Hopp til innhold

Dømd for trakassering: – Vi har snakka sånn i fleire tusen år her oppe

Svein Magne Mienna er dømd til 12.000 kroner i bot for å hinte om det nordnorske omgrepet «haill». No ankar han saka.

Fisker, Breivikbotn

OPPGITT: Svein Magne Mienna er oppgitt over dommen i Vestre Finnmark tingrett.

Foto: Jo Hermstad Trondsen

– At å by ein kvinneleg inspektør opp til dans er seksuell trakassering er heilt idiotisk, seier Svein Magne Mienna.

I slutten av mars vart han i Vestre Finnmark tingrett pålagt ein bot på 12.000 kroner, for brot på paragraf 156 i straffelova, for trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar.

Dei kom på jobben hans ved Nergårds fiskemottak i Breivikbotn på Sørøya for litt meir enn eitt år sidan.

Det var Fiskeribladet som først omtalte saka.

Og ifølge dommen sa Mienna at fiskeriinspektørane burde hoppe om bord i fiskebåten som låg ved kaia, og bidra til betre fangst. Her meiner retten at Mienna antyda til myten om «haill».

Det vil seie at dersom ein har seksuell omgang før ein drar ut på sjøen, vil ein ha betre fiskelykke.

Han bad også inspektørane om å danse swing med seg.

Det skjedde, ifølgje Mienna, då han bad ein av inspektørane om å flytte seg da han køyrde truck.

Det gjorde ho ikkje og eg bad ho om å flytte seg igjen, men ho brydde seg ikkje. Så seier eg på tull «skal vi ta ein dans». Eg kan ikkje forstå at det er sextrakassering, seier han.

– Det å be opp til dans og snakke om «haill» er sånn vi har snakka i fleire tusen år her oppe i Finnmark. Om dei ikkje forstår dette språket som blir snakka både på båt og på kaia, så må dei finne seg noko anna å gjere, seier Mienna.

Mienna har bestemt seg for å anke dommen.

Les også Manglende intimsone, latterliggjøring og fysisk overgrep: Menn blir også seksuelt trakassert

Garn og fiskeredskaper

Les også Regjeringen forenkler reglene for de minste fiskebåtene – men Sisilie er ikke imponert

Sisilie Skagen Johnsen (27) er fisker og eier egen båt hvor hennes far er mannskap.

Viktig dom

– Denne typen utsegn, som kvar for seg kan verke ganske harmlause, gjorde at dei opplevde å bli reduserte til berre «eit hokjønn på kaia», i staden for å bli anerkjend som fiskeriinspektørar.

Det seier førstestatsadvokat Hugo Henstein i Troms og Finnmark statsadvokatembeter. Han var aktor i straffesaka, og seier dette gjorde jobben deira vanskelegare å gjennomføre. Samt at hendinga gjorde at inspektørane søkte å unngå dette fiskemottaket.

Hugo Henstein

PREVENTIV: Aktor i straffesaka og førstestatsadvokat i Troms og Finnmark, Hugo Henstein håpar denne dommen kan verke preventivt, slik at fleire kvinner kan søkje seg til, og bli i yrket utan å bli møtt med sjikane.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Det var typisk at dette ikkje var åtferd dei ville møtt dersom dei kom saman med ein mannleg fiskeriinspektør, seier han.

Det meiner også direktør i Fiskeridirektoratet Frank Bakke-Jensen.

Han seier det er første gang dei har fått ein dom i ein slik sak, og at dei brukte litt tid på å bestemme seg for om dei skulle gå til sak eller ikkje.

– Det er i belastning å spekulere på om vi skal godta dette, eller om vi skulle gje beskjed om at slike kommentarar ikkje er ønskeleg. Då måtte vi bruke litt tid på å vege før og imot. Heldigvis, syns eg at vi kan seie, så landa vi på at vi ikkje vil at arbeidskvardagen skal vere sånn, seiar han.

For oss er dette ein viktig dom. Han tek oss eit steg vidare for ein betre arbeidskvardag.

Han understrekar at det er mange seriøse aktørar i næringa, som tar slike ting på alvor.

Les også Mange varsler ikke om seksuell trakassering: – Røde flagg

Sverre Johansen står med ein blå frakk og ser alvorleg på noko på sida av kameraet. Bak han ser vi havet, ein molo og ein båt til kai. Himmelen er blå med nokre skyer. Johansen har på seg briller og sola kastar harde skuggar.

Med denne dommen får dei setje lys på problemet med at offentlege tenestepersonar ikkje blir sett som det, men sett på som kvinner i enkelte miljø, meiner Bakke-Jensen.

Vi har for ofte tilfelle av uakseptabel oppførsel og vi skal vere heilt ærleg på at for nokre år sidan hadde vi medarbeidarar som tolte mykje meir enn det dei burde tole. Men vi skal prøve å få korrigert det, seier han.

Svein Magne Mienna er oppgitt over at saka i det heile tatt enda i retten.

– Eg syns det er latterleg å bruke pengar frå den norske stat på ein bagatell. Det er jo ikkje bannskap ein gong. Å seie haill eller be opp til ein dans, det må dei kunne tole i den stillinga, seier han.

Frank Bakke- Jensen

STOLT: – Eg er veldig stolt over dei medarbeidarane som tok belastinga av å stå i dette her, for det er ikkje alltid like enkelt. Her er det tøffe inspektørar som tar eit tak for næringa, seier Frank Bakke-Jensen i Fiskeridirektoratet.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Les også #Metoo: Fra Hollywood til sjarken

#Metoo cover

Les også Færre kvinner vil bli fiskere, frykter trakassering er grunnen

Kornelia Uteng Sand. Fisker.