Norsk på 33 dager
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Møtte Noreg med munnen full av tampongar og øl

Då Ali Zamrini (28) kom til Noreg var ein fuktig russefest noko av det første han måtte gjennom. Som prøvekanin fekk han sjansen til å teste kor norsk ein kan bli på 33 dagar.

Kristiansund, ein sein fredagskveld: Musikken dundrar i bakgrunnen. Ali Zamrini har eitt minutt på seg til å helle nedpå ei iskald øl utan å spy. Under overleppa har han stappa inn to tampongar, slik han fekk beskjed om. No skal han lære kva norske russeknutar kan by på ei sein natt. Og kva norsk kvardagsliv for ein 18-åring kan bety i praksis.

– Vi er blå, få sjå! Vi er blå, blå, blå, blå, ropar dei rundt han og bles i russelurar så det gjallar i den vesle stova.

Den syriske ingeniøren er på kurs. No får han det norske dagleglivet servert i ekspressfart og eitt av dei første kapitla er drikkepress og russefeiring.

– Det er kanskje den viktigaste erfaringa dei får, at dei har kjent på det frå innsida, korleis det er å vere russ og stå i ein pressa situasjon når det står folk rundt deg og ropar «kom igjen no, kom igjen no», seier konseptutviklar Siri Lund.

Halloween

Siri Lund (til høgre) er den som står bak ideen om eit ekspresskurs for flyktningar. Her er det barnebursdag med Halloween-tema dei går gjennom.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho er utdanna lærar, og er den som har funne på ideen med å ekspressintegrere flyktningar.

I dette forskingsprosjektet er deltakarane samla døgnet rundt i 33 dagar, under same tak, til undervisning i norsk kultur og språk. Slik skal dei sjølve kjenne på kroppen korleis vi lever livet i Noreg.

Ho har tidlegare brukt same modellen på spanske helsearbeidarar. No står vestnorske flyktningar for tur.

All kommunikasjon går føre seg på norsk. Samstundes som dei får høgintensiv undervisning på dagtid, festar og feirar dei seg gjennom norske høgtider og høgdepunkt i helgane. Så ventar 100 dagar i arbeidspraksis.

Syriske Ali drikker øl

Syriske Ali (28) testar ut livet som russ.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Drøymer om framtida i Noreg

Syriske Amna Helen Khalil (24) er kanskje beviset på at det er mogleg å lære seg hovudtrekka i norsk språk og kultur i rekordfart.

Dei siste månadene på Nordmøre, på den karrige vestlandskysten, midt mellom Bergen og Trondheim, i eit land ho aldri hadde trudd ho skulle flytte til, har ho raskt og sikkert fått tak på det norske språket og kulturen. Ho kunne litt norsk frå før, men ikkje slik som no.

Med stoltheit plukkar ho opp telefonen og svarar på ei blanding av møring og austlending.

– Eg har lært mykje, eg kan snakke no, du kan jo høyre, ler ho nøgd.

Neste mål for den unge kvinna er å ta lappen, studere vidare og bli politi.

– Eg kjenner alle i Tingvoll no, både på skulen, i butikken og på handballteamet. Alle veit om meg, seier ho tilfreds.

Halloween

Bursdagsfeiring med Halloween-tema er ein heilt ny oppleving for dei syriske flyktningane. – Naboane trudde sikkert vi var heilt galne, seier Amna Helen Khalil.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Naboane trudde sikkert vi var heilt galne

Det er bekmørkt ute og nesten ingen å sjå i bustadområdet på Løkkemyra i nordmørsbyen.

– Knask eller knep, knask eller knep, messar fem flyktningar taktfast i det dei smyg seg rundt hushjørnet i haustmørket og inntek trappa hos naboen.

Ein har små, raude djevelhorn godt planta på hovudet, alle er svartmåla i ansiktet og har fått store, fargerike parykkar. No skal dei tigge godteri i nabolaget, for aller første gong i livet.

Dei feirar halloween, for å lære korleis nordmenn flest – og spesielt ungane – oppfører seg seinhaustes i Noreg for å heidre dei døde. Dette er ein heilt ny skikk for dei fem flyktningane.

– Eg har aldri gjort noko slikt før, fylt ansiktet med svart sminke og tatt på oransje parykk. Det kjenndest rart, men det var veldig gøy også. Naboane trudde sikkert vi var heilt galne, seier Amna Helen Khalil i ettertid.

Veit ikkje om opplæringa fungerar

Tanken er at ekspresskurset skal gje flyktningar ein heilt unik sjanse til å bli kjende med den norske kulturen og språket.

Integreringsminister Sylvi Listhaug kom på besøk i fjor haust og rosa dei i høge ordlag for ideen.

Sylvi Listhaug

Integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er særs begeistra for opplegget for dei fem flyktningane.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

– Berre det å lære matpakke-tradisjonane, det er ting vi tek for gitt, men som det ikkje er så lett å vite om utan å få undervisning. Norske verdiar og kultur er utruleg viktig at vi formidlar, derfor skal vi også styrke dette arbeidet framover, lovar Listhaug.

Eksperimentet bryt radikalt med det som har vore vanleg i norsk vaksenopplæring. Språkopplæringa for innvandrarar tek gjerne eitt års tid, med fleire timar på skulebenken kvar einaste vekedag.

Vaksenopplæringa i Kristiansund er avventande til prosjektet, og vil ikkje gå ut og kritisere før det har kome endelege forskingsresultat. Rektor Richard Wiik sit sjølv i styringsgruppa for prosjektet, og seier det ikkje finst nokon fasit på kva som er god språkinnlæring.

– Det er veldig mange vegar til Rom. Vår erfaring er at ting tar tid, men det eine kan vere like godt som det andre. Alt kan verke, og det er jo resultata som gir svara på om språkopplæringa verkar, seier Wiik.

Pinnekjøt og bunad

Dei norske tradisjonane står i kø for deltakerane. Ein kveld sit dei fem flyktningane stivpynta og et pinnekjøt. Mens haustsola skin gjennom vindauga i stova, blir det opna gåver og gått rundt juletreet. Før kvelden er omme får dei med seg både britisk overklassefyll i «Grevinnen og hovmesteren» og Sølvguttene sine glansnummer.

Men vegen frå julefeiring til vårstemning er kort.

– Ferdig, ta plassane, gå! ropar kursleiaren i det fem flyktningar spurtar ut frå mål med poteter på ei skei og tunga beint i munnen.

Ali Zamrini spring i finskjorte og slips, Amna har bunad og sølv i bringa, og ei litt stor, raud russelue tredd nedover hovudet. Trass i at det er ein kald søndag i oktober feirar dei 17. mai på intensivkurset.

17. mai

Flyktningane feirar 17. mai ei helg i oktober. Her får dei lære at nordmenn flest pyntar seg, går ut i gatene og feirar nasjonaldagen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei har halta seg gjennom «Gud signe vår konge god!», ete kald laks med agurksalat og skåla i champagne. No blir heile prosjektet avrunda med å gå i folketog ute langs den trafikkerte vegen på Løkkemyra.

– Alle nordmenn spurde kva vi gjorde med bunad og kvifor vi feira 17. mai i oktober. Det var veldig morosamt, ler Ali Zamrini.

Under forskarlupa

Det faglege resultatet av det spesielle norskkurset har førebels vore vanskeleg å dokumentere.

Møreforsking og Høgskulen i Volda er engasjert for å vurdere verknaden av intensivkurset i norsk språk og kultur, men seier dei førebels har for magert datagrunnlag til å trekkje ein bastant konklusjon.

For Amna Helen Khalil i Tingvoll er det underordna. Ho angrar ikkje på det ho har vore med på, uansett kva som skjer vidare med planane om eit senter for integrering og språk i Kristiansund, slik initiativtakarane håper på.

For 24-åringen har framtida i Noreg allereie starta.

Ho vil halde fram å studere, og har bestemt seg for å prøve å bli politi. Ho drøymer om å vere ferdigutdanna og i fast jobb om få år. Kanskje har resten av familien kome til hennar nye heimland. Sjølv om det uvanlege språkkurset var hardt, blei det likevel ein unik sjanse for ho.

– Sjølvsagt var eg sliten, men no kan eg snakke, eg kan forstå, eg har fått vener, eg har blitt betre, strålar ho.

Amna Khalil

Amna Helen Khalil er glad for at ho blei med på prosjektet. – No kan eg snakke og forstå norsk, seier ho. Draumen er å bli politi innan få år.

Foto: Eirik Haukenes / NRK