Hopp til innhold

Livestreamar hekkinga: – Dette er som å ha ein spion i fjellet

Talet på sjøfuglar er i fritt fall. No vil forskarar på Runde vise folk kva verdiar vi har, slik at fleire ønsker å ta vare på dei.

Ingar Støyle Bringsvor og Johannes Madsen setter ut kamera i reir i Lundeura på Runde.

Ingar Støyle Bringsvor og Johannes Madsen setter ut kamera i reir i Lundeura på Runde.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Du kan ikkje sitte her i fjellet 24/7, så dette er som å ha ein spion i fjellet, fortel feltforskar Ingar Støyle Bringsvor.

Eit stort, fjernstyrt kamera som blir lada opp av sollys overvakar Lundeura på Runde – den største fugleøya sør for polarsirkelen i Noreg.

Saman med naturrettleiaren Johannes Madsen frå Runde Miljøsenter har Bringsvor no gjort kameraet klart til hekkesesongen.

Ingar Støyle Bringsvor installerer kamera i lundefuglreir på Runde.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dei har også montert kamera i tre lundefuglreir. Det kan forskarar og folk flest følge med på via livestream på YouTube.

Lundefuglane bygger reiret sitt i underjordiske gangar, difor treng dei kamera for å sjå kva som går føre seg.

Bringsvor slår fast at lundefuglen ikkje blir forstyrra av dette.

– Om dei blei det skulle eg vere den første til å ta det vekk. Så lenge vi får sett det opp før fuglane kjem, går det greitt.

Hekkesesongen varer vanlegvis frå april til august. Det er mellom 30.000 og 35.000 par med lundefugl som hekkar på Runde.

  • Det er ikkje alle som respekterer fuglelivet på Runde – les om det her.
Lundefugl i Lundeura 2024

Slik såg det ut på livestreamen til Runde Miljøsenter i 2024. I år håper dei at fleire vil sjå på kva som går føre seg i Lundeura.

Kollaps

På 50-talet var det opp mot ein halv million hekkande sjøfugl her på Runde. No er det rundt 80–100.000 igjen.

Sidan slutten av 1990-talet har lundebestanden minka kraftig, men dei har hatt ein opptur siste åra, og forskarane håper det vil halde fram slik.

Lundefugl på Runde

Det er enkelt for forskarane å sjå kva fisk lunden har i nebbet fordi fangsten heng utanfor nebbet.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Gjennom kameraovervakinga følger forskarane med på kor lenge dei hekkande lundefuglane er ute på havet for å finne mat, og kva fisk dei har med seg i nebbet til ungane i reiret.

På den måten kan dei finne ut korleis tilgang på føde er i havet utanfor Runde.

– Den første kollapsen i sjøfuglbestanden på Runde kom etter at silda kollapsa på slutten av 60-talet. Så å sjå kva fuglane kjem med av mat, er veldig viktig, seier Bringsvor.

Runde i 1966 og 2023.

Hvorfor forsvinner fuglene?

– Dramatisk

I tillegg til å sjå kva mat dei et, gir kameraet også informasjon om kva tid lunden dukkar opp om våren, når dei legg egg og kva tid dei klekker.

– Du får sett på alt rundt hekkebiologien. Det er ekstremt verdifulle data. Eg veit ikkje om det er så mange som har den type data, seier Bringsvor.

Ingar Støyle Bringsvor monterer kamera i lundefuglreir på Runde.

Snart kjem lundefuglen tilbake og då kan forskarane følge nøye med på tre reir som er kameraovervaka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Marinbiolog Christoph Noever er ansvarleg for prosjektet ved Runde Miljøsenter, og dei samarbeider med Norsk institutt for naturforsking om prosjektet der dei får mykje ny og viktig kunnskap om lundefuglen.

– Sjøfuglbestanden har gått ganske dramatisk ned, så det må gjerast noko for å bygge det opp att, seier han.

Montering av kamera i lundefuglreir

Ingar Støyle Bringsvor monterer kamera i lundefuglreiret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Formidling

Johannes Madsen jobbar som naturrettleiar ved Runde Miljøsenter. Han slår fast at kameraovervakinga er minst like viktig for formidlinga som forskinga.

– Vi håper at folk følger med på våre nettsider og YouTube-kanalar. I tillegg har vi masse folk som kjem til Runde Miljøsenter og fuglefjellet for å lære meir om sjøfuglane.

Johannes Madsen ved Lundeura på Runde.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ingar Støyle Bringsvor er samd med kollegaen sin.

– Folk må vere obs på kva verdiar dei har rundt seg, og ville ta vare på dei.

I fjor gjekk dei ikkje så hardt ut med at dei sende direkte frå reira og fuglefjellet, fordi dei ikkje var sikker på om det ville virke.

– Då hadde vi berre 80.000 visningar. Vi håper mange fleire vil følge med i år, seier Johannes Madsen.

Fuglefjellet på Runde

Fuglefjellet på Runde vil snart yre av hekkande sjøfugl.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK