump då Anja Helen og Björn gifta seg. Her med eit helikopter som transport.

Foto: Privat

– Vi flyttar grenser. Og ein følgekonsekvens er at det blir dyrare for alle, seier økonom Linda Tofteng Eliassen.

Ho snakkar om trenden om å bygge ut bryllaup, men også barnebursdagar, til storslåtte bursdagsfeiringar.

Det er også Silje Glenne si erfaring. Ho er kreativ leiar for byrået GLENNE Weddings & Events, som planlegg den store dagen for komande ektepar.

– Stadig fleire ønsker seg større bryllaup framfor enkle. Vi ser at brudepara vil ha store feiringar med alle dei er glade i, og ønsker gjerne å gi skreddarsydde opplevingar for gjestane sine.

Ifølge tal frå SSB valde 1520 nordmenn å gifte seg i utlandet i 2022. Det er ei tredobling frå koronaåret 2021, men samtidig langt unna 2017 då 4224 gjorde det same.

Anja Helen Fagerli sparte ikkje på krutet då ho og Björn Myreze skulle gi kvarandre sitt ja.

Bryllaupet til Anja Helen og Björn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland, i det nordnorske havgapet.

FEST: Fargebomber og ei flytrapp laga berre for bryllaupsdagen.

Foto: Rett Vest / www.myreze.com

Men rett før bryllaupet koka det i topplokket.

– Då eg gjekk ned kyrkjegolvet tenkte eg berre: «Korleis i all verda skal dette gå?».

Anja Helen Fagerli, Gro-Marie Thomassen og Christine Wessel gjekk for tre heilt ulike variantar til sine bryllaup:

Anja: Storslått feiring i nordnorsk havgap

Bryllaupet til Anja Helen og Björn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland, i det nordnorske havgapet.

Eigentleg skulle paret ha eit lite bryllaup med vener og familie.

Så korleis enda dei opp med helikopter som transportmiddel, drone som flaug inn ringane, musikk frå Datarock og Hanne Krogh, og ei spesialbygd flytrapp?

Bryllaupet til Anja Helen og Bjrn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland i det nordnorske havgapet.
Privat

Minne for livet

– Vi har kjempa ein kamp for å kome dit vi er i dag. Så det er deileg å sjå at ting går an viss ein verkeleg jobbar for det, seier Anja Helen.

Bryllaupet til Anja Helen og Bjrn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland i det nordnorske havgapet.
Rett Vest / www.myreze.com

Inspirert av Karpe-musikkvideo

Anja Helen og Björn er veldig kreative, fortel ho. – Det illustrerer oss og det er viktig at personlegheita våres kom gjennom i bryllaupet.

Bryllaupet til Anja Helen og Bjrn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland i det nordnorske havgapet.
Ray Kay / Ray Kay

Skape noko

– Det er veldig koseleg å vite at andre har hatt det så gøy og fortel om at det har vore ein av dei beste oplevingane dei har hatt i sitt liv. Det er jo det vi tenker at vi ville skape noko for venene våre, noko dei også vil hugse.

Bryllaupet til Anja Helen og Bjrn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland i det nordnorske havgapet.
Rett Vest / www.myreze.com

På gamlemåten

I denne bilen drog dei etter vigsla. Blant andre transportmiddel var skute og helikopter – ikkje fullt like tradisjonelt.

Bryllaupet til Anja Helen og Bjrn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland i det nordnorske havgapet.
Rett Vest / www.myreze.com

Over 250 gjestar

– Det var ein fin måte å bli kjent med mange av dei lokale, bruke lokale leverandørar og bli kjende med lokale heltar, seier Anja. No er det på Andenes dei vil vere.

– Vi er veldig kreative sjeler begge to og kosa oss veldig med dette. Det balla på seg, seier Fagerli, som hadde planlagt fire kjoleskift til dagen.

Ho fekk tid til to av dei. Det var heftig, fortel Fagerli, men i dag er ho glad for at dei moste til og fekk draumane oppfylt.

– Eg angrar ikkje eit sekund, men eg ville ikkje gjort det igjen, seier ho med ein latter.

Bryllaupet til Anja Helen og Björn var storslått frå start til slutt på Andøya i Nordland, i det nordnorske havgapet.

GRAVID: – Eg trur ikkje sambuaren min hadde sove på fem dagar, og eg var gravid i tillegg i andre trimester, seier Anja Helen.

Foto: Privat

Noko av det viktigaste for paret var at bryllaupet spegla personlegdommane deira, og at gjestane hadde det gøy.

– Det er veldig koseleg å vite at andre har hatt det så gøy og fortel om at det har vore ein av dei beste opplevingane dei har hatt i sitt liv. Det er jo det vi tenker at vi ville skape noko for venene våre, noko dei også vil hugse.

Økonom: – Aldri brukt så mykje pengar

Sjølv om fleire drar til utlandet for å feire, er det også ei klar trend at folk veljar å gjere det enkelt, og dermed spare titusen.

Stine Egeland og Frank Andre Stavnes droppa fri bar, erstatta desserten med kakebord og kjøpte brukt brudekjole for å ta ned utgiftene.

Les også Fleire brudepar tar sparegrep – går for billigare bryllaup

Stine Egeland og Frank Andre Stavnes dagen før de skal gifte seg.

Økonom Linda Tofteng Eliassen i Sparebank 1 Nord-Norge sit likevel med inntrykket at det meste skal vere større i dag, om det så er bryllaup, runde dagar eller barnebursdagar.

– Og det har vi bevis på. I fjor haust sa nordmenn i alle undersøkingar at det blir tøffare og at vi må sløse mindre, seier Eliassen.

– Men vi har sett det først no i vår, eitt år etter at vi sa vi skulle gjere det.

Ho snakkar generelt når ho seier at nordmenn har ein lang veg å gå for å bli kvitt skamma om å ikkje ha råd.

– Vi klarar faktisk ikkje heilt å seie det, nesten.

Det bør vi bli flinkare til, meiner ho.

– Og det kan vere at du må ha dei pengane på buffer fordi du er usikker på renteauken.

Og mens Sverige og Danmark reduserte forbruket på grunn av auka utgifter, har vi i Noreg knapt begynt.

Linda Tofteng Eliassen i SpareBank 1 Nord-Norge.
Foto: Marius Fiskum

– Mens folk i andre land brukar mindre pengar, har vi i Noreg aldri brukt så mykje pengar som i for eksempel desember.

Ifølge økonomen er dette ei av årsakene til paradokset om at vi har kjempegod økonomi i Noreg, samtidig som vi har 154 milliardar kroner i forbruksgjeld.

Eliassen er bekymra over utviklinga, og trur det er vanskeleg for bryllaupsgjestar som skal til utlandet å kome seg under 10.000 kroner per person med overnatting og flybillettar.

– Så er eg redd for at folk synest det er rart å ikkje legge gåve på bordet trass i at dei brukar så mykje pengar.

Les også Korona ødela for bryllupet i Australia – da giftet de seg i Lofoten i stedet

Luvia Liang og Neil Caga, bryllup i Lofoten

– Men bør ikkje folk berre gjere som dei vil, utan at andre skal bry seg om kva dei gjer?

– Jo, eg synest jo ein skal få lov til å gjere det du vil, fordi det kan vere draumar og forventningar, gitt at du har råd til det. Men du må då vite at det kan bli vanskeleg for andre, og er det då framleis like artig?

Christine: Tar med gjestane til italiensk fjellområde

Christine Wessel og hennar komande ektemann skal ha bryllaupet i utlandet. I september vender dei snuten mot Italia for å feire på fjellet i Orvieto i Umbria.

Slik blei det, då dei fann ut at dei får det same for tre dagar i Italia, til prisen for 12 timar i Noreg.

Christine Wessel og sambuaren skal gifte seg i Italia i september
Privat

Valte Italia

Christine Wessel og sambuaren Christoffer Strand skal ha bryllaupet ved Borgo San Faustino.

Christine Wessel og sambuaren skal gifte seg i Italia i september
Privat

Kva har vi booka?

– Det blei ein tur for å sjekke kva vi eigentleg hadde booka, seier Christine Wessel.

Christine Wessel og sambuaren skal gifte seg i Italia i september
Privat

Utebryllaup

Ho har aldri fantasert om stort bryllaup, men visste at ho ville vere ute. Då er ikkje Bodø i Nordland beste plassen å gamble på.

Christine Wessel og sambuaren skal gifte seg i Italia i september
Privat

Testar sakene

Wessel veit godt kva som krevjast for å pynte lokale, lage mat og gjere alt sjølv. – Det er eit standpunkt vi tok. Vi ville kjøpe oss ut av det så alle kan kome til dekka bord og nyte det, og ikkje vere heilt utslitne fordi vi har organisert i ei heil veke, seier Wessel.

Christine Wessel og sambuaren skal gifte seg i Italia i september
Privat

Pizzaparty og vinsmaking

Gjestane kan vente seg pizzaparty, vinsmaking, overnatting og fleire måltid inkludert i prisen.

– Vi synest det var veldig dyrt å ha eit bryllaup i Noreg der ein ikkje skal gjere noko sjølv, seier ho. Far hennar har nemleg drive ei verksemd i rundt seks år, der dei har hatt mange bryllaup og arrangement.

– Eg hadde ikkje lyst at det skulle bli ei dugnadsgreie berre for å ha det billegast mogleg, for det har vi gjort i så mange år.

Derfor står dei også støtt i valet om å punge ut litt ekstra pengar.

– Men ein hostar jo ikkje opp 200.000 kroner. Så det er eit bevisst val vi har tatt. Eg kunne hatt folk på dugnad, men eg veit at tid også er pengar.

Bryllup i utlandet

I 2017 var det spesielt mange som ville ha bryllaup i utlandet.

Foto: Moment Studio / GLENNE Weddings & Events

Ifølge bryllaupsplanleggaren Silje Glenne er slike bryllaup populære.

– Vi ser spesielt ein stor trend med å dra til utlandet, kor dei gjerne tar med seg mykje vener og familie, seier Silje Glenne.

Men det gjeld langt frå alle.

Gry og Silje Glenne i bryllupsplanlegging-byrået Glenne

Silje Glenne (til venstre) og Gry Glenne.

Foto: GLENNE Weddings & Events / Moment Studio

– Mange ønsker framleis å ha det enkelt. Når det er sagt ønsker fleire og fleire å skape unike og skreddarsydde opplevingar for gjestane, seier Silje Glenne.

Gro-Marie: Intimt bryllaup under fiskehjellane

Det kan eksempelvis vere at maten dei serverer for gjestane er den same som brudeparet åt på første date, eller ein artist som overraskar gjestane.

Gro-Marie Thomassen blei rodd inn til vigselen av faren og sonen sin, då ho gifta seg for nokre veker sidan med Kyrre Neverdal.

GroMarie Thomassen og Kyrre Neverdal giftet seg på Krokholmen i Gildeskål lørdag 24. juni 2023.
TOMAS JENSSEN TOMAS JENSSEN / TOMAS JENSSEN

Eit enkelt val

– Vi er rike på fine menneske, seier Gro-Marie. Paret er friluftsmenneske og visste at dei ville ha eit bryllaup ute. Første tanken var å gifte seg på ein fjelltopp.

GroMarie Thomassen og Kyrre Neverdal giftet seg på Krokholmen i Gildeskål lørdag 24. juni 2023.
TOMAS JENSSEN, TOMAS JENSSEN, / TOMAS JENSSEN

Friluftsinteressert par

– Men då vi besøkte Krokholmen fall alt på plass, seier Gro-Marie. Det friluftsinteresserte paret frå Bodø valde ein vigsel under nokre fiskehjellar på idylliske Krokholmen i nabokommunen Gildeskål.

GroMarie Thomassen og Kyrre Neverdal giftet seg på Krokholmen i Gildeskål lørdag 24. juni 2023.
TOMAS JENSSEN, TOMAS JENSSEN, / TOMAS JENSSEN

Smidd i hymens lenker

– Det viktigaste for oss er å gi kvarandre vårt «ja».

Dei gav kvarandre sitt «ja» under nokre fiskehjellar på idylliske Krokholmen i Gildeskål.

Det viktigaste for dei var lovnaden dei gav til kvarandre.

– Men også ha ei fin helg saman med vener og familie. Mange kjem frå utanfor byen, så det er fint å få tid til å snakke med alle. Det betyr mykje for oss.

Thomassen er sjølv invitert i bryllaup utanlands i sommar. Og dei vel nok å reise.

Dekorasjon til bryllup, Glenne

UTLANDET: Det er mange som vil feire bryllaupet i utlandet, fortel byrået Glenne.

Foto: Moment Studio / GLENNE Weddings & Events

– Men det er fordi det passar denne gongen. Ferien er kort og dersom det blir for mange invitasjonar må ein tenke seg om, seier ho.

Med barn i bildet er det uaktuelt å prioritere bryllaup i staden for ferie med familien, i tillegg til at det kan bli veldig kostbart.

– I den verda vi lever i no, må ein tenke seg om kva ein kan prioritere.

Og då må ein kanskje seie nei, sjølv om det kan vere vanskeleg.

– Men alle brudepar må velje sin måte å feire dagen sin på. Det viktigaste er at alle får det som dei sjølv vil.