Hopp til innhold

Vil ha gamletrenaren

Molde mister trenaren sin når sesongen er slutt og må difor ut på trenarjakt til hausten. Fansen ser helst at det er ein gamal kjenning som tar over etter Tor Ole Skullerud.

Molde mister trenaren sin når sesongen er slutt.
Kven som skal overta er heilt i det blå.
Men det er ingen tvil om kven dei ivrigaste tilhengarane vil ha.

Molde mister trenaren sin når sesongen er slutt. Kven som skal overta er heilt i det blå. Men det er ingen tvil om kven dei ivrigaste tilhengarane vil ha.

Etter at det i førre veke vart klart at hovudtrenar i Molde Tor Ole Skullerud trekk seg etter sesongen, har mange supporterar starta å håpe på ein Solskjær-retur.

– Storparten gjer nok det. Det er vel sikkert nokon som ikkje er samde, men dei fleste eg har høyrd vil ha Ole Gunnar tilbake. Seier nestleiar i Tornekrattet, Stefan Sætre.

Tidlegare Molde-spelar, Stein Olav Hestad, vil gjerne ha Solskjær tilbake. Han trur at Solskjær kan bli førstevalet for klubben.

Stein Olav Hestad

FØRSTEVAL: Stein Olav Hestad trur Solskjær vil vere førsteval for klubben om han får med seg dei same folka som førre gong.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dersom han hadde kome tilbake med den gjengen han hadde førre gong, Mark og Richard, hadde det sjølvsagt vore førsteprioriteten til Molde.

Klubbleiinga

Spørsmålet er om forholdet mellom Solskjær og klubbleiinga kan sette ein stoppar for eit eventuelt comeback. Knut Olav Lillebakk stod i mål då Solskjær var Molde trenar, og har sidan det følgt Molde som journalist i Romsdals Budstikke. Han trur det er fult mogleg for Solskjær å komme tilbake som trenar i ein ny periode.

– Slik eg har skjønt det, var det litt gnissingar og usemje her og der. Men eg trur ikkje det er så gale at samarbeidet ikkje kan takast opp att.

Daniel Berg Hestad

MOTIVASJON: Daniel Berg Hestad trur eit Solskjær-comeback ville vore bra så lenge Solskjær sjølv er motivert.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hjå sine gamle elevar som var spelarar då Solskjær tok to seriegull med Molde, er suksesstrenaren iallfall velkommen.

– Vi får sjå om det er mogleg at han kjem tilbake, og om leiinga vil det. Som sagt synest eg han er ein god trenar, og vi har gode relasjonar. Så dersom han er motivert til å komme tilbake, er det klart at det hadde vore bra, seier Moldes kaptein Daniel Berg Hestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL