Hopp til innhold

Opplevde nestenulukke for andre gong

Då passasjerane vart kalla på dekk med redningsvestar forstod Markus Kjøl Nilsen alvoret. Ferja var på veg rett inn i skjera.

Markus Kjøl Nilsen var ein av dei 34 passasjerane om bord på ferja «Stordal» som fekk motorhavari på Talgsjøen mellom Kristiansund og Tustna fredag morgon.

Markus Kjøl Nilsen var ein av passasjerane om bord i ferja som heldt på å grunnstøyte.

Markus Kjøl Nilsen var ein av dei 34 passasjerane om bord på ferja «Stordal» som fekk motorhavari på fjorden i dag tidleg. Passasjerane merka at maskina byrja å ruse og så stansa ferja heilt. Då passasjerane vart kalla opp på dekk og fekk delt ut redningsvestar, forstod dei at det var alvor.

– Vi såg at det var meir kritisk enn vi trudde. Vi var ganske nært land, seier Markus Kjøl Nilsen.

Var anspent

Han innrømmer at han var litt anspent der han stod i mørket og såg at ferja nærma seg fjøresteinane. Han var likevel ikkje redd, sidan hjelpa kom så fort.

– Lykka var at losbåten var så nær. Vi hadde ligge i fjøresteinane dersom ikkje han var der, seier Kjøl Nilsen.

Ferje på slep

Klokka 07.50 fekk Hovedredningssentralen melding om at ferja var i naud. Kort tid seinare var situasjonen under kontroll.

Foto: Eirik Hattrem / NRK

Har opplevd havari før

Hovedredningssentralen fekk naudrop frå ferja klokka 07.50. Dei kalla opp både los, redningsskøyte og helikopter. Losbåten fekk så fort kontroll på situasjonen at helikopteret snudde. Redningsskøyta Erik Bye slepte ferja til land.

Det er slett ikkje første gong Kjøl Nilsen opplever havari med ferje. I fjor heldt ferja «Veøy» også på å grunnstøyte i sterk vind på same strekning.

– Eg tar ferja kvar dag, så havari er ikkje ukjent for meg. Heldigvis har det gått bra, seier Kjøl Nilsen.

Han ser ikkje bort ifrå at gamle ferjer er grunnen til at slikt skjer og han skulle ynskt at det vart sett inn nyare ferjer på den verutsette strekninga.

Framleis skjelven

Kaptein Kjartan Skarvøy opplevde situasjonen som kritisk. Han er framleis skjelven etter det som skjedde. Ferja var berre 20 meter frå grunnstøyting då hjelpa kom.

–Det var kuling og høg sjø og vi var i naud, seier Kjartan Skarvøy.

Det er framleis uvisst kva som var årsaka til motorhavariet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL