Valdtektsdømd får saka opp på nytt

Frostating lagmannsrett har oppheva dommen der ein mann frå Litauen blei dømd til over fem år fengsel for valdtekt, skriv Sunnmørsposten. – Dommen i tingretten er oppheva og han får ny behandling i tingretten, opplyser statsadvokat Magne Nyborg til avisa. Advokat Ole Petter Grythe Hoff prosederte i lagmannsretten på at 40-åringen måtte få saka opp på nytt på grunn av tvil om tolking i eit politiavhøyr.

Tursti i området der valdtekt skjedde
Foto: Arne Flatin / NRK