Kristoffer Bringslid

Kristoffer (24) er kanskje den største i Noreg på sosiale medium

Kristoffer Bringslid, Molde TikTok-stjerne

Han har fem gonger så mange følgjarar som Kygo

Kristoffer Bringslid spiser nudler

Men her i landet kjenner få fjeset hans

Kristoffer Bringslid spiser nudler

皇帝 (Keiseren) av TikTok

Kristoffer har over 20M følgjarar på TikTok i Kina

På kjøkkenet til familien Bringslid i Molde breier lukta av chili og Sichuan-pepar seg. Eldste son i huset lagar ein ekstra sterk rett til videoopptak. Filmen skal snart ut på kinesisk TikTok.

Faren til Kristoffer er sjef for byggvarehus. Og han har blitt sett av 150 millionar kinesarar. Medan han et bønnespirer.

– Dei kinesiske sjåarane mine synast det er veldig gøy at ein norsk familie snakkar kinesisk til kvarandre, seier Kristoffer Bringslid.

TikTok-mat

STERKMAT: Klart for kryddersterke scener.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK


Videoen av faren som et bønnespirer for første gong, og likar det, er den mest sette Kristoffer har laga. Ein der brørne hans ikkje får varme på pizzaomnen, men ender med å lage kinesisk «pizza» på ei steiketakke – er no sett av 130 millionar.


På eit medium som blir stadig meir viktig for kulturen rundt i verda.

Folkedans og varmt vatn

Det heile starta med ein backpackertur. Kristoffer Bringslid likte seg i Kina. Så godt at han hoppa av turen, og slo seg ned i strandbyen Qingdao. Ein by med habile 9 millionar innbyggjarar. Han lærte språket. Og fekk seg lokal kjæraste.

I fjor haust flytta han til Bergen for å studere ferdig til siviløkonom ved Handelshøgskulen. Så kom pandemien frå Kina til Noreg. Og Kristoffer flytta heim til familien i Molde. Nedstenginga gav han mykje fritid.

Som han fylte med å lage små videoar på kinesisk. På eit halvt år har han gått frå 0 til 20 millionar følgjarar på dei populære plattformene TikTok og Kuaishou.


– Videoane mine handlar om kulturforskjellane mellom Kina og Noreg. For eksempel at dei i Kina likar folkedans når klokka tikkar sju om kvelden. Da går alle mødrene ut og dansar. Eller små ting som at me i Noreg drikk kaldt vatn, medan du på restaurant i Kina får kokande vatn i glaset, fortel Bringslid.

Med 20 millionar ligg han godt framfor norske verdsstjerner som Alan Walker, Erling Braut Haaland og Kygo, som har rundt 17 millionar følgjarar på Instagram – til saman.

Alle talar kinesisk

No er filmane hans til saman sett mange milliardar gonger. Men om du skal bli stor på sosiale medium er det ikkje berre for ein nordmann å pumpe ut filmsnuttar i det kinesiske marknaden.
Bringslid meiner at ein av nøklane til populariteten er at alle i filmane pratar kinesisk.

– Her sitt me rundt matbordet i Molde og snakkar kinesisk. Sjå for deg ein kinesisk familie i Kina snakke norsk, gjere norske ting og ete norsk mat. Det kunne vore interessant å sjå på for oss!

12,2 millionar følgjarar på TikTok

FLEIRE FØLGJARAR ENN SYKLAR I BEIJING: Kristoffer har no 12,2 millionar på kinesisk TikTok, og over 7,6 millionar på alternativet Kuaishou.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

24-åringen lærer brørne og foreldra sine kinesiske ord og uttrykk. Foreldra hans har også fått seg ein eiga TikTok-konto, og har no vaksne 335.000 følgjarar.

I Kina er nemleg ikkje TikTok dei unges medium. Av dei som ser på snuttane til Kristoffer er om lag 80 prosent over 30 år.

– Frå analog til Huawei i begge hendene

Musikkmannen Gunnar Greve har i tre år pendla mellom Hongkong til Noreg for å bygge opp eit stort plateselskap for Sony og Tencent. Han nærmast roper i telefonen.

– Ein nordmann med 20 millionar følgjarar? Kem f... e det!?

ioquf42_dG4

GREVE: Gunnar Greve med ein som liknar litt på Justin Bieber, under Idol-finalen 2018.

Foto: Thomas Reisæter / TV 2

Han har vanskeleg for å fatte at det er snakk om mange millionar følgjarar, og ikkje avspelingar.

– Rått! Dette er globalisering!

Gunnar Greve er også manager for Alan Walker, som er gigantisk i Kina. Blant anna har låta «Faded» no blitt strøyma tre milliardar gonger i landet, og Walker er blant dei tre-fire største vestlege artistane – bak habile namn som Ariana Grande og Justin Bieber.

Greve har ein interessant teori på kvifor vaksne i Kina er så glad i TikTok.

– Digitaliseringa gjekk så kjapt i Kina. Dei gjekk rett frå analog – til ein Huawei-telefon i begge hendene. Litt som da Noreg var treige over frå seglbåt til dampskip, men gjekk kjapt over til dieselbåtar. Dermed måtte godt vaksne kinesarar gå rett på å lære seg digitale tenester.

Når dei vaksne i landet er så gode på smarttelefonen blir også musikkonsumet meir rettferdig fordelt, meiner bergensaren.

– No under koronaen slit Sigvart Dagsland og Bjørn Eidsvåg med å nå gjennom i det digitale landskapet. Men i Kina når TikTok-artistar alle, seier Greve.

Det siste året har ni av ti toppar på kinesiske hitlister vore artistar som er store på TikTok. Greve trur det berre er spørsmål om tid før det er ti av ti, og før det same skjer i Vesten.

– Artistar som vil lykkast framover må famne om innhald laga nettbrukarane, slik som video, dans, animasjonar og plateomslag. Det er ei totalt ny tilnærming for musikkbransja.

Stua redigerer som redigeringssuite.

REDIGERING: Stua fungerer som redigeringssuite.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Brubyggar

I familiestua i Molde klipper Kristoffer Bringslid saman ein kryddersterk film om Sichuan-pepar og nudlar. Matfilmar har blitt ein spesialitet.

– Mat er blant dei største kulturelle forskjeforskjellane Kina og Noreg. Og så er det jo ein naturleg ting å lage filmar på, sidan eg et saman med familien kvar dag.

Jobben tar fire-fem timar. Det er viktig med både lyd- og grafiske effektar. Han tener litt pengar på filmane, gjennom samarbeid med både norske, internasjonale og kinesiske selskap. På sikt drøymer han om å gjere dette til eit levebrød. Eller til mantou-brød, da.

Og han gler seg stort til å flytte tilbake og lage filmar frå andre sida av Den store muren.

– Da eg budde i Kina merka eg ei stor interesse for det som skjedde utanfor landets grenser. Eg håper at dei gjennom mine videoar kan forstå Noreg og utlandet betre – og omvendt, seier TikTok-Bringslid.