Hopp til innhold

Vatnet tilbake i Frei - enorm sprekk i vassrøyra var problemet

Fleire hundre husstandar på Frei frykta at dei skulle vere utan vatn i jula. Seint søndag kveld var derimot vatnet tilbake etter omfattande arbeid. Ein seks meter lang sprekk var problemet.

Vasslaust på Frei

Etter lang tids arbeid blei lekkasjen på Frei lokalisert. Utover søndagskvelden skal dei fleire hundre vasslause ha vatn i hus igjen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Petter Ingeberg

Bildet av informasjonsleiar i Kristiansund kommune, Petter Ingeberg, er frå eit tidlegare høve. Tommelen opp er derimot gjeldande når vatnet endeleg er tilbake i Frei - to dagar før jul.

Foto: Synnøve Kitdal

– Vatnet blei sett på igjen for om lag ein halv time sidan, og med forsiktig auke av vasstrykket skal alle ha vatnet i hus igjen innan klokka halv elleve.

Det seier Petter Ingeberg, informasjonsleiar i Kristiansund kommune.

Fleire hundre var vasslause i Frei, etter at vatnet forsvann seint laurdag ettermiddag . Kva årsaka var sleit kommunen med å finne ut.

– Vi veit ikkje når vatnet er tilbake. Men vi håper det skjer raskt, sa Ingeberg til NRK tidleg søndag.

Fann skaden etter lang tids leiting

Like før klokka 18.00 kunne Arnstein Nordahl, vakthavande hos byingeniøren i Kristiansund kommune, meddele at dei mest truleg hadde funne lekkasjen.

– Vi har no gravd fram det vi trur er lekkasjen. Om alt går som det skal, så skal vi ha vatn i løpet av kvelden, sa Nordahl - som tok førehald om at det kunne vere meir enn éin skade.

Det var også meir enn éin skade, men det var skade på to forskjellige røyr.

– Det var ein seks meter lang sprekk i vassrøyret, pluss at kloakkrøyret som gjekk parallelt også var knust, seier Ingeberg seint søndag.

Vassrøyret blei skifta og kopla om, medan kloakkrøyret blei reparert. Vatnet blei skrudd på 21.10.

– Lat kaldevatnet renne

Årsaka til skadane på røyra er ukjend per no, men vatnet er i det minste tilbake, seier Ingeberg.

For dei par hundre som bur i område har informasjonsleiaren i kommunen desse råda:

– Når dei får vatnet tilbake vil det først vere litt brunt. Det vil også vere luft i røyra. Lat kaldevatnet renne til vatnet er klårt og reint, så ta det i bruk igjen, avsluttar Ingeberg.

Inger Skoglund

90 år gamle Inger var éi av mange som frykta ei vasslaus jul på Frei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL