NRK Meny

Vossa Jazz-prisen til trommeslagar

Trommeslagaren Øyvind Skarbø frå Stranda er tildelt Vossa Jazz-prisen for 2016. Prisen på 30.000 kroner fekk han overlevert av fylkesordførar Anne Gine Hestetun i forkant av Tingingsverk-konserten. Skarbø har turnert inn- og utland, både som soloartist, men også som medlem i mellom anna «Crab is Crap», «Honeyleap» og «Håkon Kornstad Tenor Battle».

Øyvind Skarbø får Vossa Jazz-prisen 2016
Foto: Eirik Åsheim / Vossa Jazz