Hopp til innhold

Dette kan vere årsakene til mystisk massedød av rein

Kopar ser ut til å vere årsaka til at over hundre dyr døydde på Herøy i år. Men kvar koparet kom frå, er framleis eit mysterium. Her er fem teoriar.

Rein Herøy Massedød

MYSTISK DØD: Over hundre rein døydde av koparforgifting på Herøy i vår, men ingen sau eller storfe har lidd same skjebne, og ingen veit kvar koparet kjem frå.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

I april døydde over hundre rein på Nord-Herøy.

Kvifor visste ingen.

No har veterinærinstituttet konkludert med at årsaka sannsynlegvis var koparforgifting.

Men ingen veit kvar koparet kom frå.

Ifølge veterinærinstituttet er det første gang ein ser ein så massiv koparforgifting av rein i verda.

Her er fem teoriar til kvar koparet kan kome frå.

Les også Mener mystisk reindød på Herøy skyldes kobberforgiftning

Massedød av rein i Herøy

Sau har beita i same område

Aksel Bernhoft, toksikolog i Veterinærinstituttet seier han ikkje trur forgiftinga har skuld i ein naturleg årsak.

– Reinen må ha blitt eksponert for høge nivå, og det er nok ein konsentrert koparkjelde som er årsaka til dette, seier han.

Kopar er enno meir giftig for til dømes sau enn rein.

Storfe- og sauebønder har likevel latt dyra sine gå på same beite som der reinen døydde i sommar, trass i at mattilsynet råda det motsette.

Storfe beiter. Tor Kristian Angel er storfebonde på Nord-Herøy.

BEITA SAME STAD: Storefe og sau har beita i same område som der reinen gjekk då han vart forgifta i vår. Likevel har ingen dyr blitt sjuke.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Men ingen av disse dyra har blitt sjuke. Sjølv om dei vandra i same terreng, berre månadar seinare.

Korleis er det mogleg?

Reindriftssame Tom Lifjell bruker skal frakte fôr til reinsdyra.

BEITEVANAR: Nordlands representant i Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), Tom Lifjell, fortel at rein generelt beiter på eit større område, men nett på vinteren er dei meir stadbundne.

Foto: Frank Nygård / NRK

Nordlands representant i Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), Tom Lifjell, fortel at hovudforskjellen mellom beitevanane til rein og andre husdyr er at dei beitar i forskjellig årstid.

– Forureininga behøver ikkje vere så framståande på sommaren. Det kan vere på ein så liten plass at det berre er reinen som blir påverka, seier Lifjell.

Til dømes kan rein beite i myr på vinteren. Då er marka frose. Men på sommaren vel ikkje sauen å beite der.

Kan reinen ha blitt forgifta av til dømes ei koparskatt i ein myr?

Les også 100 reinsdyr døde av forgiftning – så sendte bøndene dyrene sine ut på samme beite

Tor Kristian Angel er storfebonde på Nord-Herøy

Ei koparskatt i ei myr

Erik Joner er seniorforskar i jord og forureining i Nibio.

Han seier at myr generelt inneheld mindre kopar enn vanleg jord.

– Men kan det ha vore ein gløymt koparskatt i ei myr, eller rett og slett ein gamal søppelhaug?

– Det kunne sjølvsagt ha vore noko som har vore grave ned, og har kome opp igjen, men edelmetall som kopar er edle fordi dei ikkje så lett løyser seg opp i vatn.

Erik Joner, seniorforskar i jord og forureining i Nibio

LITE LØYSELEG: Erik Joner, seniorforskar i jord og forureining i Nibio, seier kopar ikkje løyser seg så lett opp i vatn.

Foto: Privat

Bernhoft i Veterinærinstituttet, avviser langt på veg at dyra kan ha blitt forgifta av å ha slikka på kopar i fast form som har låge i naturen.

Han har heller ikkje høyrt om kopargruver i nærleiken.

Kobber

FØLGER REGNVATNET: Kopar i fast form løyser seg i liten grad opp i jorda. Om det først gjer det, følger det ofte regnvatnet vidare i staden for å bli liggande i jorda

Foto: NGU - Cecilie Bjerke / NGU - Cecilie Bjerke

– Men viss det til dømes har vore brent avfall som inneheld metall som dyr et bålrestar av, kan dei bli veldig sjuke.

Likevel meiner han til dømes koparsulfat, er ei meir sannsynleg kjelde.

Det er salt som er løyseleg i vatn.

Ein slikkestein

Drøvtyggarar treng salt. Difor finn ein nord i landet ofte rein i vegkanten som slikkar vegsalt. Og det er også difor ein set ut salt til dyr om sau og storfe.

Kan koparet rett og slett kome frå ein slikkestein?

Bernhoft i Veterinærinstituttet seier det er lite sannsynleg, fordi kopar i slikkestein er tilpassa dyras behov.

Tradisjonell saltsteinautomat med påmontert oppsamlar som er spesiallaga slik at bitar som løsnar frå saltsteinene faller ned i oppsamleren.

SLIKKESTEIN: For ein rein som veg 100 kg vert eit inntak på 150 mg kopar kvar dag for mykje. Men det gjeld over lang tid.

Foto: Mattilsynet

– Ut ifrå funna var det meir akutt eksponering, og då skal det meir til. Og for å ta livet av så mange dyr må det vere snakk om fleire kilo, seier Bernhoft.

Men koparsulfat finst òg i mange produkt som vi menneske bruker. Til dømes i impregneringa til treverk.

Kan til dømes ein impregnert låve stå bak forgiftinga?

Impregnert treverk

Joner i Nibio peiker på at impregnert treverk med kopar blir grønt når koparet i impregneringa oksiderer. Difor er det lett å sjå om det er kopar i impregneringa.

- Det må ligge ein plankestabel like ved ein bekk eller liknande for at det skal lekke ut tilstrekkeleg, meiner han.

Materialer

GRØNT TRE: Treverk som er impregnert med kopar blir ofte grønt, fortel Erik Joner, seniorforskar i jord og forureining i Nibio.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Storfebonde Tor Karstein Angel, som også er nestleiar i Herøy Bondelag, bur på Herøy.

Han fortel at han ikkje har sett store mengder impregnert treverk det siste året.

– I dag bruker vi mest betong, og i iallfall ikkje impregnert treverk, seier han.

Tor Kristian Angel er storfebonde på Nord-Herøy

STORFEBONDE: Bonde Tor Karstein Angel har ikkje sett store mengde impregnert treverk på Nord-Herøy før reinen vart forgifta.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Slekta til Angel har hatt dyr på beite på Herøy i generasjonar heile sommaren. Ofte har dei gått saman med rein.

Koparforgifting har aldri vore eit problem tidlegare.

– Eg trur det er lite sannsynleg at til dømes ein impregnert låve kan stå bak ein slik brutal forgifting.

Gift mot skadedyr og sopp

Ifølge Store norske leksikon vert koparsulfat mellom anna brukt i gift mot skadedyr eller sopp.

Kan det rett og slett ha vore nokon som har forsøkt å kvitte seg med skadedyr, men som i staden har kome til skade for å kvitte seg med rein?

Kari Ringstad er biolog i Nokas Skadedyrkontroll, som er egd av Rentokill. Det er verdas største skadedyrfirma.

Legg ut gift for å bekjempe skadedyr

GIFT: Kari Ringstad, biolog i Nokas Skadedyrkontroll, kjenner godt til skadedyrbransjen og seier det vert brukt mindre gift i skadedyrkontroll.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho fortel at bransjen dei siste åra har snudd. Dei bruker stadig mindre gift i skadedyrutrydding. No bruker dei helst mekanisk utrydding i staden.

– Vår bruk monnar ikkje til å ta livet av hundre reinsdyr, uansett om det hadde vore kopar i midla vi bruker.

Les også Politiet uten spor etter mystisk massedød av rein: – Det avlives fremdeles dyr

Kadaver av rein på Herøy, Helgeland.

Nøter i oppdrettsnæringa

Men koparsulfat blir også brukt til å impregnere nøter til oppdrettsnæringa.

Slakteriet til Mowi ligg på ei øy tilknytt Nord-Herøy.

Mowi sitt anlegg i Herøy.

FISKEOPPDRETT: Mowi er verdas største bedrift innan fiskeoppdrett. Selskapet har eit slakteri som ligg i tilknyting til staden der hundre rein vart forgifta av kopar.

Foto: Mowi

Kan koparet kome derfrå?

Ola Helge Hjetland, kommunikasjonsdirektør i Mowi, trur ikkje det er særleg sannsynleg.

Etter at vi blei gjort merksame på denne saka har vi gått gjennom våre prosedyrar for oppbevaring av nøter. Vi kan ikkje sjå at dette kan bli knytt til vår drift.

Politiet ber om hjelp

Etterforskar for dyrevelferdskriminalitet, Stine Marie Brox Gundersen seier dei allereie kjenner til fleire kjelder som kan føre til koparforureining.

Stine Marie Brox Gundersen, etterforsker for dyrevelferdskriminalitet i Nordland politidistrikt.

SPØR OM HJELP: Etterforskar for dyrevelferdskriminalitet, Stine Marie Brox Gundersen mistenker at dei ikkje kjenner til alle dei moglege kjeldene til koparforgifting på Herøy.

Foto: Politiet

Men ho mistenker at dei ikkje kjenner til alle.

Difor spør dei no publikum som kjenner Herøy om hjelp.

– Hjelp oss med å finne kjelda til koparforureininga slik at ingen fleire dyr treng å lide slik som reinen har gjort, oppfordrar etterforskaren.

Kva trur du er kjelda til at hundre rein døydde av koparforgifting?

Om du har tips i saka kan du kontakte politiet på tlf. 02800, eller via https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet.