Hopp til innhold

Vanskar med hotell i sentrum

Det er vanskeleg å finne ledig hotellplass i Oslo sentrum, men litt utanfor byen er det ledig plass, mellom anna på Gardermoen.

Radisson SAS Plaza Hotell
Foto: Erik Thomas Ganer / NRK

Tarje Hellebust, administrerande direktør ved Radisson Blue Plaza Hotel i Oslo, vil gjere det dei kan for å skaffe sengeplassar.

– Vi har alt fullt på eit par av hotella, men vi har framleis ledige plassar på Park Hotel på Fornebu som ikkje ligg så veldig langt frå Ullevaal. Så det skulle passe bra.

Hellebust seier det kan bli vanskeleg å skaffe plass i sentrum av Oslo, men i nærområda vil det framleis vere ledig plass.

– I tillegg har vi ledige plassar på to av hotella på Gardermoen gjennom heile helga, seier Hellebust.

I 2009 kolliderte cupfinalen med ein del konsertar og andre arrangement som gjorde det ekstra vanskeleg å finne hotell.

– Sidan den tid er hotellkapasiteten i Oslo auke, så situasjonen er ikkje fullt så anstrengt denne gongen.