NRK Meny
Normal

Inger (90) og fleire hundre står utan vatn før jul

Inger Skoglund (90) er ein av fleire hundre innbyggjarar på Frei i Kristiansund som står utan vatn - to dagar før jul. Seint søndag ettermiddag trur derimot kommunen at lekkasje er lokalisert.

Inger Skoglund

Inger Skoglund er ved godt mot trass i at vatnet er borte.

Inger Skoglund ventar førebels fånyttes på å få igjen vatnet i springen. Laurdag ettermiddag blei det brått tørt, endå er ikkje vatnet kome igjen.

– Eg har ikkje hatt vatn sidan i går og fattar ikkje kvifor, seier Skoglund.

90-åringen strekar under at ho klarer seg i prat med NRK. Ho drikk mjølk og har tenkt gjennom korleis ho skal gjere det dersom vassløya no blir langvarig.

– Då vaskar eg kleda mine i bekken, fortel ho.

Må bygge ekstraveg

Fleire hundre innbyggjarar på Frei i Kristiansund er utan vatn etter brot i ein vassleidning i går ettermiddag.

– Vi trur vi har funne ut kvar feilen ligg, og har kalla ut tre mann som skal hjelpe gravemaskinføraren med å lokalisere brotet, seier vakthavande hos byingeniøren i Kristiansund kommune, Arnstein Nordahl klokka 15.00.

Vasslaust på Frei

Fleire hundre innbyggjarar på Frei i Kristiansund ventar på å få igjen vatnet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vegen der brotet kan ligge er, ifølgje Nordahl, ikkje veldig trafikkert, men kan ikkje stengjast.

– Vi kan ikkje stengje vegen på grunn av ambulanse, brann og beredskap. Vi har difor arbeidd sidan i formiddag med å byggje ein erstatningsveg ved staden der vi trur feilen ligg, seier Nordahl.

Han seier det er tidkrevjande arbeid, fordi dei har måtte lage ein tre meter høg fylling.

Ikkje sikre på kvar feilen er

Men kommunen sine folk er ikkje sikre på at dei har funne staden der vassleidningen er broten.

– Vi har indikasjonar på at det er her feilen ligg, men er ikkje hundre prosent sikre, fortel Nordahl.

– Kva gjer de dersom de har bomma, og feilen ligg ein annan stad?

– Då må vi søkje vidare, svarer Nordahl.

Sju kilometer utan vatn

Det bur fleire hundre innbyggjarar langs den om lag sju kilometer lange strekninga som no er råka av vassbrotet. Mellom anna ligg det også ein gard her, som no står utan vatn. Der er kommunen i ferd med å setje på plass ein vasstank.

I tillegg er det sett ut fire andre 1000-literstankar på strekninga Flatset – Amundøya.

– Vi veit ikkje når vatnet er tilbake. Men vi håper det skjer raskt, seier Petter Ingeberg i Kristiansund kommune.

– Kan folk bli ståande utan vatn i jula?

– Nei, det trur eg ikkje.

Seint søndag ettermiddag hadde dei arbeidande fått lokalisert lekkasjen og var på veg for å reparere.

NRK følgjer saka.