Strandrydding, bygging av klubbhus, burettslagsdugnad, dugnad i samband med idrettslagsarrangement, loppemarknad og så vidare.
Anten du stiller villig opp, er skeptisk eller er ein som kjøper deg ut, så kjem du ikkje utanom temaet dugnad. I mai er det høgsesong for alle slags dugnadar. I følgje ein forskingsrapport har over 60 prosent av befolkninga stilt opp på frivillig arbeid det siste året. Og det er fleire som stiller opp her til lands enn for eksempel i Danmark og i Sverige.
Dugnadsveke
Kven stiller på dugnad? Kvifor går folk på dugnad? Kor mykje frivillig arbeid er det vanleg å gjere i løpet av eit år? Kvifor er Noreg eit dugnadsland? Dette er berre nokre av spørsmåla vi vil prøve å belyse når vi set fokus på dugnadsarbeid i alle kanalar her i NRK Møre og Romsdal denne veka. Målet er å hylle alle dei frivillige som står på og brukar av fritida si på fellesskapet på eit eller anna vis.
Del dine dugnadsminner med oss
Vi vil gjerne høyre dine dugnadshistorier og sjå dine bilete! Send inn bilete eller historier til mr@nrk.no.