Hopp til innhold

Vil ikkje ha meir rotenon

Elveeigarar krev at planar om å bruke gifta rotenon blir stoppa.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

Laks angipen av parasitten gyrodactylus salaris

Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

Elveigarar i Sunndal krev stopp i planlegginga av å behandle elva Driva med gifta rotenon. Politikarane i Sunndal vart orienterte om kravet i går.

Driva elveeigarlag har også stilt kravet til Miljøverndepartementet.

- Vi føler at det er stor usikkerheit kring resultatet av å bruke laksesperre og så rotenon i etterkant, seier talsmann i elveeigarlaget, Hallvard G. Hagen. Det er ikkje sikkert om metoden er god nok til å rydde ut gyroen - Og kva gjer vi då? spør Hagen.

Heile planen går ut på å bygge ei laksesperre neste år som skal stå der i mange år. Deretter er det tenkt å bruke rotenon for å drepe all fisken i Driva og legge elva brakk.

Utryddar laksen i Driva

Håper naturen ryddar opp

Men sjølv om elveeigarane håpar at naturen til slutt vil ordne opp sjølv, så er trua på det heller liten.

- Kansje er det ingenting å gjere med gyroen og kansje må vi berre leve med den i framtida, seier Hallvard G. Hagen.

- Det har dessverre ikkje vore nokon særleg vilje til å undersøkje det spørsmålet, for her har det vore køyrt berre ein strategi, og det er å bli kvitt gyroen, koste kva det koste vil.

- No kan vi kansje oppleve til slutt at medisinen bli værre enn sjukdommen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL