Store bølger mot Kråkenes fyr

Ved Kråkenes fyr var hurtigruta «Nordstjernen» utan radar i det voldsomme uveret. Bildet er frå ein storm i 2006.

Foto: Thomas Bickhardt / Scanpix

Nyttårsorkanen gav oss betre varsling

Då nyttårsorkanen nærma seg kysten natt til 1. nyttårsdag 1992 var det få som var skikkeleg førebudde på katastrofen som nærma seg. Noregs verste naturkatastrofe blei starten på arbeidet med å takle ekstremvêr i Noreg på ein betre måte enn før.

Når statsmeteorolog Jan Erik Johnsen nyttårsaftan 1991 varslar orkan på norskekysten, er hurtigruta «Nordstjernen» på veg til kai i Ålesund. Dei 150 rundreisande julegjestene ventar eit fyrverkeri av ei avslutning på julerundturen. Dei skal ligge ein ekstra time ved kai i Ålesund for å få med seg rakettane og feiringa. Lite anar dei om at dei skal få ei avslutning på turen som skal brenne seg fast i minnet.

Men varsla om orkan hadde nådd fram til kaptein på «Nordstjernen», Herodd Widding. Som ansvarleg på skipet måtte han orientere seg ekstra grundig.

– Med eit slikt varsel måtte eg få detaljerte opplysningar om tilhøva rundt Stad. Så eg kontakta fyrvaktaren på Svinøy fyr. Konklusjonen var at eg måtte framskunde avgangen ein time. Eg måtte få skuta rundt Stad før orkanen slo til, fortel Herodd Widding til NRK no 25 år etter nyttårsorkanen.

MS Nordstjernen

Hurtigruta «Nordstjernen» ein finversdag. Natt til 1. nyttårsdag 1992 tenkte både mannskap og passasjerar på andre ting enn å ta bilete.

Foto: Hurtigruten

– Stakkars dåkke

Ut over natta står Widding i jamleg kontakt med fyrvaktaren på Svinøy. I det «Nordstjernen» passerer Herøybrua er alt normalt. Gjennom Flåværleia blæs det berre storm. Likevel ringjer Widding til fyrvaktaren igjen. Hurtigruta nærmar seg Kjæringa på Stad.

Fyrvaktaren ber om vår posisjon. Eg forklarar kvar vi er. Då blir det stille i andre enden. Etter kvart høyrer eg han seie på sunnmørsk: «Stakkars dåkke».

Herodd Widding

Herodd Widding var kaptein på hurtigruta «Nordstjernen» då Nyttårsorkanen bles som verst.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Meteorologane følgde lågtrykket i eitt døgn

Meteorologane har følgt utviklinga av lågtrykket alt i nær to døgn. Første nyttårsdag 1992 fell på ein onsdag. Alt måndagen før ser meteorologane eit lågtrykk danne seg aust for Newfoundland. Natta før nyttårsaftan har dei nok data til å fastslå at det blir vind av orkans styrke i Møre og Romsdal.

– Eitt døgn før Nyttårskorkanen kom inn over kysten var vi klar over at det ville kome ein usedvanleg kraftig storm inn mot Sør-Noreg. Vi såg også at dette ville råke Møre og Romsdal i særleg grad, seier meteorolog Knut Helge Midtbø til NRK.

Slik kryssa lågtrygget Atlanteren. (Kilde: Meteorologisk institutt). Lågtrykket blir danna måndag. Tysdag ligg det midt i Atlanteren og blir til orkan. Natt til onsdag feiar orkanen inn over Noreg.

Kald luft frå nord og varm luft frå sør hadde støytt saman aust for Newfoundland og damma kimen til lågtrykket.

Ved 16-tida nyttårsaftan såg meteorologane at skysystemet hadde eit skyfritt auge. Det tyder på at tørr og kald luft trengjer nedover på vestsida av lågtrykket og skapar ei eksplosiv fart på lågtrykket. Mens lågtrykket bevega seg med ei fart på 25 meter i sekundet fall lufttrykket i senteret svært raskt.

Nyttårsorkanen 1992

Her feiar nyttårsorkanen inn over Noreg. Det skylause auget og halen bak gjorde orkanen ekstra farleg.

Foto: met.no

Frå sørvest kom stormen veltande inn over kysten av Sogn og Fjordane klokka fire natt til første nyttårsdag. Frå Stad gjekk vinden over til å bli orkan. Ved nitida var vinden oppe i 120 knop på Vigra. Det er nesten det doble av orkan styrke. I Molde blei det registrert kast på 110 knop ved titida. i Kristiansund bles det 100 knop ved ellevetida. I tolvtida var vinden på 95 knop på Ørlandet. Ut på ettermiddagen nådde orkanen Namsos. Seinare dreia vinden inn over Sverige og svekka seg.

Det er den kraftigaste orkanen vi har sett på alle dei 150 åra vi har hatt omfattande målingar. Og Nyttårsorkanen var langt kraftigare enn alle dei andre orkanane vi har hatt, seier Midtbø.

Vindmålarane braut saman

Knut helge Midtbø

Meteorolog Knut Helge Midtbø seier at ekstremvêrvarslinga kom som følgje av Nyttårsorkanen.

Foto: Meteorologisk institutt

Fleire av vindmålarane braut saman på grunn av den store påkjenninga under orkanen. Mange av vindmålarane var heller ikkje tilpassa til å registrere orkan. I nokre høve var ikkje papiret for utskrift av registreringane breitt nok til å få med toppane.

– Registreringane hamna i utkanten på papiret. Fleire stader forsvann straumen. Dermed uteblei målingane frå fleire stasjonar, fortel Midtbø.

Meteorologisk institutt varsla orkan på kysten av Møre og Romsdal. På verkartet nyttårskvelden blei det også brukt varselstreknantar, som ifølgje Midtbø ikkje hadde vore i bruk før.

– Varseltrekantane var eit forsøk på å gjere folk merksame på at vêret som var i anmarsj var ekstra kraftig, seier Midtbø.

– Inga varsling til politi og kommunar

Nyttårsorkanen

I Ålesund dreiv trålaren Atlantic på land i Volsdalsvågen.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

Orkanvarselet gjekk ut gjennom dei vanlege kanalane, på radio og TV. Internettet var ikkje teke i bruk slik vi kjenner det i dag. Sjølv om vêret blei varsla, var det få som hadde gjort noko for å førebu seg på dei enorme øydeleggingane.

– Vi hadde ikkje noko samband til myndigheitene, til kommunar, fylkesmenn og politi. Og det hadde vore nyttårskveld. Veldig mange hadde fri. På mange måtar var det heldig at orkanen kom på eit tidspunkt då ikkje mange var ute. Samtidig var det nok heller ikkje mange som følgde særleg nøye med på vêrmeldingane på nyttårsaftan, seier Midtbø.

– Fylkesmannen i Møre og Romsdal tok initiativ

Manglande varsling til offentlege organ og naudetatar blei eit av hovudtema etter Nyttårsorkanen. Då den største naturkatastrofen som har råka Noreg raste oppetter langs kysten fans det ikkje noko system som kunne sette nokon etat i alarmberedskap. At vi i dag har opplegg og rutinar for både obs-varsel og varsel for ekstremvêr kjem som følgje av initiativ frå Møre og Romsdal etter Nyttårsorkanen.

Alv Jakob Fostervoll

Tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal, Alv-Jakob Fostervoll.

Foto: Brun, Agnete / NTB scanpix

– Fylkesmann i Møre og Romsdal i 1992, Alv Jakob Fostervoll, har hovudæra for at kraftig uver blir varsla direkte til politiet, fylkesmenn, helsemyndigheiter og naudetatar. Målet med dette er å kunne setje ein beredskap på førehand, seier Midtbø.

Planane for omfattande varsling i samband med ekstremvêr har vore i bruk sidan 1994, to år etter Nyttårsorkanen. Planen har vore i bruk, ikkje berre i samband med kraftige stormar som «Dagmar», men også i samband med flaum- og skredsituasjonar både på Austlandet og lenger sør på Vestlandet.

Fostervoll tok initiativ. Og planen inngår no som ein del av pålegget som Meteorologisk institutt har i samband med varslinga av ekstremvêr, seier Midtbø.

– Framleis sårbare

Noverande fylkesmann i Møre og Romsdal, Lodve Solholm, støttar opp under analysen av kor viktig initiativet frå dette fylket var når det galdt å utvikle eiin betre beredskap. Han framhevar kompetansen i heile staben på beredskapsavdelinga.

Men erfaringane frå seinare ekstremvêr, for eksempel «Dagmar» viser at samfunnet har fått nye utfordringar som i mange høve kan gjere oss meir sårbare.

Nyttårsorkanen

Også store mengder kulturminne blei skadde under Nyttårsorkanen. I bakgrunnen ligg den knuste Holmsildbuda i Fosnavåg.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

– I 1992 fans det berre eit fåtal mobiltelefonar. Og dei var nesten så tunge at ein måtte ha ryggsekk for å få dei med oss. No er det ein heilt annan situasjon. Mobiltelefonen er blitt allemannseige. Nor mobilnettet blir øydelagt og straumen fell bort er vi svært sårbare, seier Lodve Solholm.

På den positive sida trekkjer Lodve Solholm fram utbetringane og dei nye anlegga innan straumforsyninga. Berre den nye, store kraftlina mellom Ørskog i Møre og Romsdal og Fardal i Sogn og Fjordane har skapt ein ny situasjon for forsyningstryggleiken for elektrisk kraft på Nordvestlandet.

Vi trur at vi no kjem til å oppleve berre kortvarige straumstansar. Vi er ikkje så sårbare lenger.

Lodve Solholm

Lodve Solholm er fylkesmann i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre

Solholm er ikkje i tvil om at varslinga av kommunar og naudetatar er på eit heilt anna nivå enn for 25 år sidan.

– Det er heilt klart. Eit spørsmål vi må stille oss no er om vi er for raske med å gå ut med ekstremvarsel. Vi som bur langs kysten har gått ei stormnatt før og veit at det som regel handlar om å sikre lause gjenstandar og ta vare på båtar og så vidare. Ropar vi ulv for mykje kan folk bli likegyldige. Det kan vere farleg den dagen det verkeleg smell, seier Solholm.

– Radaren svikta i orkanen

Klokka fire natt til første nyttårsdag 1992 når orkanen kysten av Sogn og Fjordane. Kort tid etter er hurtigruta «Nordstjernen» ved den ytterste pynten av Stad, Kjæringa.

Eg trudde det var hagl som slo mot skroget. Så sterk var lyden. Men det var rett og slett sjøsprøyt i ei voldsom fart. Ved Kjæringa blei vi møtt av ein heilt svart vegg. Og vi køyrde inn gjennom veggen som gjennom ei dør, fortel kaptein Herodd Widding.

Kaptein Widding måtte ta ei avgjerd. For vêret som møtte skipet var av eit heilt uvanleg slag.

Nyttårsorkanen

Mange sjøbuer knela fullstendig under Nyttårsorkanen.

Foto: Frå TV-programmet Orkanen / NRK

Eg er av den gamle skulen som seier at når det er mogleg å segle så skal vi segle. Men det handlar også om godt sjømannskap. Utfordrar du naturkreftene kan du køyre skuta ned. Men innordnar du deg naturkreftene er det utruleg kva som går bra, seier Widding.

Widding set kursen rett til havs. Han kjenner godt til vind- og straumforholda kring Stad, og veit godt at det grunne farvatnet er medverkande til dei høge bølgjene i området.

– Vi gjekk rett vestover. Strekninga som vi normalt hadde brukt 40 minutt på tok oss fire timar. Det bles også så hardt at radaren ikkje ville går rundt. Alt var svart.

Framleis var målet å nå Måløy. Ved Kråkenes fyr sette Widding kursen mot kysten igjen.

Tidspunktet då vi sette kursen mot Kråkenes utan radar var nok det mest kritiske punktet på turen. Då var eg spent. Vi tenkte vi kunne ankre ved Raudeberg. Men skulle vi få til dette måtte vi ha assistanse av redningsskøyta. Men dei var opptekne med å berge andre båtar som var verre stilt enn oss. Vi måtte berre snu og gå til havs igjen.

– Møringar takka meg ved landgangen

Etter kvart lysna det av dag. Hurtigruta nærma seg land og kunne ankre opp i ly av øya Silda om lag midt mellom Stad og Måløy. I dag prisar Widding seg lukkeleg over at skuta til slutt kom til Bergen utan så mykje som ei skramme.

Ved landgangen kom folk frå Møre som hadde vore i kontakt med dei heime og takka meg. Det var svært spesielt. Og i ettertid ser eg på det som hende som ein svært interessant situasjon som viser kva godt sjømannskap har å seie.

Herodd Widding er også oppteken av kor viktig bemanninga på fyrstasjonane var. Både dei og bemanninga på flyplassane langs kysten var ofte til god hjelp i kritiske vêrsituasjonar.

– Elektronisk kart kom til nytte

Mot slutten av 1991 hadde også den gamle «Nordstjernen» fått installert elektroniske sjøkart. Bakgrunnen var at det skulle byggast ein ny generasjon nye hurtigruter. Widding var med i forprosjektet og hurtigruta hans hadde fått installert elektroniske kart som ein del av førebuingane til den nye tida dei nye hurtigrutene skulle føre med seg.

Ved nyttår var vi godt kjende med korleis dei nye elektroniske karta skulle brukast. Men vi stolte ikkje heilt på at elektronikken gav oss god nok informasjon. Men dei elektroniske karta kom verkeleg til nytte på neste tur nordover, ikkje minst ved Stad og over Hustadvika. På veg nordover fekk vi sjå kva Nyttårsorkanen hadde øydelagt. Sjømerke, lys og lykter var øydelagde. Då var dei nye, elektroniske karta gode å ha, seier Herodd Widding.