Det er 10 år sidan 69 ungdommar blei drepne på Utøya.
Den historia meiner Juline Aspenes (17) at ho må eige for å leie ungdomspartiet vidare. Men det er ikkje berre enkelt.
– Det er tøft, det må vere lov å seie. Spesielt når det kjennest ut som om det ikkje er min historie. Men det er noko med det. No kjenner eg at det også er min historie, sjølv om eg kom inn i partiet i ettertid.
Juline Aspenes er ung politikar i Sortland.
Foto: PrivatAngrepet var ikkje tilfeldig
Både ho og resten av AUF har sagt det til seg sjølv mange gonger:
Angrepet var ikkje tilfeldig, men når det skjedde var tilfeldig.
– Dei på Utøya var like opptatt av å verne Lofoten, Vesterålen og Senja som eg er. Dei stod for det same.
Ho kunne ha vore ein av ungdommane på Utøya den mørke julidagen.
Difor meiner ho at også dei som ikkje var der må snakke om det.
– No, etter ti år, er det snart ingen igjen i AUF som var på Utøya. Difor er det så viktig å halde fram med å prate om det.
Skulle begynne i 2. klasse
For i 2011 var Juline berre sju år.
Sommaren 2011 var Juline Aspenes sju år og hadde ein heilt vanleg sommar. Fram til 22. juli.
Foto: PrivatHo skulle begynne i andre klasse om berre nokre veker, og gledde seg til å sjå igjen klassekameratane sine.
Men sjølv den glade sjuåringen merkte at noko var rart.
– Som barn blir ein skjerma. Eg hugsar korleis alle dei vaksne rundt meg reagerte. Korleis dei rundt meg var i sjokk, seier Aspenes.
Dagane etter angrepet gjekk ho ned til Sortland Sentrum. Der var ikkje eit menneske å sjå i gatene.
– Alle hadde ein tyngde over seg.
Juline Aspenes heldt tale på minnemarkeringa i Sortland i fjor.
Foto: PrivatSju år seinare, i 2018, kjente 14 år gamle Juline at ho ville gjere noko med nærmiljøet sitt.
– Eg las meg opp på verdiane til alle ungdomspartia. Då var det AUF som snakka mest til meg, så eg meldte meg berre inn sjølv.
Med då ho oppdaga kva som hadde skjedd sju år før fekk ho sjokk.
– Eg har visst om 22. juli heile livet mitt. Eg har vakse opp med det. Eg vaks opp med at avisa skreiv om det kvart år. Men eg fekk ikkje sjokket før eg var blitt meir aktiv, seier Aspenes.
Aspenes meiner tankegodset som drap dei 69 menneska på Utøya og dei 8 i regjeringskvartalet lever i beste velgåande og har vorte sterkare.
Sjølv om vi såg kva hatet kosta oss, vart vi ikkje kvitt framandfrykta.
Sidan Juline Aspenes meldte seg inn i AUF i 2018 har ho vore aktiv i ungdomspolitikken.
Foto: Privat– Det er eit jævlig ansvar. Eg kjenner at eg må, vil og skal ta det ansvaret. Det er så viktig å bringe historia vidare.
Dobbelt feil
Øystein Mathisen er i dag stortingskandidat for Nordland Arbeidarpartiet.
Berre to år etter terroren gjekk han inn i leiarverv for AUF i Bodø.
– Eg kjente også på berøringsangsten, seier Mathisen.
– Først no, ti år etter, kan vi ha ein ope og god diskusjon, og ikkje lenger berre snakke om terroren som ein uføreseieleg naturkatastrofe.
NRK forklarer
Korleis skal 22. juli verte markert i Nordland?
Mange stader i Nordland har minnesmarkering...
... men felles for dei alle er at kjerkeklokkane kjem til å ringe frå kl. 12 til kl. 12.05. Dei stadane det finst minnesmerke for 22. juli foregår markeringa i etterkant der. Dei fleste stader skal det vere taler og kulturelle innslag ved minnesmerka.
Bodø
12.00 – Markering med Nico Widerberg minnesmerke i rådhusparken i Bodø
13.00 – Minnegudstjeneste.
Kjerka vil halde ope både før og etter markering i rådhusparken.
17.30 – Minnekonsert med artistar, talar og dikt.
Innslepp til minnekonsert startar kl.17.10.
Vefsn
12.00-12.05 Vert det ringt med kyrkjeklokkane i Dolstad, Drevja og Elsfjord kyrkje.
12.00-16.00 Ope kyrkje; Dolstad kykje
16.00 Minnemarkering i Dolstad kykje
Musikk, fellessang, tekster, lystenning og bøn
Felles vandring frå Dolstad kykje til minnesmerket i Mosjøen bypark
17.00 Markering ved minnesmerket i Mosjøen bypark med musikk og apellar.
Markeringen avsluttes i byparken.
Sortland
12.00 kyrkjeklokkane ringer, etter det held kyrkja open.
14.00 markering ved 22. juli-minnesmerket med apeller og kulturelle innslag
Heile dagen: Kafeen i kulturfabrikken er ope og har direkte overføring av 22. juli- markering frå Utøya frå kl. 16.
Hadsel
12.00: Krykjeklokkane ringjer og kyrkja held ope etterpå.
Det vert minnesmarkering ved minnesmerket nedanfor Melby kykje etter at klokkane har ringt.
Då vert det nedleggjing av krans og taler frå AUF, AP og kommunen.
Rana
18.00: Markering ved Havmannsplassen der minnesmerket står.
19.00: Minnegudsteneste med ope kyrkje etterpå.
Lofoten
17.00: Markering i Stamsund kyrkje.
Minnegudstenesta skjer i samarbeid med AUF, AP og far til den overlevende frå Stamsund.
Kyrkja er ope frå 12.
Fauske/ Saltdal
18.00: Markering ved mineralparken ved Rognan kai med apellar, kulturinnslag og taler.
77 rosar vert lagt på vatnet til minne om dei omkomne.
Narvik
15:00: Seremoni med tale frå Arbeiderpartiet og AUF.
Det vert også musikkinnslag, allsang og 1 minutts stillhet. Det vert også rosemarkering der dei legg ned rosene ved fredsbabyen.
19.15: Filmvisning og samtale i Aurora Kino, i salen Ankeret: Generasjon Utøya
Etter filmen vert det samtale i Rådhuskafeen.
Han hugsar at også då var det eit vanskeleg tema å ta opp.
– Dei som sjølv var på Utøya måtte stå i front i den debatten. Eg som kom inn etterpå var usikker på korleis eg kunne snakke om tema. Det vart dobbelt feil. Korleis skulle då resten av samfunnet kunne involvere seg og ta ansvaret?
Mathisen sjølv var ikkje på Utøya. Den sommaren var han nemleg i militæret.
– I starten følte eg at eg gjorde dei som overlevde ein teneste ved å ikkje snakke om det, seier Mathisen.
I tillegg var han redd for å verte mistenkt for å dra Utøya-kortet.
– Det tok lang tid før ein kunne sjå på det som skjedde i ein meir kvardagsleg politisk debatt, seier den tidlegare AUF-leiaren.
Øystein Mathisen er stortingskandidat for Arbeidarpartiet i Nordland.
Foto: Christina NorumNokon andre sin historie
I starten var det vanskeleg å stå i fronten for debatten for Mathisen, som ikkje sjølv hadde opplevd terroren på Utøya.
Han var redd for å ta nokon andre sin historie.
– Men no ser vi at alle må kunne debattere det. Det har dei som var på Utøya alltid meint, seier stortingskandidaten.
Og nettopp Utøya har kanskje vore den viktigaste staden for å hjelpe dei nye ungdommane i AUF til å ta over arven, meiner Mathisen.
Der får dei unge leiarane, slik som Juline, lære om historia.
Der er òg eit demokrativerkstad kor dagens AUF-ungdommar diskuterer røtene til terroren, fortel Mathisen.
– Når eg ser dei unge frå AUF som tek det eigarskapet vert eg veldig stolt. Eg trur dei diskuterer på ein meir open måte, nettopp fordi dei ikkje var der i 2011. Det kan gjere det lettare å ta eigarskap til kampen og historia.
Juline Aspenes har vore blant ungdommane som drog tilbake til Utøya for å ta øya tilbake.
Foto: PrivatEi indre sperre
Julie Aspenes er òg nestleiar i AUF i Nordland. Difor skal ho halde tale på markeringa 22. juli i år.
Det har Aspenes gjort før òg.
Men i fjor var første gong ho kjente at no – no kunne ho ta eigarskap til historia.
Og ansvaret som følgde med.
Då var det også fleire andre som ikkje hadde direkte kjennskap til 22. juli som gjekk opp på talarstolen.
Då kjente ho endeleg på eigarskapet.
– Det har vore ei indre sperre, men no klarer eg å prate om det. Eg føler at eg har lov og plass til å prate om det.