Hopp til innhold

Nye stiar skal føre til mindre slitasje på Runde

Den mest brukte stistrekninga på Runde har no blitt utbetra. Det skal hindre slitasje og belastninga på dyrelivet ved fuglefjellet.

Stiar Runde

På Runde har det kome nye stiar for å hindre slitasje.

Foto: Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn

Stier på Runde

Slik har det lenge sett ut på Runde. No har stiane blitt utbetra.

Foto: Fylkesmannen Møre og Romsdal

Fjellterrenget i naturreservatet på Runde har lenge vore prega av slitasje. Dei rike sjøfuglkoloniane rundt fuglefjellet er ein populær attraksjon og området blir også nytta mykje av turgåarar.

Minst 30.000 personar besøkjer Runde kvart år, noko som også fører til ei stor belastning på naturen i området. No skal dei nye stiane vere med på å minke denne belastninga.

– Dette er eit tiltak for både folk, fugl og naturen elles, skriv seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen i ei pressemelding.

Positivt for folk og fugl

Målet med dei nye stiane er å prøve å styre ferdsla til dei besøkande slik at ein kan unngå å uroe fuglane og samtidig hindre nedtrakking av for store område.

– Runde er både eit fuglefredingsområde, med restriksjonar på kvar folk kan ferdast i hekketida, og eit myr-naturreservat. Med stadig fleire besøkande er det lett å sjå slitasjen på stiane. Når det er vått og gjørmete, vel ofte turgåarane å gå utanom, og det blir både større nedtrakka område og nye stiar, seier Betten.

Dei har no brukt kring 900.000 statlege miljøvernkroner på grøfting, steinlegging og klopper på stien til Kaldekloven.

1 km med ny sti

Det er firmaet Sandal AS frå Volda som har utført arbeidet på den nesten 1 km lange stistrekninga på Runde.

Arbeidarar legg nye stiar på Runde

Frå venstre: Jan Erik Sandal, Michiel Middelveld og Steinar Sætre frå Sandal AS.

Foto: Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn

Fleire tonn med steinheller er frakta ut med helikopter og mykje av arbeidet er gjort med ei mindre gravmaskin eller for hand. Arbeidet på stien blei ferdig i slutten av oktober.

Arbeidet med delar av stistrekninga til Runde Fyr er det dugnadsfolk frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening som har gjort.

– Vi håper den nyrestaurerte stien blir sett pris på av både folk lokalt og tilreisande, seier Betten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL