Hopp til innhold

Vil ha gratis leirskule

Det kommunale foreldreutvalet i Ålesund kjempar for gratis leirskule og meiner at det er kommunen som skal dekkje opphaldet til elevane.

Hidra Leirskole
Foto: Rodeo arkitekter

-Det er kommunen som må betale for elevar sitt leirskuleopphald. Ikkje foreldre gjennom innsamling og dugnadsarbeid slik det er i dag, meiner leiar i Ålesund Kommunale Foreldreutval, Vicki Svebakk Urke.

Elevane får lide

- Det er elevene som kommer til å lide for dette, seier Urke som sjølv har ein femteklassing på Aspøy skule.

Om to år skal klassa på leirskule til Gudbrandsdalen og allereie i fjor byrja planlegginga av korleis dei skal få inn pengar til turen. Ålesund kommune dekkjer 1200 kroner per elev, og det tyder at foreldre må jobbe for å samle inn resten av pengane som trengst.

Kommunen må på banen

Men ikkje alle foreldre bidreg på dugnad av ulike årsaker. Somme seier at dei ikkje vil drive dugnadsarbeid for noko som etter opplæringslova skal vere gratis. For at alle barn skal få reise, meiner Svebakk Urke at kommunen må komme på banen.

- Kommunen må dekkje heile beløpet. Det er bestemd at om skulane og kommunane vel å ha leirskuletibod, så skal det dekkjast av kommunen, så her må kommunen auke tilskotet, seier Svebakk Urke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL