Godt over 700 forslag til Nordlands finaste strandbilete

NRK Nordland vil kåre den finaste stranda i Nordland. Det er kome inn over 700 forslag på Instagram, og no er innboksen stengt.

– Finst det eit betre strandfylke i Noreg enn Nordland, spør redaksjonssjef i NRK Nordland Adrian Dahl Johansen.

Difor vil vi no kåre den flottaste stranda i dette langstrakte fylket. Godt over 700 bilete har tikka inn på nordland@nrk.no og på emneknaggen #nrknordlandstrand på Instagram.

29. juli vil juryen, samansett av fotograf Marthe Mølstre og NRK-fotograf Ola Helness, velje ut ti finalistar. Då inviterer vi deg og resten av fylket til å kåre Nordlands finaste strand!

Vi skal finne Nordlands fineste strand

Vi skal finne Nordlands finaste strand

God sommar!