Vil ha større fokus på varslingar

Frykt for sanksjonar kan gjere at mange ikkje varslar om uheldige forhold på arbeidsplassen. No vil Arbeidstilsynet ha større fokus på varslingssaker. I løpet av våren skal dei ha seminar på 14 forskjellige stader i landet for å opplyse både arbeidsgjevarar og tillitsvalde om korleis dei skal handtere sakene. Ålesund var første stad på turneen der dei fekk innføring i kva som er som er varsling og korleis ein skal gå fram. – Arbeidsgivar bør ha gode rutinar for å handtere eit varsel slik at den tilsette ikkje blir ståande igjen som svarteper, seier Torunn Meosli, seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet.