På Andøya i Nordland er det berre nokre veker til den første laksen blir sendt ut på verdsmarknaden.
– Eit fantastisk fint eksemplar, seier Martin Rasmussen, administrerande direktør i Andfjord Salmon og viser fram ein ti månadar gammal laks.
Sist veke var det offisiell opning av Andfjord Salmon, som er Noregs største landbaserte oppdrettsbasseng.
– Det er eit konsept på land med sjøbaserte fordelar, seier Rasmussen.
Martin Rasmussen meiner dei har det mest miljøvennlege oppdrettsanlegget av sitt slag.
Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRKBassenget som fisken svøm i er plassert under havnivå, og sjøvatn blir henta frå Andfjorden.
– Det er ein god måte å produsere mat på med tanke på dyrevelferd, dei miljømessige konsekvensane, men også den samfunnsmessige her på Andøya.
Rasmussen meiner dei har det mest miljøvennlege oppdrettsanlegget av sitt slag.
– Fordi vi biologisk legg til rette for god fiskehelse og at vi har full kontroll på dei miljømessige påverknadane.
Null lakselus og rømming
Ifølge sjefen er dette ein kostnadseffektiv måte å drive lakseoppdrett på, som gir ingen lakselus, rømming og låg dødelegheit.
Og målet er å produsere billigare fisk enn anlegga ute på havet.
– Det er utgangspunktet. Låg energi, god biologi og låge kostnadar.
Dei brukar også forholdsvis lite fôr, mindre enn eitt kilo for kvar kilo laks.
– Det er eit hierarki i bassenget. Om alle får mat blir det mindre kamp om maten. Det er ein sosialdemokratisk måte å drive lakseoppdrett på.
Bassenget som fisken svøm i er plassert under havnivå.
Foto: Maverix Media– Brutale inngrep
Andfjord Salmon har difor planar om å utvikle drifta, og har no byrja å bygge ut to nye basseng.
Og planen er å ha 50 basseng innan dei neste ti åra. Då vil dei kunne vere den fjerde største lakseprodusenten i Noreg.
– Vi er rigga for at vi skal kunne ha ein god vekst. Då skal det ikkje mange bassenger til før vi har god lønnsemd.
Sist veke var det offisiell opning av Andfjord Salmon, som er Noregs største landbaserte oppdrettsbasseng.
Foto: Andfjord SalmonMen ikkje alle syns slik landbasert oppdrett er så fantastisk som det høyrast ut.
– Dei spreng plass til slike anlegg i strandsona med brutale inngrep. Det er dramatisk og ein av grunnane til at vi seier nei til dagens landbasert oppdrettsverksemd, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet til Helgemorgen.
Han meiner regelverket er for dårleg, og at altfor mange kommunar lar seg køyre over av entusiastiske oppdrettsplanar, utan å ta omsyn til den samla belastninga i denne sårbare sona.
– Også på Andøya ligg det i eit utsprengt område som før var natur. Sånn kan vi ikkje halde på når vi er ein naturkrise.
– Det er ekstremt sterke økonomiske insentiv for slike landbaserte oppdrettsanlegg, fordi dei slepp å betale konsesjonsavgift. Det er eit veldig sterkt incentiv til å øydelegge strandsone, seier leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen.
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK– Konsept ute av styring
– Vi er redde for at ein drar oppdrettsnæringa i ei retning som passar med paragrafane, men ikkje miljøkrava. Då trur vi det er betre å flytte det til lukka merdar i sjø, framfor å øydelegge strandsoner.
I desember i fjor vart det mellombels stans i å søkje løyve til oppdrettsanlegg på land for laks, aure og regnbogeaure. Ifølge Nærings- og fiskeridepartementet vil stansen gjelde til eit nytt regelverk er på plass.
Stansen er sett til å vare fram til juni i år. Det er Naturvernforbundet glad for.
– For dette er eit konsept ute av styring, sjølv om enkeltanlegg kan vere bra, seier Gulowsen.
På kritikken til Gulowsen seier Rasmussen at det er viktig å sette ting i perspektiv.
– Vi nyttiggjere oss av 0,5 prosent av strandsona. Der kan vi produsere 90.000 tonn med laks. Det er ein ekstrem arealeffektiv utnytting og ein energieffektiv måte å produsere mat på, seier sjefen for Andfjord Salmon.
Administrerande direktør i Andfjord Salmon, Martin Rasmussen.
Foto: Andfjord SalmonHan seier dei har hatt grundige prosessar saman med innbyggjarane på Andøya og at det er viktig å skape arbeidsplassar i Nord-Noreg.
– Strandsona er kanskje eit større problem i Sør-Noreg enn i Nord-Noreg.
– Bra med innovasjon
Store naturinngrep og energibruk gjer at også stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) er skeptisk til oppdrettsanlegg på land.
– Løysinga på rømming og smittespreiing er først og fremst noko anna enn anlegg på land, har han sagt til Brønnøysunds Avis.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran seier oppdrettsnæringa skal skape buseting, verdiskaping, trygge arbeidsplassar og eksport og importinntekter til fellesskapet.
Foto: Daniel Hong Hansen / NRKPå andre sidan helsar fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) slike oppdrettsanlegg velkomen.
– Det er bra at vi har innovasjon, og eg har besøkt anlegget på Andøya. Det er eit spennande anlegg og flinke folk, seier han til Helgemorgen.
Noreg produserer rundt 1,5 millionar tonn oppdrettslaks, og ifølge Skjæran er det utenkeleg at alt saman skal produserast på land.
– Oppdrett i kystsona vår kjem, sjølv om vi jobbar hardt for å legge til rette for havbruk til havs. Også kjem det som skjer i strandsona vår til å vere berande i mange år framover.
Men eit nytt rammeverk må på plass.
– Eg helsar denne innovasjonen velkomen, men den teknologiske utviklinga har utfordra det rammeverket som ligg for landbasert oppdrett. Det handlar om at vi må ha eit tydeleg skilje mellom kva som er havbasert og kva som er landbasert.