Hopp til innhold

Måtte flykte frå skredet: – Det var så mørkt, og vi var så redde

13 personar frå fem hus er framleis evakuerte etter at det gjekk eit jordskred i Sunndal på Nordmøre laurdag kveld. Geologar er no på plass for å undersøke skredet.

Bilder av huste til Ellen Dragset etter jordskred på Grøa i Sunndal.

TATT AV SKREDET: Skredet tok med seg inngangspartiet til Ellen Dragset. I bakgrunnen kan ein sjå gardintrappa dei brukte for å kome seg ut av huset.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det vart ein dramatisk laurdagskveld for Ellen Dragset (76) som måtte flykte frå heimen sin då det gjekk eit jordskred på Grøa i Sunndal.

– Det røska i huset. Eg skjønte ikkje kva det var, men svigersonen min sa det med ein gong, dette er jordskred, seier ho.

Ellen Dragset blei evakuert etter jordskredet på Grøa i Sunndal. Skredet gjekk like ved huset hennar.

Ellen Dragset veit ikkje kor store skader det er på huset hennar etter skredet.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Ho hadde besøk av to døtrer og mennene deira, og saman måtte dei sleppe alt dei hadde å flykte frå skredmassane.

Skredet hadde tatt med seg inngangspartiet til Ellen. Dei fekk opp ytterdøra, men måtte klatre over rekkverket på verandaen for å komme seg vekk.

– Det var så mørkt og vi var så redde, seie ho.

Ho veit ikkje kor mykje skade det er på huset, men seier at bilen til dottera vart teken med skredet.

Bil tatt av jordskred på Grøa i Sunndal.

Bilen som stod ved huset til Ellen Dragset blei tatt av jordskredet.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
Jordskred på Grøa i Sunndal

Skredet skal vere 3–4 meter høgt, 12 meter breitt og består av jord, stein og tre.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
Jordskredet på Grøa i Sunndal har gått like bak huset til Ellen Dragset.

Jordskredet gjekk like ved huset til Ellen Dragset.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
Mykje vatn etter jordskredet på Grøa i Sunndal.

Det er mykje vatn i området.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Usikker når dei evakuerte får flytte heim

Totalt blei 13 personar i fem hus evakuert. Det er framleis usikkert når dei evakuerte får flytte heim. Kriseleiinga i kommunen samla seg klokka ti søndag for å diskutere situasjonen. Jordskredet på Grøa gjekk like før klokka 23.30 laurdag kveld.

Multiconsult undersøker ras på Grøa i Sunndal med drone

Geologane frå Multiconsult bruker drone til å undersøke raset.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Geologar frå Multiconsult var i 13.00-tida på plass i Sunndal. Dei skal no undersøke skredet ved hjelp av drone.

– Så får vi høyre kva dei seier og vurdere når det kan vere trygt for dei evakuerte å flytte tilbake, seier ordførar Ståle Refstie.

Det er så langt ikkje meldt om at nokon skal ha blitt fysisk skadd i hendinga.

– Nokre blei innlosjerte hos venner og slekt, medan andre blei plassert på hotell. Omsorgsberedskapsgruppa vår var også på plass for å hjelpe dei. Det er klart at både for dei som fekk jordmassar nesten opp på trappa, og for dei som blei evakuert midt på natta, så er det traumatisk, seier Refstie.

Brannvesenet

Alle naudetatane rykte ut etter at det gjekk eit jordskred ved Grøa i Sunndal laurdag kveld.

Foto: Ole Erik Loe

– Utriveleg

Skredet skal vere 3–4 meter høgt, 12 meter breitt og består av jord, stein og tre, opplyste politiet til NRK laurdag kveld.

Per Bakken bur om lag 200 meter frå der skredet gjekk og måtte evakuere saman med familien sin. Dei er no innlosjert på hotell.

– Det er utriveleg. Ein må ha respekt for slike ting. Eg var førebudd på det, då bekken vart som stor som den gjorde. Ungane går berre i pysjen og slagstøvlar, seier han.

Jordskredet skal ha gått inn mot husa, men ingen av husa i området skal ha blitt tatt av jordskredet. Una Marie Eines Walseth var heime, men oppdaga ikkje skredet før ein frå brannvesenet banka på døra for å be ho om å evakuere.

– Eg pakka raskt saman det viktigaste og køyrde saman med kjærasten min til skulen. Der møtte vi andre evakuerte naboar, politi og helsevesen, fortel ho.

Mora hennar, Lone Eines, var vekke på tur då ho fekk melding om det som hadde skjedd.

Anita Moen er på plass i dag for å sjå på skadane etter raset i Sunndal.

Anita Moen er på plass for å sjå på skadane etter skredet.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Vi har budd der i 12 år, men aldri opplevd noko liknande, seier ho.

Eines fortel at dei er spent på å sjå huset og korleis det ser ut rundt, men at dei har fått melding om at det ikkje skal vere skader på huset.

Anita Moen var på jobb då ho fekk telefon frå dottera si om at det rasar rett ved sidan av huset der dei bur. Dottera Kristi var i huset saman med far og bestefar.

– Det var ikkje så kjekt å vere på arbeid då, seier ho.

Fryktar fleire skred

Idrettsparken i same området blei også sperra av laurdag. Ordførar Ståle Refstie seier dei er førebudd på at det kan gå nye skred.

Ordførar i Sunndal Ståle Refstie er på plass ved jordskredet på Grøa i Sunndal.

Ordførar i Sunndal, Ståle Refstie, var søndag på plass for å undersøke jordskredet.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Vi bur under bratte fjellsider og det har vore ekstremt mykje nedbør, så det kan gå skred på nye stadar. Vi følgjer nøye med, for det er klart det er ei bekymring når det har kome så mykje nedbør.

Refstie seier at dei store vassmengdene har skapt fleire problem og at gårsdagen og natta har vore krevjande.

– Ein ting er raset på Grøa, men vi har hatt mange situasjonar med vegar som har fløymt over og høgt grunnvatn som gjer at vi har mange som har fått vatn inn i kjellarane sine, seier ordføraren.

– Det er ein situasjon som har eskalert, så vi sitt igjen og føler at det kanskje var litt dårleg varsla. For vår del har dette vêret vore minst like ille som «Gyda», held han fram.

Skred fleire stadar søndag

Like etter klokka 11.00 har det gått eit jordras framfor eit hus ned mot elva Måna i Måndalen. Ifølge politiet skal verken personar eller hus vere skadd. Skredet skal vere om lag 15 gonge 15 meter stort.

– Seks personar frå to hus er evakuert etter skredet. Kommunen er varsla og vil jobbe med innkvartering dersom det er behov, opplyser politiet.

NVE er varsla og vil prøve å sende ekspertise til staden for vurdering.

Eit jordskred i Måndalen i Rauma kommune.

Skredet i Måndalen.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Søndag morgon gjekk det også eit jordras over Bøfjordvegen i Surnadal. Det var ingen bustadar i området, men vegen blei stengt i ei periode. Klokka 15.00 melder Statens vegvesen at vegen er heilt opna igjen.

Store nedbørsmengder

Det var også hektisk tidlegare på laurdagskvelden for brannmannskapa på Nordmøre i Møre og Romsdal. På grunn av store nedbørsmengder har elver fløymt over, og store vassmengder har trengt seg inn i fleire bustader.

– Det er veldig mange hus der det har kome inn grunnvatn, sa brigadeleiar Lars Grødal i brannvesenet i Sunndal til NRK laurdag kveld.

Vann i kjeller Sunndal

Vatn i kjellar på Nordmøre.

Foto: Ole Erik Loe

Han kunne fortelje at vatnet stod fleire centimeter oppover veggane i fleire hus, og at det var vanskeleg å få kontroll fordi det stadig kom meir vatn.

Dei måtte difor be om hjelp frå kollegaer i Molde.

Lars Grødal

Brigadeleiar Lars Grødal i Sunndal hadde mykje å gjere laurdag kveld med å hjelpe folk.

Foto: Ole Erik Loe

Stengde tunnelar

Dei store vassmengdene skapte også problem for Øksendalstunnelen på fylkesveg 62. Tunnelen var stengt i fleire timar fordi det ikkje var mogleg å halde vatnet ute.

– Vi held på å pumpe vatn ut frå tunnelen no, sa brannmeister Lars Grødal til lokalavisa Aura Avis rett før klokka 21.

Ifølgje avisa stod vatnet då omtrent ein halvmeter inne i tunnelen.

Først like før midnatt blei tunnelen opna igjen.

Tidlegare laurdag kveld var også Gyltunnelen i nabokommunen Tingvoll stengt på grunn av mykje vatn

Brannmester Lars Grødal

Brannmeister Lars Grødal seier dei jobbar for å få vatnet ut av Øksendalstunnelen. Det er svært vått i området laurdag kveld.

Foto: Ingrid Ellevset / Aura Avis

Farevarsel

Det blei sendt ut farevarsel om svært mykje regn både i Trøndelag og Møre og Romsdal før helga

Farevarsel fra Meteorologisk institutt

Svært mye regn er venta i Trøndelag og Møre og Romsdal

Stengt flom ludamo

Mykje nedbør førte til stengde vegar i Melhus fredag.

Foto: Tor Arne Granmo

I Trøndelag blei det lagt ut sandsekker og bygd opp vollar for å hindre fleire overfløymingar etter at elva vaks fredag. Laurdag fløymde elva Sokna over og sperra ein fylkesveg. Minst 22 personar blei sperra inne på grunn av flaumen. Og fleire kjellarar var fulle av vatn.