Kystverket har fått tilskot til å halde ved like fyrbygga i fylket, blant anna på Runde. I år skal det altså brukast nesten tre millionar kroner. Eit norsk firma med tre fagarbeidarar frå Litauen står for jobben.
- Les også:
Viktig kystkultur
Oddbjørg Remøy er kontaktperson for Turistforeininga som leiger bygga på Runde og er ofte på fyret for å snakke med hyttevertane. Ho trur at turistforeininga sin bruk av bygga er viktig for å få fram denne delen av kystkulturen.
Det er mykje arbeid som skal gjerast på bygga ved fyret, ikkje minst skal alle vindauga renoverast.
Nokre av bygga ved Runde Fyr.
Foto: Arne Flatin / NRKMed svenskekongen på veggen
Bygga, som no vert pussa opp, er frå 1826 og har svenskekongen Carl Johan den 14. på veggen, men det er snart 250 år sidan Runde Fyr vart etablert og fyrentusiast Oddbjørg ser fram til jubileum om tre år.
Det noverande fyret vart renovert for nokre år sidan, så det er dei tilhøyrande bygga som skal pussast opp no.