Hopp til innhold

Nord-Noreg får si varmaste helg hittil i sommar

Til helga kan både Nord- og Sør-Noreg sjå dei høgste temperaturane hittil i sommar. Nokre stadar er det meldt om i overkant av 30 grader.

Kvalvika på Moskenesøya i Flakstad

Kanskje vil strender som Kvalvika i Lofoten bli flittig brukt om godvêret slår til slik som meteorologane spår.

Foto: Trygve Skogrand

Spesielt Nord-Noreg har hatt mykje varierande vêr i sommar, og til helga kjem endå ei bølgje med varme over landsdelen.

– Det kan bli temperaturar opp mot 30 grader, faktisk, om dette slår til, seier vakthavande meteorolog Ola Mellem.

Laster Twitter-innhold

Onsdag og torsdag er det meldt om skyar og moglege regnbyer enkelte stadar i Nord-Noreg, men frå torsdag kveld kjem også vêrgudane i helgestemning.

– Det blir fint vêr i stort sett heile landsdelen på fredag, seier Mellem.

Også i Midt-, Vest- og Austlandet er det meldt om høge temperaturar denne siste helga i juli. Områda kring Bergen og Stavanger får kring 30 grader, og langs svenskegrensa nord for Oslo kan det bikke 32 grader.

– Ute ved kysten vert det jo varmt, men grunna havtemperaturane vert det nok ikkje like høge makstemperaturar, seier Mellem.

Laster Twitter-innhold

– Slik det ser ut no vil faktisk dette vêret halde seg i byrjinga av neste veke også, seier Mellem.

Landegode i midnattssol

Dei nordnorske sommarnettene til helga vil bli prega av fine sommartemperaturar, skal ein tru meteorologen.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK