Høgsterett har skjerpa domen mot to tidlegare leiarar av attvinningsbedrifta Aluscan i Nesset. I Frostating lagmannsrett fekk dei ein dom som innebar at dei slapp å sone i fengsel. No er straffa redusert når det gjeld talet på dagar, men Høgsterett slår fast at dei to må sone fengselsstraffa.

Aluscan i Nesset. (Arkivfoto)
Fleire rettsinstansar
I tingretten blei Gerhard Eide og Kjell Olav Sjøli dømt til 120 dagar fengsel, av dei 90 dagar på vilkår. Men dei anka til lagmannsretten, og fekk ei betydeleg mildare straff, med 60 dagar fengsel på vilkår.
Begge blei av ein samrøystes lagmannsrett funnen skuldige i alvorleg miljøkriminalitet, og begge fekk lik dom, fordi dei stod saman om både å stifte og drive Aluscan.
Økokrim anka
Men no var det Økokrim som anka, og Høgsterett meiner det er rett at dei to må sone 45 dagar kvar i fengsel.
Slepp bot
Lagmannsretten meinte dessutan at dei to måtte betale 150 000 kroner, men bota fell no vekk, etter at Høgsterett har sett sluttstrek i saka.

Frå behandlinga av Aluscan-saka i Lagmannsretten. Foto: Gunnar Sandvik
Strenge mot miljøkrim
Det blir vist til at Høgsterett i fleire år har vist ei skjerpa haldning til miljøkriminalitet. I domspremissane blir det vidare vist til at avfallshandtering er ei aukande verksemd, men at det kan vere kostnadskrevande å handtere avfallet på ein forsvarleg måte.
Eit ønske om å tene mest mogleg og å bevare arbeidsplassar kan og virke inn.
Her er omfanget av utsleppa både til luft og sjø usikre, men det er skjerpande at betydelege utslepp i sjøen skjedde medvite over tre år - og utan at SFT blei varsla.
Skjulte utslepp
Skjerpande er de og at bedrifta aktivt gjekk inn for å skjule utslepp i vatn og luft, og at produksjonen blei auka utan at det blei sett i verk tilstrekkelege miljøtiltak.
I formildande retning legg Høgsterett vekt på at det har gått nesten tre og eit halvt år sidan saka blei meldt.
Høgsterett er samrøystes i at domen bør vere 45 dagar fengsel, men at dei to slepp å betale bøter.