Hopp til innhold

Varetektsfengsla etter valdtekt

Ein mann i 20-åra frå Møre og Romsdal er fengsla i ei veke med brev- og besøkskontroll. Politiet meiner han har gjort seg skuldig i valdtekt av eit barn under 14 år, og vil sikre seg at mannen ikkje påvirkar vitne. Det er også tatt beslag i to mobiltelefonar som politiet vil gå gjennom.

Mannen blei pågripen av politiet torsdag.