Hopp til innhold

Vegvesenet venta ras på staden

Dette raset på over 50 kubikk kom Statens vegvesen i forkjøpet. No lover dei å sikre den rasutsette strekninga.

Dette raset på over 50 kubikk kom Statens vegvesen i forkjøpet. No lover dei å sikre den rasutsette strekninga.

Ein stor stein og ein del massar rasa ut på fylkesveg 63 ved Berge rundt klokka sju måndag morgon. Foto: Kåre Andre Berge, Statens vegvesen

Store steinmassar rasa over vegen ved Berge i Eidsdal i morgontimane måndag.

Statens vegvesen har lenge vore klar over faren for ras på denne strekninga, og har lenge hatt ein plan om å sikre området. Men raset kom dei i forkjøpet.

– Etter oppryddinga kjem vi til å sikre fjellsida, slik at vi slepp å oppleve dette fleire gonger, seier prosjektleiar i vegvesenet, Odd-Einar Hjellen.

Stor ryddejobb

Etter dei første 50 kubikk med stein rasa det ytterlegare 10 ned på vegen. Eit stort ras, meiner Hjellen.

– Det er ikkje fare for at det kjem eit nytt ras. Geologar har vore her og vurdert området, og dei kjem til gjere ei ny vurdering før vegen vert opna.

Oppryddingsarbeidet er venta å vare ut onsdag eller torsdag denne veka. Vegvesenet har ein stor jobb framføre seg før vegen blir opna igjen.

Hjellen opplyser at dei først og fremst må rydde vegen, deretter reinske lause masser, sikre vegen med boltar og sikringsnett og til slutt reparere skadar på vegen.

I mellomtida er det sett inn beredskapsferje mellom Hellesylt og Geiranger. Sjekk rutetidene på Fjord1 sine nettsider her.

Stengt for dei lokale

Stengte vegar fører alltid til problem for dei som bur i nærleiken. Likevel vel Kenneth Løken frå Geiranger å sjå lyst på situasjonen.

– Noko skal eg vel klare å bruke tida på. Eg hadde eigentleg tenkt meg ein tur til Åndalsnes i morgon, men det kan eg ikkje no. Men ein handletur til Skjåk skal eg nok få til. Eg treng poteter, fortel han lett til sinns.

Han skulle likevel ønskje at vegvesenet og kommuna kom med informasjon tidlegare enn dei gjorde.

Hadde dette raset skjedd på vinterstid kunne innbyggjarane i Geiranger vore innestengde. Men sidan snøen ikkje har kome har dei ein veg ut via Flydalsjuvet.

Ras i Eidsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL