Fredrik Husøy Lie
Foto: Terje Reite / NRK

Møtte veggen då han skulle lære å lese og skrive

Frå han byrja på skulen har bokstavane blanda seg og det har vore nesten umogleg å skrive og lese ord og setningar. – Berre jamaldringar som også hadde dysleksi skjønte kva eg sleit med, seier 17-åringen. No vil skular over heile landet gjere det lettare å vere dyslektikar.

Fredrik Husøy Lie (17) dreg hettegenseren tett over capsen mens regnet styrtar ned. Det er adventstid. I lysa frå eitt av klasseroma ser vi englar og julepynt. Men ute tek den regnfulle, mørke sør-vest kulingen eit godt tak i oss.

– Det dårlege veret står i god stil med korleis eg opplevde tida på skulen. Det var ikkje akkurat solskinnsdagane det var mest av, seier hans mens den grå skodda ligg tjukk over øya Giske på Møre-kysten.

Øya er lita, og han bur berre nokre steinkast frå skulen. Han var her seinast i går, på trening med A-laget for det felles fotballaget til Giske og Godøy. Dei førebur seg til neste års femtedivisjon.

– Men for meg som har dysleksi er ikkje minna frå skuletida her særleg gode, seier han mens vi går over skuleplassen. Han smiler først når han ser igjen leikestativet. Det kom opp heilt på slutten av barneskuletida hans.

Fredrik Husøy Lie

Fredrik Husøy Lie er tilbake i skulegarden på Giske. På denne skulen skulle han lære å lese og skrive. Men bokstavane blanda seg og han seier at ingen forsto kva han sleit med.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det var lett å føle seg dum

Han byrjar forsiktig når han skal fortelje historia si frå skuletida. Han fortel ei historie om guten som var flink i mange fag, men som møtte veggen på noko av det mange ser på som aller viktigast på skulen: Å lære å lese og skrive.

– Eg har ikkje hatt det bra på skulen. Det var ingen som forstod meg og ingen som eigentleg klarte å hjelpe. Spesielt var ungdomsskulen, med alt karaktermaset, vanskeleg, seier han.

Han hevdar at han møtte lite forståing for vanskane med språket.

– Det var lett å føle seg dum då læraren ikkje såg kampane eg hadde. Det var mange gonger eg berre hadde lyst til å slutte på skulen.

Når 17-åringen legg fram historia si handlar det om å ikkje bli forstått og ikkje trudd. Sjølv hevdar han at lærarane ikkje hadde nok kompetanse når det gjeld å legge til rette undervisninga for elevar med dysleksi.

– Eg fekk ikkje diagnosen dysleksi før i 4. eller 5. klasse. Og sjølv om det var ein heilt tydeleg diagnose, så trudde ikkje lærarane på det. Eg fekk høyre at eg hadde så gode karakterar i andre fag. Men dei hadde ikkje kompetansen som skulle til for å sjå kva eg sleit med.

Men lese- og skrivevanskane byrja lenge før. Han seier at han gjorde sitt beste. Med fast grep om blyanten skreiv han bokstav for bokstav, ord for ord. På sin måte.

– Men bokstavane blanda seg. Og det var umogleg å sjå kva som var feil. Og lærarane kravde at eg skulle skrive løkkeskrift. Då gjekk alle bokstavane verkeleg i eitt. Det var umogleg å skilje dei frå kvarandre, seier Fredrik Husøy Lie.

– Vi har ein «bingoskule»

Fredrik Husøy Lie fortel ei historie om å kjenne seg utanfor fellesskapen, der ingen andre enn jamaldringane og dei som sto han nær forstod kva han sleit med.

Åsne Midtbø Aas er pedagog og arbeider i Dysleksi Norge. No reiser ho rundt i heile landet og hjelper lærarar og foreldre å hjelpe barn med dysleksi. Ho seier at mange barn med dysleksi har vanskar med å finne seg til rette i skulen.

Åsne Midtbø Aas

Åsne Midtbø Aas er pedagog i organisasjonen Dysleksi Norge. No arbeider ho med prosjektet Dysleksivennlig skole.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg brukar å seie at vi i svært mange høve har ein slags «bingo-skule» i Noreg som går ut over rettstryggleiken. Det betyr at den som slit ofte treng flaks for å kome gjennom skuletida på ein tilfredsstillande måte. Då handlar det om å ha dei rette foreldra som står på, den rette barnehagen, den rette læraren, den rette rektoren og så vidare. Ofte er det dette som må til for å bli fanga opp og få det rette tilbodet, seier pedagog i Dysleksi Norge, Åsne Midtbø Aas.

– Skulane bør bli dysleksivenlege

Midtbø Aas reiser rundt i heile landet og er aktiv med i arbeidet for å gjere skular dysleksivenlege. Mange skular har sett i gang søkeprosess, og enkelte kommunar vil gjere alle skulane i kommunen dysleksivenlege.

– Vi skulle ønskje vi kom dit at alle skulane i Noreg blei dysleksivenlege. Dette burde setje standarden for norsk skule, seier ho.

Ho kokar bodskapen sin ned til to hovudpunkt. For det første må kompetansen på dysleksi hevast over alt i Noreg, mellom anna ved at det kjem inn som fast punkt i lærarutdanninga. Og nivået på kunnskapen må kvalitetssikrast. For det andre må det innførast eit auka fokus på tilrettelegging av undervisninga for den einskilde.

– Her er ein del å rydde opp i. Men dette er eit arbeid som berre må gjerast. Der er blant anna alt for stor tru på handskrift og vi ser ei digital vegring på mange skular, seier ho.

– Vi måtte stå på

Mykje av det Fredrik Husøy Lie fortel om handlar om tida då han gjekk på barne- og ungdomsskulen. Han har med seg mor si som hugsar godt kampen ho seier ho måtte kjempe.

– Vi måtte stå på og stille krav. Og det blei konfliktfylt, fortel Mona Husøy Lie og tenkjer tilbake på tida då sonen gjekk på barne- og ungdomsskulen.

Etter kvart fekk Fredrik bruke datarommet på skulen og han fekk ein datamaskin som skulle vere til hjelp. Men opplegget fekk han berre til å føle seg meir utanfor.

– Eg kjende det var ubehageleg. Det var ubehageleg å måtte forlate klassa, og eg var den einaste som hadde PC. Det var ikkje ein naturleg ting, og eg følte det som «feil» å ta opp PC-en. Resten av klassa skulle gjere det på «den rette måten», mens eg fekk halde på med mitt.

Pedagog i Dysleksi Norge, Åsne Midtbø Aas, har klare råd for korleis forholdet mellom skulen, elevar med dysleksi og foreldra bør vere.

– Læraren må ha god relasjon til eleven! God kommunikasjon mellom skule og heim er også viktig. Desse elevane slit meir enn vi trur, og det er ikkje alle som viser det. Snakk med eleven, og finn ut kva slags metodar som fungerar best. Det er fort å tenke at dysleksi er eit lite problem. For mange elevar er det ein vanske som skaper mykje trøbbel. Det er vi som vaksne som har ansvar for å finne eit opplegg som fungerar, seier ho.

Dysleksivenleg skule

Siv Einarsen Wollstad og Vibeke Helen Myklebust Nerås

Spesialpedagogane Siv Einarsen Wollstad og Vibeke Helen Myklebust Nerås har samla elevane på språklaboratoriet.

Foto: Terje Reite / NRK

Over heile landet er mange skular i ferd med å rydde opp i tilhøva for elevar med lese- og skrivevanskar. Blant alle skulane i Noreg, både på barne- og ungdomstrinnet og i den vidaregåande skulen har 34 skular fått sertifiseringa «Dysleksivennlig skole». Først ut var Sjøstrand barneskole i Kristiansand i 2006. I 2016 er sju nye skular lagt til lista. Blant desse er Åse skole i Ålesund.

– Ein dysleksivenleg skule er ein god skule for alle, seier rektor på Åse skole, Vigdis Rønning.

Skulen har satsa sterkt på kompetanseheving, bevisstgjering og foreldresamarbeid. Og det handlar om å ta i bruk dei verktøya som verkar. Å bli dysleksivennleg skule har for Åse skole sitt vedkomande handla om å setje i system mykje av det dei også gjorde før.

– Og det er viktig at heile staben er med og får auka kunnskap, ikkje berre dei med spisskompetanse. Det at vi er dysleksivenlege forpliktar oss, og vi sender medarbeidarane våre på kurs der dei også fangar opp tips og idéar, seier Rønning.

Siv Einarsen Wollstad

Spesialpedagog Siv Einarsen Wollstad.

Foto: Terje Reite / NRK

I språkverkstaden gjer spesialpedagogane Vibeke Helen Myklebust Nerås og Siv Einarsen Wollstad klar til ein ny time. På borda legg dei ut spel, plansjar og andre hjelpemiddel som skal gjere læringa lystbetont.

– Det er viktig å alminneleggjere bruk av hjelpemiddel, som for eksempel datamaskin. Nokre treng briller andre treng ein datamaskin. Det er ikkje flaut i det heile teke, seier Siv Einarsen Wollstad.

Skulen legg vekt på at alle skal få hjelp, og at heile skulemiljøet blir oppdregne til å godta at alle er forskjellige. Då handlar det om å ha stor takhøgd og å ufarleggjere at enkelte elevar får tilrettelagd undervisning.

– Her på skulen kan vi også gjennomføre testar og fange opp elevane som slit på eit tidleg tidspunkt. Dess tidlegare vi får sett inn tiltak dess betre resultat får vi. Og det er ikkje noko spesielt at enkeltelevane blir tekne ut av klassa for å få direkte oppfølging. Her går jo alle ut og inn av klassa heile tida, så det er heilt naturleg, seier Vibeke Helen Myklebust Nerås.

Vibeke Helen Myklebust Nerås

Spesialpedagog Vibeke Helen Myklebust Nerås.

Foto: Terje Reite / NRK

Skulane kjenner seg ikkje att

NRK Møre og Romsdal har vore i kontakt med skulane som Fredrik Husøy Lie har gått på. Dei kjenner seg ikkje att i Framstillinga til Fredrik Husøy Lie.

– Lærarane har generelt god kompetanse innanfor dysleksi, og koordinatoren på skulen rettleiar og gir støtte der det er behov. Lærarane og spesialpedagogane held seg oppdaterte ved å delta på kurs og anna opplæring gjennomskuleåret. Skulen har god rutine for kartlegging, heiter det i eit svar frå barneskulen.

Du kan lese heile imøtegåinga frå barneskulen her:

Ungdomsskulen som Fredrik Husøy Lie har gått på viser også til at dei har hatt gode resultat og fått offentleg merksemd for måten dei har drive opplæring for dyslektikarar på.

– Elevar med ei dysleksidiagnose får ei sakkunnig vurdering frå PPT med klare mål og tiltak. Skulen har tilsett ein spesialpedagog som gir faglege råd og er med på å modellere pedagogiske opplegg for elevane, både før og etter at eleven har fått sakkunnig vurdering, heiter det i svaret frå ungdomsskulen.

Du kan lese heile imøtegåinga frå ungdomsskulen her:

– Søk om å bli dysleksivenleg skule

Fredrik Husøy Lie og mor hans har fått sjå tilsvara frå skulane. Mona Husøy Lie seier at ho reagerer på tilsvaret frå skulane.

– Dei skriv som om alt dette galdt då Fredrik gjekk der. men det er veldig bra dersom skulane no har opparbeidd system rundt rutinar , kunnskap og kompetanse om dysleksi, seier ho.

Ho held fast ved at dette var mangelfullt slik ho oppfatta situasjonen for få år sidan. Ho oppmodar samstundes skulane om på dokumentere kunnskapane ved å satse på å bli godkjend som dysleksivenleg skule.

– Ein god dysleksivenleg skule er ein god skule for alle, seier Mona Husøy Lie.

– Vikarlærar på vidaregåande var den første som eigentleg forstod

Fredrik Husøy Lie oppfatta ikkje situasjonen ved skulane slik skuleleiinga omtalar kompetansen og pedagogikken som blir brukt. Han seier han opplevde situasjonen heilt annleis.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte skrive og lese slik lærarane meinte det var best, sjølv om eg for eksempel sa at eg lærte best om eg fekk høyre nokon fortelje om eit tema. Høgtlesing i klassa var der verste. Eg sa nervøst at eg ikkje ville. Men eg fekk beskjed om at eg måtte lese når det var min tur. Det er det verste eg har opplevd.

– Men var det ingen som skjønte kva du sleit med?

– Medelevar som sjølve sleit på same måte som meg forstod. Men den første læraren som verkeleg forstod var ein vikarlærar på vidaregåande. Ho leste nokre tekstar eg hadde skrive og ho hadde nok kompetanse til å sjå korleis dysleksien prega tekstane. Berre det at ho forstod meg utan at eg hadde fortalt om problema mine var til stor hjelp. Etter det vart det litt lettare for meg.

På vidaregåande er det fleire fag han likar. Men det er ikkje alt som er like bra. Også på denne skulen kunne kunnskapen om dysleksi ha vore betre, og av og til kjem det nokre kommentarar han oppfattar som dumme.

– Dei forstår ikkje. Nokon trur at eg ikkje kan få det til. Og då er det lett å gje opp sjølv også.

Fredrik Husøy Lie

Framleis blandar bokstavane seg når Fredrik Husøy Lie skal skrive og lese. Han seier han fortel historia si i håp om at handre skal sleppe å få like store vanskar med lese- og skriveopplæringa.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Som å gå rett på dei tyngste vektene

Åsne Midtbø Aas ristar oppgitt på hovudet når ho høyrer om elevar som både blir tvinga til å skrive med løkkeskrift og å lese høgt for klassen. Ho har sett mange bli fråteke både sjølvtillit og lese-, lære- og skrivelyst på denne måten.

– Å krevje av ein dyslektikar å måtte lese 30 sider med naturfag er som å be ein utrent nybyrjar om å gå på helsestudio og begynne med å løfte vekter på hundre kilo. Å tru at dette er beste måten å lære på vitnar om at noko er misforstått. Det finst så mange andre måtar å gjere det på. Vi snakkar for eksempel om at bygg skal vere tilrettelagt slik at alle skal kunne nytte seg av det uansett funksjonsnivå, det vi kallar universell utforming. Også læresituasjonen, prøvesituasjonar og eksamenar må vere universelt utforma.

Ho ber skulane sjå verdiane av god IKT-bruk for desse elevane.

– Leit etter dei sterke sidene hos desse elevane, dei kan lære kva som helst, berre lærestoffet blir tilrettelagt.

– Skal bli kokk

Fredrik Husøy Lie

Fredrik Husøy Lie skal bli kokk. Her er han i full sving på Borgund vidaregåande skule.

Foto: Terje Reite / NRK

Fredrik Husøy Lie har vald eit praktisk yrke. Han er midt i kokk- og servitørutdanninga på Borgund vidaregåande skule. Der er det ikkje berre praktiske fag. Også på denne linja må det både lesast og skrivast.

– Det går bra, smiler han. Eg lærer godt når eg blir fortalt og forklart ting. Og på vidaregåande møter eg litt meir forståing for vanskane eg har med lesinga og skrivinga, seier han og ser fram til å ta fatt på eit yrkesliv ved grytene.