Hopp til innhold

Skal utbedre stiane på Runde

No skal naturområdet på Runde og Goksøyrmyrane få seg ei real andletslyfting.

Runde fyr

Runde er eit svært populært mål for turistar og turgåarar. Her frå området kring Runde fyr.

Foto: Arnfinn Tonnesen

Fjellterrenget i naturreservatet på Runde er prega av slitasje. Dei rike sjøfuglkoloniane rundt fuglefjellet på Runde er attraktive – og belastninga på naturen er for stor av alle besøkjande.

Runde

Lause og gamle plankar er ikkje rare forsvaret mot det blaute myrområdet.

Foto: Fylkesmannen Møre og Romsdal

No kjem forvaltningsplanen for Goksøyrmyrane naturreservat og Runde fuglefredingsområde, som legg til rette for at gamle stiar skal verte fornya.

I planen er det også konkrete tiltak for å nedkjempe gjengroing, og gje betre informasjon.

Ola Betten i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen seier det no er på høg tid med desse tiltaka.

Gamle tiltak

– Runde er eit blautt myrområde. Kombinert med veldig mykje folk så vert det opptrakka og blautt. Når folk da går rundt det blaute området, så vert det stadig breiare, seier Betten.

Ola Betten

Ola Betten i Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Men det er jo vore lagt ut plankar i mange år. Nyttar ikkje folk desse stiane?

– Jau, dei vert nytta, men desse løysinga er gamle, og treng både fornying og reparasjon, seier Betten.

Informasjon

I planen er det også meint å gjere grep som skal syte for betre informasjon for turgåarane.

– Vi ynskjer å ha betre informasjonstavler. Arbeidet med eit informasjonssenter er i gang, og elles har vi naturoppsyn der ute som snakkar med folk, viser dei området og rår dei vekk frå uheldige plassar.

Stier på Runde

Her kan ein sjå at myrområdet lir av slitasje.

Foto: Fylkesmannen Møre og Romsdal
Lundefugl

Lundefuglane på fuglefjellet er ein av de mest kjente attraksjonane på Runde.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL