Veidekke ankar dom

Veidekke ankar saka mot Rauma kommune etter striden om bygginga av den nye helsehuset på Åndalsnes. Dermed endar saka truleg i Høgsterett. Kommunen blei først dømt i tingretten, men deretter frifunnen i lagmannsretten for kravet på 25 millionar i erstatning til Veidekke Entreprenør etter å ha gitt kontrakten til firmaet Hent AS. I tingrettsdommen står det at Hent sitt tilbod hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen i anbodskonkurransen.