Hopp til innhold

Vil ha fleire tiltak for unge

Bustadsituasjonen for dei unge må bli betre. Det meiner stortingspolitikar Birgit Oline Kjerstad frå SV.

Mange slit med å kome inn på bustadmarknaden, fordi dei ikkje har nok eigenkapital.

SV har lagt fram ei rekkje forslag til Stortinget, som skal behandlast i komiteen denne veka. Blant anna ønskjer dei å gi fleire unge tilgang til husbanklån. Kjerstad meiner situasjonen for dei unge er for tøff.

Birgit Oline Kjerstad, asylpolitisk talsperson SV
Foto: Silje Rognsvåg / nrk