Hopp til innhold

Vedtok ny skule på Eide

Kommunestyret i Hustadvika sa ja til ny barneskule for 300 elevar på Eide.

Prosjektet har ei investeringsramme på 301 millionar kroner, skriv Romsdals Budstikke.

Vedtaket blei gjort med 21 mot 12 stemmer.

Usemja gjekk på kva som skal skje med skulestruktren når Eide får ein så stor skule.

Det er i dag mindre skular både på Lyngstad og Vevang.

Rådhuset i Hustadvika kommune.
Foto: Trond Vestre / NRK