Hopp til innhold

Sisilie (29) om «haill-dom»: – Vanleg at menn spøker med kvinner

Ein fersk dom om trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar har skapt bølgjer i fiskerinæringa.

Sisilie Skagen Johnsen (27). Fisker, skipper og alenemor.

Fiskar Sisilie Skagen (29) frå Andenes i Vesterålen har vore på havet i fleire år, og er ei av få kvinner som har dette yrket som fulltidsjobb.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Fiskar Sisilie Skagen (29) frå Andenes i Vesterålen har vore på havet i fleire år, og er ei av få kvinner som har dette yrket som fulltidsjobb.

Ho meiner det er viktig å sjå forskjell på trakassering og humor.

Eg tenker det er eit hårfint skilje. Men ein må sjå litt mellom linjene i det å spøke om haill og å ta ein dans.

NRK fortalde tidlegare denne veka om Svein Magne Mienna som vart pålagd ei bot på 12.000 kroner for trakassering av to kvinnelege fiskeriinspektørar.

Og ifølge dommen sa Mienna blant anna at fiskeriinspektørane burde hoppe om bord i fiskebåten som låg ved kaia, og bidra til betre fangst. Her meiner retten at Mienna antyda til myten om «haill».

Det er kanskje ikkje så knallhardt, og kanskje er ein litt hårsår. Ein skal vere open for ting som alltid har vore humor, seier Skagen.

Les også Mathilde (24) droppa økonomistudiene og ble fisker i stedet

Mathilde Rochmann (22) elsker jobben som fisker og sier hun behandles likt som alle andre, til tross for at hun er dame i et mannsdominert yrke.

– Vanleg at menn spøker med kvinner

– Dei var på jobb for fiskeridirektoratet. Viss dei hadde vore menn på jobb, hadde dei fått same kommentarar?

Antakelegvis ikkje, seier Skagen.

Er det greitt då?

Nei, men samtidig er det vanleg at menn spøker med kvinner, sånn som det alltid har vore.

Ho seier at om ein ikkje finn seg i spøken, går det an å seie ifrå at det ikkje er greitt.

Som regel opplever eg at folk respekterer det, skjønar alvoret og sluttar med det.

Håpar dommen kjem i høgsterett

På andre sida er fiskar Susanne Mortensen (25) einig i dommen, og håpar på same tid at han kjem heilt til Høgsterett.

– Ein rettskraftig dom frå Høgsterett vil seie noko om kor grensa går. Då får vi noko handfast å forholde oss til.

I ein kronikk på NRK Ytring, har Mortensen fortald om tilfelle kor ho vart kalla både hore og «fettkjerring» på fiskebåt.

Det starta ein prosess der fleire organisasjonar i fiskerinæringa gjekk saman om eit kursprogram for å hindre seksuell trakassering.

Susanne Mortensen, fisker

Fisker Susanne Mortensen frå Tromsø er no i mammapermisjon, og har ikkje bestemt seg for om ho vil attende til fiskebåten.

Foto: Privat

Ho trur ikkje denne saka ville enda med dom utan prosessen ho sjølv var med å starte.

– Eg trur ikkje Fiskeridirektoratet ville tatt denne saka til retten for nokre år sidan. No vil dei sette eit døme, og det synest eg er veldig bra.

Les også #Metoo: Fra Hollywood til sjarken

#Metoo cover

Les også Susanne (25) sier hun ble kalt hore og «fettkjerring» på fiskebåt: – Får se om jeg fortsetter

Susanne fisker

Alltid vore eit røft språk

Advokat Kjetil H. Nilsen var Miennas forsvarar i retten. Han meiner at krenkegrensa har blitt forskyvd betrakteleg dei siste åra.

– Eg tenkjer ein skal ha respekt for offentlege tenestemenn og kvinner, men så må det også vere litt rom for fleip og moro, utan at ein treng å tolke alt i verste meining, seier han.

Kjetil Hugo Nilsen, forsvarer.

Forsvarar Kjetil H. Nilsen seier krenkegrensa har blitt flytta betrakteleg dei siste åra

Foto: Jan Harald Tomassen

På kaia og i fiskebåten har det alltid vore ein grov sjargong, meiner Nilsen.

– Dei har eit litt røffare språk og dei har litt røffare omgangstone enn det som er vanleg i storsamfunnet, seier Nilsen.

– Synest du det er innanfor å hinte til haill overfor kvinnelege inspektørar som er på kaia for å gjere ein jobb?

– Konteksten her er viktig. Dette haill-omgrepet kan eg ikkje tenkje meg er blitt brukt seriøst i løpet av dei siste to hundre åra. Fleip er fleip, og så får det vere opp til kvar enkelt om dei kjenner seg krenka eller ikkje, seier Nilsen.

Les også Dømd for trakassering: – Vi har snakka sånn i fleire tusen år her oppe

Fisker, Breivikbotn

– Er eit samfunnsproblem

Direktør i Fiskeridirektoratet, Frank Bakke-Jensen, er tydeleg på at denne sjargongen ikkje passar inn i dagens arbeidsliv.

Dette her er eit samfunnsproblem. Men det er i endring, og då må vi også følgje etter. Det skal vere godt å gå på arbeid, sjølv her i fiskeridirektoratet, seier Bakke-Jensen.

Seksjonssjef Daniel Gusfre Ims i Språkrådet ønskjer ikkje å kommentere om dommen frå Vestre Finnmark tingrett var rett.

Men han seier at det generelt i samfunnet er meir medvit rundt korleis ein snakkar til kvarandre no, enn for få år sidan.

Metoo-debatten har nok endra måten vi snakkar til kvarandre på. Ein kan også seie at ein blir merksam på problematikken på ein annan måte når det kjem kvinner inn på arbeidsplassane.

Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet

Seksjonssjef i Språkrådet, Daniel Gusfre Ims, seier Metoo-debatten har nok endra måten vi snakkar til kvarandre på.

Foto: Moment Studio

Dra nordlending-kortet

Fleire gonger er nordlendingar frifunnen i retten for å kalle politi i Nord-Noreg for eksempelvis «hestkuk».

I desse sakene har fleirtalet i retten meint at denne typen uttrykk er daglegdags og måtte tolast av politiet.

Les også Greit med «hestkuk», men ikke «fittetryne»

ALSTAHAUG TINGRETT

Språkvitaren trur nok at ein til ei viss grad framleis kan dra nordlending-kortet.

Både ord og ytringar må tolkast i ein samanheng. Det gjeld også bannskap. Men både rettssaker og at slike saker blir omtalte i media påverkar samfunnsdebatten og skapar merksemd rundt desse problemstillingane, seier Ims.

At slike saker får merksemd fører til mindre seksuell trakassering og tryggare arbeidsplassar for kvinner på sjøen. Det meiner likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon.

Vi syns det er fint at slike saker kjem fram i lyset og at arbeidsgivar melder til politiet. Det er nyttig og bra at det kjem ein dom.

Bjørn Erik Thon

Likestillings- og diskrimineringsombod, Bjørn Erik Thon, meiner dommen er viktig.

Foto: Thomas B Eckhoff