Hopp til innhold

– Veldig skuffande, uansett kor dumme vi var

Dei tre unge mennene som blei tatt av bølgjene ved Atlanterhavsvegen i helga hevdar ingen tilbaud seg å hjelpe då dei kom søkkvåte og iskalde til land.

Tatt av bølge ved Atlanterhavsvegen

Ei stor bølge skylde dei tre kameratane på havet søndag. Berre flaks gjorde at dei kom frå det i live.

Foto: Skjermdump

Det kunne enda fatalt då dei tre mennene som ville fotografere uveret på Atlanterhavsvegen, sjølve blei tatt av ei bølgje sist søndag. I løpet av nokre sekund låg dei i det iskalde havet, mellom høge bølgjer og store steinar.

Men då dei klarte å kare seg i land, var det klart for neste utfordring: kampen for å få hjelp til å få i seg varmen igjen. For dei hevdar at på land stod ingen klare til å hjelpe dei tre som var drypande våte og mørbanka.

– Vi synest det er veldig skuffande, uansett kor dumme vi var. Når du ser tre gutar som skjelv og kler av seg midt på vegen, så er det rart at ingen seier noko eller spør, seier éin av dei.

Ingen av dei unge mennene vil stå fram med namn, og forklarer det med at dei bur på ein liten stad og har fått mange kritiske kommentarar.

Atlanterhavsvegen søndag

Ein av dei tre mennene har sjølv tatt dette bildet like før dei gjekk utover berga til høgre. Han seier dei gjekk midt utpå, då dei brått blei tekne av ei bølgje.

Foto: privat

Hjelpelause utan bil og mobil

Éin av dei tre forklarer at han raskt oppdaga at bilen nekta å starte. Dermed kunne dei verken varme seg eller kome seg derifrå. Mobiltelefonane var utan liv etter å ha blitt gjennomblaute.

Søkkvåt, berrfot og utan jakke og genser gjekk den minst forslåtte ut og banka på vindauga til dei andre bilane som stod på parkeringsplassen.

– Eg sprang rundt og spurte om starthjelp, men det var ingen som ville eller kunne hjelpe. Ingen spurte korleis det gjekk, seier han. Han meiner det var openbert at dei trong hjelp.

– Kva svarte folk?

– Dei rulla ned rutene, men det var berre raske nei frå alle, seier han.

– Kva trur du er grunnen til at ingen hjelpte dykk?

– Eg forstår det ikkje, men eg såg kanskje desperat og forkommen ut, seier han, og legg til at nokon kanskje blei skremde.

Operasjonsleder Borge Amdam

Operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt stadfestar at ingen ringde dei då dei tre mennene hamna i havet søndag. Han oppfordrar alle til å hjelpe til dersom dei ser folk i naud.

Foto: Politiet

Filma hendinga

Éi av dei som tilfeldigvis også hadde stoppa ved turistikonet søndag, filma det som skjedde, og la det ut på Facebook. Det har sett fart i kommentarfelta, og dei unge mennene har fått gjennomgå fordi dei var så dumme at dei gjekk ut på svaberga i uveret.

Men det er også fleire som har stilt spørsmål ved kvifor dei som filma ikkje heller hjelpte dei som blei tatt av bølgene. Ho og sambuaren stod på ein haldeplass eit stykke unna.

– Vi hadde ikkje rokke å hjelpe dei, vi stod for langt unna. Men vi burde kanskje køyrt bort til parkeringsplassen deira og spurt, vi visste ikkje at dei trong hjelp, seier ho.

Sambuaren sat klar for å ringe 113, men då dei såg alle tre kome seg på land, tenkte dei at alt var greitt. I ettertid tenkjer ho det ikkje var nok.

Fekk hjelp etter 40 minutt

Etter om lag 40 minutt klarte mennene å få liv i éin av mobiltelefonane og fekk varsla éi av mødrene. Så blei dei køyrt rett til legevakta, sidan dei var så kalde og forslåtte.

– Det var jo ein livsfarleg situasjon, det kunne enda mykje verre enn det gjorde, seier éin av mennene.

Ingen av dei vil stå fram med namn, men NRK kjenner identiteten til dei tre.

Sjå nesten-ulykka ved Atlanterhavsvegen.